mandag 4. juli 2011

fjellvasskveik

Det er lugomt å eiga hytta attmed eit fjellvatn.

Lugomt av di det gjev gildt og hugsvalande utsyn,
av di det smakar godt (um vetteren borar me hol
og drikk iskaldt, ørblankt vatn),
av di ljodet av svulpande sjø hugtek meg,
av di det er morosamt å skifljuga yver isen på skareføre,
av di far set garn og tek upp gørgod fisk,
av di hunden elskar å køyra båt -

men mest av alt fordi det er so kveikjande
å duppa seg nedi det på tidlege sumarmorgnar.

Det ter seg soleis:

Eg vaknar, litt tung og seig i hovudet
(for fjellufti gjer at eg søv so uhorveleg djupt),
eg smyg meg ut medan småsystrene enno søv som murmeldyr,
eg hiv eit handklæde yver herdi og trippar berrføtt ned åt vatnet
- i all slags vêr. Di verre vêr, di betre!
So av med klædi, ut i vatnet, og so upp att.

På laurdag var det ruskevêr.
Kaldslegt, sur vind med litt regn i, grått allstad,
og i vatnet var det visst drjugt 10 gradar.
Ohoi for ein kveik!

Svevn-ørska kvarv som dogg for sol
då den trøytte, stive likamen kom uti vatnet,
so kaldt at eg heiv etter pusten.
Men blodpumpa vakna og fekk køyrt seg,
og snart var kvar ein likamslut fylt
av nytt, varmt og spildrande friskt blod.
Sansane skjerpte og opna seg,
tankane vart reine og klåre,
og musklane bøygde seg mjukt og lett.
Og uppå land var vinden so sterk
at eg snaudt trong handklæde. Vips so var eg turr!

Morgonlauget er hugsamt på rolege dagar òg.

Då ser vatnet um lag slik ut:








4 kommentarer:

Zeugma sa...

«Fjellvasskveik» er frå no av på lista over favorittorda mine. Å hiva seg uti bitande kaldt vatn etter ein sveitt dag med tursekk - ingenting er som det. Vonar du nyt kvar dag i fjellet like mykje som det ser ut til.

fridtun sa...

Å ja! Eg byrja med kveik, som vart til vasskveik, og til sist fjellvasskveik. Og dét er gode greidor.

Vonar de hadde ei gild togferd!

signe sa...

det høyrest så flott ut. god ferie!

fridtun sa...

Takk det same!