Dette vesle vevritet heiter Fridtun teiknar og fortel. Det er ikkje so underlegt, med di teiknaren og forteljaren heiter Fridtun. Men kvifor heiter ho Fridtun? Kva tyder Fridtun? Kvar kjem det frå?
Me lyt litt sud og litt vest. Til Flogrendi i Uppstryn, Nordfjord. Der låg det ein gard som heitte Kolbein-bruket, og i snart fire hundrad år hev bruket gjenge frå far til son. Brukarane hev heitt anten Kolbein eller Jon. Kolbein, Jon, Kolbein, Jon, Kolbein, Jon. No er der ein Kolbein. Men 29. september 1867, for snaudt 143 år sidan, kom ein Jon til verdi. I 1895 fekk Jon skøyte på bruket, og då tok han namnet Fridtun. Jon Fridtun. Farfar til min farfar. I Årbok for Nordfjord (1967) skriv Olav A. Loen:
"Han [Jon] hadde då alt i mange år emna på dette namnebytet. I ein song frå 1892, "Heimhug", syng han om "det fagre Fridtun på høge haugen" (1967: 35).
Her skal me merka oss tri ting: 1) Garden Fridtun ligg høgt og fritt i lendet; 2) Jon var skald og målmann; 3) Jon skreiv um heimhug.
1) Det fyrste fyrst:
Garden ligg fint til. Her er fritt og ope, vænt utsyn, til vatnet med bratte lider og høge fjell ikring. Å, de veit, Vestlandet.
2) Dinæst det andre:
Jon lærde seg landsmål sjølv, og var ein heilhuga målmann. Ikkje so heilt ulikt meg sjølv, berre at eg er målkvinna (og at eg lærde litt nynorsk på skulen). Kor som er, Jon var sers uppteken av det norske målet. Dessutan var Rasmus Flo morbroren hans. Rasmus Flo som skipa midlandsmålet i lag med Arne Garborg, Rasmus Flo som var den einaste som fekk retta på målet til Arne Garborg, Rasmus Flo som sette um dei innfløkte skaldekvædi då Steinar Schjøtt skulde gjeva ut Snorre (1900) i norsk målbunad. Rasmus og Jon var nære vener. Og som nemnt var dei upptekne av norskt mål båe.
So var det namnet. De skynar sjølve kva lekken -tun tyder for noko. Lekken frid- i Fridtun hev mange gilde tydingar. Det gamalnorske fríðr tyder millom anna 'væn', 'gild', 'god', 'fredeleg'. Og i Norsk Ordbog (1873) tyder Ivar Aasen ut frid slik: 'deilig, vakker, smuk. [...] lidet brugt, da det her udtales fri og altsaa falder sammen med et andet ord'. Med andre ord: frid er ikkje heilt det same som vårt fri, men ikkje so heilt ulikt heller. Me skal òg merka oss at i "Stein-køyrar-vise" frå 1903, heiter hesten på Fridtun Frida. Han gjorde ikkje noko halvveges, den karen!
Fridtun. Eg tykkjer det er eit gildt namn, jamvel um det er temmeleg ungt og tillaga. Og det synest at ein målmann og skald stend attum det.
3) So var det visone hans, og heimhugen.
Loen skriv at songane som Jon Fridtun yrkte oftast var hugvarme og kjenslerike, men at sume òg var radt skjemtande (1967: 37). Til denne skjemtande flokken kann me fulla rekna "Rjomegrautvise" (1906), her er andre strofa:
Flink var kokken,
god var mokken,
rjomen tjukk og feit.
Hev de' fenge greier
- ja, eg meiner skeier,
upp dei taka,
grauten smaka
no me han er heit.
Millom dei hugvarme og kjenslerika visone kann me rekna "Kan det finnast meir sæle på jordi". Sistestrofa gjeng soleis:
Kan det finnast meir sæle på jordi,
enn når kjærleik tek kjærleik i famn?
Kan der leggjast slik varme i ordi,
som når gjenta di kviskrar ditt namn?
Hennar smil er ein song
med den reinaste klong,
som deg fylgjer og lettar din gong.
Ja, og so var det denne heimhugen. Jon dreiv ei tid og selde målbøker for Mons Litlere, fór ikring i Rogaland, millom anna. Men Loen skriv at Jon var sterk bunden til heimbygdi og fedragarden, og tidt stunda heim. Det ser me greidt i ei visa han skreiv på denne bokferdi si, "Heimhug", frå 1892. Her kjem tridje strofa:
Eg lengtar heim til min fedragard,
det fagre Fridtun på høge haugen
- til djupe gjelet, der oldefar
i myrke kveldar tidt høyrde draugen.
Til bekkjarbrusen
og elvarsusen,
som vekkjer draumar og tankar tusen,
- eg lengtar heim.
Det må vera frå honom eg hev ervt denne tærande heimtråi mi. Eg skal skriva meir um visone hans sidan, for det er mangt gildt der.
Jon Fridtun vart ulækjande sjuk tidleg, og han døydde 16. august 1914, snaudt 47 år gamall. Då laut sonen taka yver garden, berre 16 år gamall. Hau! Men Fridtun-namnet, det skal få liva lenge, er von.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
11 kommentarer:
Å, fantastisk! Navnet ditt - som jeg i utgangspunktet liker så godt - ble nå enda vakrere!
Aha - og det segjer ho som sjølv hev eit spanande etternamn! ;) Takk for godordi. Og so gildt at du legg att nokre ord i det heile! Endå eg veit at du er ein sers fast lesar som les alt, stødt, same kva.
-kf
Men må ein vera nordfjording for å kunna uttala namnet, eller er ikkje det nok, heller?
Njæsj, då. Eg godkjenner mykje, men ikkje "fri'ttun", men stutt /i/. Den i'en skal helst vera lang og tydeleg, og so skal det vera råd å høyra ein slags /d/ innimillom /i/ og /t/. Friid-tun.
Eg godkjenner heller ikkje "fittun", um nokon skulde tru det.
Trivleg lesnad! Namn og historie heng ihop, og det er så fint når ein kjenner båe.
Spennende å lese navnhistorie. :)
Stilig! (Og her går man rundt og bare heter Aune. Lite bloggstoff der, gitt.)
Hoho, takk alle i hop! Aune er då ikkje småtteri! I minsto ikkje med det fyrenamnet du hev attåt. :D :D
Snodig treff! Tante Hilde og eg sto fast på ordet FJOM i kryssordet i Dag og tid, og det fyrste oppslaget i Kvasir var på bloggen din med ei line av O.Hauge.I den same slengen var eg innom den varme forteljinga di om Jon og det vakre namnet han tok.
Helsing Storm
Å, det var ei triveleg helsing å få! Eg visste ikkje at eg trona øvst på fjom-søket. Morosamt! :)
Legg inn en kommentar