Ja, i går flaug eg på skidor att.
Det var sesongdebuten, som 'n far segjer.
Han og eg drog til Budor (Løten), der var det nøgdi med snjo. I skogen heime er det enno snaudt med slikt. No lyt det snart koma meir!
På Budor var det snjo. Og vind.
Snjofall og snjodriv.
Lause og stundom attdrivne løypor, men det gjer inkje.
Me klædde oss inn og langa ut, han fyrst og eg etter.
Å jø, kor gildt!
Berre den kjensla - - å fara som ein føyk
yver mark og knaus, innimillom tre og tuvor, svosj!
Det gjer godt å tøygja og strekkja seg ut,
sparka og spenna ifrå og fjuka fram,
serleg for den som elles sit krøkt yver ei bok
hell eit skrivearbeid.
Bringa blæs og kjakane raudnar i kaldlufti,
far dreg ifrå upp bakken - den gampen!
Skjera seg gjenom skavlar av lette, turre snjokorn,
susa ned og rundt ein sving,
berre vera i jamt sig og fylgja tanken som driv
hit og dit i skallen, fri og lett som snjoføyken.
Me gjeng ikkje for skuld "trimmen",
skal ikkje vinna og rekka noko,
skal ikkje øva oss til noko toskut skidrenn
og greida eit verdlaust skidmerke av eitkvart slaget -
Skal berre kjenna den kjensla, flyten, drivet,
og sitja sveitte i bilen heim att
og vera litt stive og rare
i veikryggen, gleda seg
til næste ferdi, til meir spel og sprel,
på desse skarve fjølene me kallar skidor.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
2 kommentarer:
Åh, nei, no saknar eg skia mine og ferie, slik at ein berre kan ta seg ein tur ut!
Japp. Dét er det fine med å bu attmed "skauen", at det berre er å spenna på seg fjølene, rett nedanfor troppi, og zo leggja i veg. Mm!
Legg inn en kommentar