Godtfolk! Ei framhaldssoga er i kjømdi. Med ujamne millomrom skal eg leggja ut sumt som hev med kyn i den norrøne bokheimen å gjera. Her vert ingen tjukk, raud tråd, er eg rædd, anna en at eg tvinnar saman tvo forvitnelege emne: kyn/kynsliv og norrøn tid.
Fyrste bolk: forbod mot kvende i mannsklæde
Eg segjer stundom at eg gjerne skulde havt eit utvekslingsår i millomalderen. Etter å ha lese kapittel 254 i Grágás, den eldste islendske lovsamlingi, er eg heller tviksam. Eg måtte havt langt hår og kjole! I minsto um me skal tru dette utdraget:
«Ef kona klæðiz karl klæðom eþa sceR ser scavr eþa feR með vápn fyrir breytni sacir. þat varðar fiorbaugs Garð.»
(Grágás, tolleg fritt attgjeve etter Vilhjálmur Finsen, 1852: 203f., diplomatarisk utgåva)
Her i umsetjingi til Vilhjálmur (1870):
«Dersom en Kvinde klæder sig i Mandfolkeklæder eller skjærer sit Haar eller bærer Vaaben, for at være anderledes end andre, er Straffen Landsforvisning.»
Vel, eg segjer som Hallstein Bronskimlet d.a.y.: «Fylgj med i neste bolken! No vert det spanande!» Ja, for næste gong skal me høyra um ein kvinneleg konge!
***
Mannsdagen 2022
for ett år siden
5 kommentarer:
Så det var dét du skulle ha Grágás til, ja. Artig sitat, eg gler meg allereie til neste bolken!
(Berre det ikkje bers nedpå kooperativen etter gjær og sukker da, som det oftast gjorde i bolkane hans Halstein.)
Hoho! Ja, Preben M. Sørensen nemner denne bolken av lovi i Norrønt nid, og eg totte det var verdt å sjå nøgnare på saki.
Gjær og sukker vert det ikkje mykje av, er von. Men ein og annan bjønnlasp med fløykjestreng kann du radt venta deg.
Men når dei hadde eit forbod mot det, tyder jo det på at der var ein del damer som kledde seg i mannfolkklede, klypte håret sitt og bar våpen -- eller kva?
Var det lov for eit vanleg menneske å innvende (om enn med spak røyst) noko slikt som: "Ja, men..., eg gjer det ikkje for å vere annleis dei andre, men meir lik meg sjølv", tru?
PES: Um det var "ein del", veit eg ikkje, men det finst sume døme i litteraturen som tyder på visse gjorde det. Det meste kjende dømet er vel «Broka-Aud» i Soga om laksdølane: Mannen hennar skuldar henne - grunnlaust - for å gå i brøker (mannsklæde) og nyttar det som påskot for å skilja seg frå henne. Når ingen av karane i ætti hennar vil hemna, kled ho seg de facto i brøker og væpnar seg og gjev mannen fæle sår. Soga framsteller henne positivt: Ho utfører den hemnen som brørne hennar vanrøkte.
(I næste bolken kjem eit litt annarleis døme)
Ragnhild: Eg hev tenkt det same! Men eg trur ikkje det hadde so mykje å segja på den tidi (utan at me kann vita det for visst).
Legg inn en kommentar