Eg såg det koma. Eg såg det!
Eg bida på det. Og eg fagna det då det kom.
Det er den trufaste heimhugen, veit de. Eller heimsykja.
[Heimhug, m. Længsel til Hjemmet; Lyst til at være hjemme]
[Heimsykja, f. Hjemvee. Sv. hemsjuka.]
Kvar gong det dreg seg mot skulefri og heimferd, og mest av alt i dei siste vikone fyre jol, so kjem ei ofseleg diger heimhugklo og mesta klembrar blodet or hjartat på meg. Det er so eg ikkje evlar å gjera noko, segja noko, - men eg gjer då noko lell, og segjer noko, men eg er liksom ikkje her,
ikkje med heile meg.
Eg er ein heilt annan stad,
i eit farbygt hus (ja, det er eit hus bygt av far) med veggjer og golv og tak av varmt tre og gluggar mot ein æveleg fureskog.
Og so er det nokon eg kjenner som bur der.
Nokon eg saknar. Store & småe.
Å ve, den heimhugen.
Dét er lytet med å ha ein so gild og hjartevarm heim å fara til.
Ja, det er eit luksusproblem, dei kallar.
Men det set meg lika fullt or spìl.
So kva gjer eg då? Eg kann ikkje driva å fara burt i horg og heim, att og fram, hit og dit, i minsto ikkje no i eksamensstridi. Nei, det gjeld å gjera det beste ut or det som finst i nærleiken. Eg hev eit par grìp, eller vaksinar, mot heimsykja. No skal de sjå:
1. Surmjølk. De kann flira åt det, men surmjølk er styrkedrykk for hjarta og hug. Kvar gong eg opnar kartongen og slurpar i meg vedunderdrykken, so minnest eg eit fagert hende i barneåri, då eg skulde rista ein surmjølkkartong heime ved kjøkenbordet. Ja, for me lyt rista fyrr en me drikk, les eg på kartongen.
Dette hende: Eg skulde rista kartongen, men eg hadde av uviss grunn opna'n alt fyre eg riste, og no stod han vidopen og då eg riste til var det so surmjølki spratt og skvatt veggimillom.
Det var morosamt!
Og ho mor vart ikkje harm, sjølvsagt, endå ho fekk tjukk og feit mjølk i håret og det var kvitt uppetter veggjer og tak.
Men eg laut turka upp sjølv, må vita.
Surmjølk er reine madeleinkaka! (jf. Proust, veit de)
2. Ulljakka. Mor hev ei ulljakka som eg hev hjå meg i Nidaros. Eg undrast um ikkje ei utav farsystrene mine hev spøta henne. Mor gjekk stødt i den kufta fyrr, alljamt, då eg var ein liten sprett med ei verd som snaudt strekte seg til grasgarden ute. Den jakka er mor. Og det gilde med å klæda seg i ulljakka og drikka surmjølk samstundes, er at tvo tider eller tvo aldrar støyter i hop, eller rettare: glid varsamt inn i einannan.
For: surmjølk = barn,
ulljakka = ein vaksen (mor),
so når eg sit i jakka og drikk surmjølk so er eg både liti og vaksi på same tid. Godt, det er just slik eg kjenner meg. Korkje det eine eller andre, men båe.
3. Golvet. Ungar leikar på golvet. Heimhug heng i tett i hop med barndomslengt. So, det gjeld um å sysla med saker på golvet. Sjå Jul i Svingen på golvet, til dømes. Pakka inn jolegåvor på golvet. Liggja på golvet og tala med mor og veslesyster i telefonen. Lesa litteraturteori på golvet. Sitja under skrivebordet og berre kjenna frygdi breida seg ut i heile lìkamen. Golv er gaman.
4. Godnattsogor. Me er fulla mange som las Den store godnattboka (Bokklubbens Barn) då me var småe. Eller, vart lesne for, då. Alle sogone i den boki, og i ser yndlingssogone, dreg tankane mine med seg til den velkjende sengekanten og foreldrerøyst og godegodegode kveldar. Einaste vansken med lesing på sengi var at mor og far ofta sleit med å koma helsuge ut or barneromet, for legoklossane låg tett på golvfjølene.
De skal få sjå koss vaksinane ser ut:
Forfattaren ligg på golvet iklædd strikkejakka og les godnattsogor og HEV SURMJØLK I GLASET.
Tru det eller ei, men heimhugen stilnar.
***
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
13 kommentarer:
Dette var godt å lese! Du skildrar denne kjensla så vel, denne heimlengta som eg ikkje har vore særleg plaga med før men som no den siste veka har kome i overveldande bøljger. Eg byrjar å gråte når eg pratar med mor i telefonen eller ser bilete av Lom med snø eller høyrer dei rette julesongane. Eller når eg faktisk berre et klementiner, for då tenkjer eg på det særskilte fatet som heilt sikkert står på stovebordet til bestemor no, fylt av klementiner.
Du er heldig som har vaksiner. No skal eg leggje meg på golvet.
Å, takk for slike go'ord, Ragniiil. Det er slik det er, nett so, det trengst ikkje meir en nokre småe glimt av noko kjent og kjært -(Lom med snjo) eller tanken på småe, viktuge ting (som fatet) som finst der HEIME og er JUST SOM FYRR, berre at du sjølv ikkje er der - so finn hugen og hjartat det for godt å tuta og tyngja og berre vera vrange. Men so vert det godt å koma heim òg, ja, for du skal vel heim til sist?
Og eg lyt strika under at det berre er vaksinar. Dei kann verna godt, og det er fåe sideverknader ved dei, men det svid litt i armen der dei vart sette.
God advent, R!
-kf
Akkurat: JUST SOM FYRR, just slik det har vore kvar desember i 20 år! Du er så flink med orda du, kristin.
Eg skal heim om ei veke og seks dagar :)
Ha ein god advent, du òg.
http://kennethsivertsen.no/images/eg_vil_heim.mp3
Jeg misunner din evne til å lengte hjem et sted, akkurat nå lengter jeg mest bort, og vet ikke hvor. Akk! Mitt liv er en uendelig brevroman, mistenker jeg.
Ah.
1. Brevromanar kann vera temmeleg kjekke.
2. Lengten min hev ei baksida: Han tek aldri slutt, ikkje eingong når eg kjem dit eg lengtar.
Men eg er utan tvil samd i at det må vera betre å ha lengten retta mot eit mål, en å lengta mållaust.
Kva med å lengta til ei årstid? Våren skal vera fin, hev eg høyrt, og han kjem anten du vil eller ei.
eg har og lyst heim. endå eg har pendla heim for å jobba dei to siste helgene og det ikkje er langt dit eller noko. men det er betre enn her, sjølv om eg må sova på rom med eine bror min fordi eg ikkje har noko eige rom lenger.
eg har òg ei slik "ulljakke", berre at mi er eit sjal eg har lånt, og som framleis luktar slik som mor mi (før ho fekk den litt idle parfymen ho brukar no). so har eg mange heima-småting, ein peparkatt med bjølle av same slag som bestemor sine, og eit mjølkeglas som er likt bestemor sine. det er tilogmed ei trøyst å ha lik kaffikanne som dei heime.
godnattboka hadde me òg! men den vart så hardt brukt at den gjekk i oppløysing før eg vart stor nok til å lesa ho sjølv :-/
Å, ja, du skildrar det just som det er - jø kor mykje trøyst det kann vera i eit kjøkenglas hell eit sjal. Det er som å hava ein bit av heime hjå seg. Det er neimen ikkje greidt å vera vaksi og greida seg sjølv.
(PS. Eg hev enno romet mitt eige, men eg insisterer på at veslesyster skal liggja der i lag med meg, me legg madrassar utyver golvet og hev det svært so gildt og gjævt. Det er mesta som å ha pyjamasparty kvar kveld)
-kf
Takk for ei flott skildring!
Nå blei jeg varm inni meg :)
Åå, hjarteleg takk, Linemor! Det er betre at du er lun og varm, en at surmjølki er det! ;p
Surmelk! Åh, Kristin, jeg elsker deg!
Du gjør hjemlengt til noe vakkert. Det er ingen liten bragd.
Å, Engelingeline (fær eg kalla deg det?) - no vart eg hjartans GLAD! Heimlengt kann vera noko fint, noko vænt. Og so er det dette med melankoli og skaparkraft, veit du, det kann koma mykje fint utor slikt. ;)
Melankoli og skaperkraft og Tove Jansson, ja visst! Den eneste andre som skriver om melankoli slik at det blir virkelig fint, er nemlig den damen. Og du, Gullhjerte, kan kalle meg akkurat det du føler for.
Legg inn en kommentar