Fordi eg nyleg såg um att den vedunderlege, velspela, smakfulle og umåteleg hugtakande filmen Tipping the velvet (etter romanen av Sarah Waters), og fordi eg samstundes er komi inn i ei Kent-lumma, der eg berre spelar Kent, Kent, Kent og Kent - just som i ungdomsåri - vel, so stakk det meg at ja menn er det mykje tunga i desse Kent-tekstene! («Tipping the velvet» er engelsk 1800-talsslang for noko du gjer med tunga, um de skynjar) Kor som er, eg fekk hug til å samla nokre av tungeversi åt Kent og leggja deim fram her. Alle er ikkje med; berre dei som hugar meg best. So, frå sette- til fyrsteplass:
6. «Som vatten» (frå Kent, 1995) syner at regn og tungor ikkje er so heilt ulike saker:
Regn slickar hela staden
som en fuktig, kall tunga
allt är asfalt, smutsigt vatten
för lycktorna at spegla sig i
5. «Gummiband» (frå B-sidor 95-00, 2000) hev det på tunga:
Och hon stänger sin mun
för att skydda alla orden
hon gömmer dom i tungan en stund
4. «Vintervila» (b-sida frå «Dom andra», 2002) er litt av ei perla:
Hon sjunger kärlekssånger för min hud
Hennes tunga skriver mjuka melodier
på ett ungt bröst där håret börjat växa
först nu
3. So var det «Längesen vi sågs» (frå B-sidor 95-00, 2000). Eg kann ikkje segja anna en at eg elskar det, og at eg fær ei styrlaus trong til å høyra nokon taka namnet mitt i munnen:
Ibland så dör jag litegrann
när du halkar med din tunga
på en bokstav i mitt namn
2. «Kräm (Så nära får ingen gå)» (frå Verkligen, 1996) er rett og slett berre heilt krem, frå ende til annan. Lite kann mæla seg med desse opningslinone: Jag vill ha din ryggrad här / Fäst den i mig. Men so var det denne tunga, då. Haldt dykk fast:
Lägg dig ner i gräset nu
Du är så varm här
Jag vill ha min tunga där
du är, så nära att du blir våt
men så nära får ingen gå ...
1. Vinnaren er, ikkje uventa, «Istället för ljud» (frå Verkligen, 1996). Dette er utan tvil ein av Kent-yndlingane mine. Ja, ein av yndlingssongane mine i det heile, når sant skal segjast. Og dette refrenget er midt i blinken for ein døyeleg forelska, men akk so skaplesbisk, sekstanåring som aldri hev kysst nokon (utanum kysseleik på barneskulen, må vita) og som lengtar grenselaust etter kjærteikn. Fyll min munn og mi tid, vinnarverset talar for seg sjølv:
Fyll min mun med din
Fyll min tid med någonting
Fyll min mun med din
alldeles för kalla tunga
(...og på tunga kjem det slik ein sæl skjelv i røysti hans Jocke Berg)
Elles er det vel teksti frå demoen «Kyss mig som en slägga»[!] (1992-1993) som høver best til Tipping the velvet:
Känner varma dofter av kroppar genom allt tyg
Ögon blå, hon andas rök, min själ, jag tror hon er blyg
Jag nuddar vid ditt bröst, faller på min törst
Hon slår mig med sin röst
Kyss mig hårt (kyss mig)
Kyss mig som en slägga (kyss mig, kyss mig)
Kyss mig hårt (kyss mig)
Kyss mig som en slägga (kyss mig, kyss mig)
*
Mannsdagen 2022
for ett år siden
7 kommentarer:
Du gir meg lyst til å spille Kent og se "Tipping the Velvet" en gang til, på samme tid. Særlig fordi du nevner noen av de beste låtene, og de beste linjene fra dem.
Og fordi jeg liker ordet tunge. Men bare når en smaker det i munnen, for på papiret/skjermen ser det så merkelig hardt ut, synes jeg.
Hoho, ja, lat oss gjera det! ;p
Tunga er eit godt ord. Eg trur det er dette ung-ljodet midt i som gjer det. Det liksom ligg og godgjer seg langt bak i munnen. Men t-en fyrst gjer ordet hardt, ja, i minsto i skrift. Eg er samd på alle punkt!
/Tunge/ er jo ein spanande synekdoke for språk og tale, men òg for kjærleik og erotikk. Kvifor kan dette organet bli nytta om så ymsande ting? Kan du ikkje skriva ei språkspalte om dette? :)
Du hev so rett, so rett. Lingua, tunga - er det fleire? Eg er ikkje so kjend med måli utanfor Norden.
Eg skal sjå um eg greider pønska ut noko! Erotikk hev det vore lite av i spalta, men ein gong må vera den fyrste ;)
Jeg ser for meg ansiktene til dine mange ukjente tilhengere, og særlig ser jeg de ansiktene som har tenkt på deg som en klok, gammel dame, første gang du introduserer erotikk i spalten din.
Oh yeah! Tenkjer dei set kamfer'n i vrangstrupen då, ja!
eg trur Heltinna vil lika erotikk i språkspalta! og eg!
Legg inn en kommentar