Me var ein liten nordistflokk som fór upp i fjelli sist helg. (Kvernmovollen, heiter det visst, der me budde.) Det skal eg helsa og segja var gilde saker! Å berre stræna kringum i lyngen utan ein einaste bokstav framfyre auga - - det er godt med ei liti kvild frå lesteren stundomtil. Gjera heilt handfaste ting som å heimtaka vatn og koka mat på vedomn. Drikka kaffien ute på ein halvmorken stubbe. Sjå lauvet rodna di høgare upp ein kjem.
Men det er ikkje med mothug eg set meg ned med bøkene att, nei beint imot, med ny kraft og eld i bringa! Og bilæte hev eg òg, som de kann sjå:
Ei retteleg dassdør med hjarta i.
Utsyn.
Fridtun i slag. Attum ser de det vesle vatnet Skjulungen, som André og eg bada i.
Dæ va godt dæ gett!
Mannsdagen 2022
for ett år siden
4 kommentarer:
Da håper jeg det var intet annet enn goretex på beina? (;
Det stemmer! Eg trur alle hadde goretex. Eller drivande gode skinnskor (det er visst det som er best, segjer villmann Lars Monsen. Goretex-membranen kann jo gå sund, og då lek skorne som ei sil)
Og me hadde gørsex i myra, alle saman.
Å HERRE! Ja, det hadde me. Ein treng ikkje høgfjellshotell med fine boblebad for å trivast på tur.
Legg inn en kommentar