tirsdag 30. august 2011

samandrag

Dagane dreg seg i hop no,
krøkjer seg saman til små
ballar som berre trillar og trillar,
runde og glatte.
Ikkje som store askar med tid som skal fyllast.
Ikkje som lange linor med byrjing og ende.

Og det er ikkje myrkret.

Nei, det er ikkje myrkret som sig på
og segjer at no kjem det haust, no kjem det vetter,
det er berre å bu seg til fyrst som sist,
no er dei lange dagane farne.
Nei, myrkret kann berre koma,
det er godt for deim
som likar seg i skjol, det, myrkret.

Nei, for dagane dreg seg i hop
når innehaldet æser ut.

Når folk og gjeremål stend som på rekkja,
når meiningsløysa frå juli kjem lenger undan,
når verdi kjem i gang,
når skallen kjem i gang
når det som var burte og i svevn kjem att,
når alt er i rørsla,
når halvsløkte voner vert kveikte

berre fordi:

No byrjar det att.


9 kommentarer:

elise sa...

det er så sælt å vera her,
ei lita stund i fridtun si verd.
korleis passar det vel betre å seie slikt
enn å knota ned eit haltande dikt?
vi stiller nok båe i same båsen:
håplaust hugteken i ivar aasen <3

fridtun sa...

Å, det var då knakande gode vers! Tusund hjarteleg takk. Det er sælt at nokon synest det er sælt her. Velkomi!

elise sa...

haha, takk, og versågod! tenkte eg måtte gjere meg litt flid når eg eingong skulle legge att ei helsing;)

Engeline sa...

Dette, Gullhjerte, er sånt som havner i norskbøkene om en tyve års tid.

fridtun sa...

Haha! Ja, det hadde vore noko. Då fær eg vel eit pent, lite honorar, og det skal eg nytta på ei bytta med kakao til deg og den raudhærde.

Engeline sa...

Gjør det! Åh, jeg liker så godt at du refererer med kjærnavnene mine.

fridtun sa...

Ja - det gjeng heilt av seg sjølv! No vert rett nok -håra/-hårede til -hærd på god nynorsk, men namnet er det same lell. ;)

Engeline sa...

Navnet er det samme - muligens mer riktig når du sier det, ettersom det er skikkelig norsk. Jeg burde nesten kalle henne "Rødhåringen" på kav bergensk, men jeg foretrekker din versjon.

fridtun sa...

Rødhåringen! Ja, eg synest kanskje er det er det beste, eg.