Me hev ein meisbolle utanfor kjøkenglaset.
Feitt og talg og eg veit ikkje kva
sveipt i tunne, lette trådar og fest til glaset
med ein hyssingstump (ein André M.R.-spesialitet).
Det er mykje moro for lite pengar!
Sant å segja er det meir en berre moro.
Det er hugsvaling, sæla, selskap,
det er å - næsten bokstavleg tala - få natturi
inn gjenom vindauga. Det er å sjå livet
sprala og falda seg ut, midt i hausten.
Veit de kor mykje gleda slike småfuglar ber med seg?
Desse fjørlette fjøruge fjørballane -
berre syni av deim kveikjer utslitne studentskallar
og seine, blytunge hugar vert snarlette som vengeslag.
Hardknytte tankeflokar løyser seg upp i inkje,
berre fordi ein liten skapnad sit og pikkar
på ein feittball. Eit storsyn, eit under!
For der sit dei, so kvike og lette i rørslone,
hakkar litt i ballen med den ørvesle nebbspissen sin,
glytter ikring seg, et meir, vippar på stjerten
og ser seg rundt endå ein gong, et litt til,
skifter stilling, leiter etter ein retteleg godbit,
so til sist lettar dei, og tjoks!
På ein augneblink sit dei burte i hekken
eller sprett og skvett hit og dit nede i graset.
So sælt å sitja ved kjøkenbordet og høyra ljodet av
meisbolle-med-pipip-på-bank-bank-mot-glaset.
Og tenkja: I'm a bird girl / and the bird girls can fly.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
8 kommentarer:
"Det er å sjå livet sprala og falda seg ut, midt i hausten." SPRALA! takk for nytt ord! og eg trur det bar med seg heile meisebollekjensla hit til meg. det eine ordet, då skjøna eg heile gleda.
Ingen beskriver hverdagslykke bedre enn du!
Det Silje sa. Og no bestemte eg meg akkurat for at eg òg vil ha ein meisebolle utanfor glaset når det lir mot vinter.
Og dei ser så venlege og interesserte ut! Eg tek meg i å verte glad fordi fuglen bryr seg om kva eg sit og syslar med ved kjøkkenbordet. Då er me to om å slite eller kose oss!
Ja! Ja! Ja! Småfuglar, altso. Noko so gildt. Berre måten dei snur og vender dette vesle hovudet på - - aiai, det er so eg rivnar av frygd!
Sprala, ja. Norsk Ordbog (IA): sprala, v. n. sprælle, sprætte, vride sig; især om Fisk. B. Stift, Nordl. Nogle St. spræla (er, te). Sv. Dial. sprala, spralla; Eng. sprawl. - Spraling, f. sprællende Bevægelse.
Ja! Dei er så fine, dei små, lubne, bustete fuglane. Eg må nøye meg med larmande måker på andre sida av gata, men det er greitt. Dei er fuglar dei óg, har eg omsider innsett.
Bird Girls go to heaven.
Jeg har en masse meiseboller som jeg en gang skulle selge for SOS Rasisme, og som jeg aldri kom så langt som å bli kvitt. Jeg vet ikke om de fremdeles er brukbare, men hvis de er det, kan dere få.
Ja, dei er òg fuglar, Ragnhild. Kanskje litt store etter min smak, men fuglar er no eingong fuglar.
Ellinor: Det er datostempling på slike bollar, so slikt er det råd å finna ut. Fyrst hengde me upp ein bolle som gjekk ut på dato i fjord(!), men det var fyrst då me hengde upp ferskvare, at etegildet byrja. ;)
Legg inn en kommentar