søndag 19. august 2012

Warberg teiknar og fortel

Godtfolk! Dette er ein høgtidsdag:

Den gode venen, bokelskaren, bergensaren og medstudenten min, Silje Warberg, hev atter kvesst bloggpennen og opna vevritet Stipendiat Warbergs Liv og Bedrifter fortalt af hende selv.

O frygd! Eg ser fram til ordhage utgreidingar um litteraturen og livet (um det er råd å skilja deim åt − heller tvilsamt) i den serskilde siljeske stilen som lite anna kann mæla seg mot. Tvi-tvi! (Her er skort på raudvin (det er då sundag!), men eg lyfter i minsto tekoppen til ein vyrdsam skål for stipendiat Warberg.) 


12 kommentarer:

Engeline sa...

Skål.

Silje W. sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Jeg rødmer fra bak stipendiatpulten, og siden det er der jeg befinner meg blir det skåling i te fra min side også. Men la oss ta et glass rødvin om ikke lenge.

Zeugma sa...

Skål! :D

fridtun sa...

Ja, oss riva i eit glas eller tvo ein gong det høver.

dativfleirtal sa...

skål! (med te)

fridtun sa...

(Ida: Ein gong må me spyrja um me kann koma til Silje og husbonden og smaka på retteleg godt heimelaga øl. Finst ikkje maken.)

fridtun sa...

(Ida: Ein gong må me spyrja um me kann koma til Silje og husbonden og smaka på retteleg godt heimelaga øl. Finst ikkje maken.)

dativfleirtal sa...

det var då valdsamt til mas. får heller verta med på det, då!

fridtun sa...

Det er berre eit triks for å få det til å sjå ut som eg hev mange fleire kommenterande vener en eg hev!

Anonym sa...

Forresten! En gang må dere komme på besøk til meg og Bjarke og drikke øl.

(Paranteser er ikke alltid hørbare.)

fridtun sa...

Godt! Me kjem.