lørdag 26. februar 2011

kjærleik: jónsi

Fyrre vika hende noko: Nordic Music Prize vart gjeve ut for fyrste gong, det var medan by:Larm 2011 stod på. Storfolk som Robyn, Susanne Sundfør og Dungen var kandidatar, men dei vann ikkje.

So, kven vann?
Det gjorde Jónsi,
med albumet Go (2010).

Jónsi, Jón Þór Birgisson, Jón-si.



Å, Jónsi, Jónsi, han hev vore min store kjærleik sidan seinhausten 2008. Fyrst då - skam å segja! - uppdaga eg kor gjævt eit band Sigur Rós er. Betre seint en aldri, og betre sterkt en veikt. Og Sigur Rós tok meg so sterkt og skok meg so hardt at eg enno ikkje er komi yver det. Kva hev eg høyrt på etter det? Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós - - og slik held det fram.

Kvifor vart eg gripi nett då?
Veit det ikkje.

Eg hadde prøvt å lyda til musikken fyrr òg, men det feste seg liksom ikkje.
So kom far med noko han hadde kaupt av di det var skrive slikt moromål (islendsk) på omslaget, og då, umsider, kom eg inn i det og vilde ikkje ut att.

Eg kann lovprisa Sigur Rós i all æva, men det skal eg ikkje. Ikkje no. Det var Jónsi eg skulde - og skal - skriva um.

Det er noko so gildt og fengslande med heile karen. Utan at eg kann setja fingeren på kva det er. Han er visseleg eit musikalskt flogvit, men det er noko meir òg, noko som hev med sjølve skapnaden og framferdi å gjera. Kann henda er det so lett som at han er homofil. Visst er eg veik for homofile gutar. Serleg gutar du ikkje kann sjå det på. Det er fulla ikkje snildt å segja det slik eg segjer det no, men eg tykkjer homofil kjærleik er mykje finare en heterofil kjærleik. Orsak alle trufaste heterolesarar. Men kar og kona, det er liksom so gjengs og greidt og vanlegt at det mest som er utslite. Det rører meg ikkje å sjå ei gut og ei gjenta i hop, endå so fine dei kann vera saman. Men er det tvo gutar hell tvo gjentor, då kjem den store, varme hjarteskjelven.

Difor: Jónsi og Alex må vera noko utav det vænaste i verdi.
Og albumet deira, Riceboy Sleeps (2009), er minst lika vænt som dei er.

Men det må vera meir òg, med Jónsi. Kann henda er det berre det å vita at den hugtakande musikken liksom hev utspringet sitt i denne lange, granne likamen. At det er han som hev smidt i hop ordi og ljodi som tek meg so, at det er munnen hans som ber fram ordi og fingrane hans som glid yver gitarhalsen, og fram kjem desse tonane som eg må høyra på, heile tidi.

Og sjå på. Det beste er næsten å sjå filmar og upptak med'n. Eg hev set karen so mykje no at eg hev teke til å røra hovudet på same måten som han, når eg høyrer songane hans. Og andlitet hans, som ser so pint og vride ut når han syng dei finaste bitane av den og den songen, og når han dreg cellobogen sin yver gitarstrengane so det kvin og grin um einannan, ja då...då er eg i sjuande himmelen.

Hev eg sét honom? Ja, ein gong i Reykjavík. Me var ein gjeng som gjekk ut frå ei skjenkjestova (der Björk var platesnurrar, forresten), og i augnekråi såg eg, der på gata, midt i den ljose sumarnatti, ein lang kar i raud t-skyrta som helsa nokon med eit blidt "Blessaður!". Trur du ikkje det var han, du! Sume i fylgjet gjekk innatt og tala ved karen, men eg gjekk heim og lagde meg og var nøgd med at eg såg'n. Såg at han fanst og at han var ein heilt vanleg kar, av kjøt og blod, med raud t-skyrta.


Go do heiter hiten frå Go. Gakk og høyr, segjer eg.

onsdag 16. februar 2011

januar 2011

Januar var ein undersam månad. Den mest undersame eg kann minnast, trur eg. Han var so sprengfull og stinn, januaren, so stuva og stappa at ein stakar snaudt fekk anda. Det var mest som alt skulde henda då. Alt. Prov: Det vart so mykje at den arme studenten reint gløymde å svara husleiga si. Dét hev aldri hendt fyrr!

Januaren 2011 var kje snaud, nei. Skal tru korleis dei næste månadene kjem til å sjå ut? Januar hev som kjent namnet sitt etter den romverske guden Janus. Han var gud for inngang og byrjing. So då undrast eg: Kva hev eg gjenge inn i? Kva hev byrja?

Januar:

Her var undersame ferder i bokheimen.
Her var undersame ferder med skidor under føtene.
Her var undersame ferder med tog i Øysterdalen.

Men mest var det undersame ferder millom folk.

Møte med kjende, ukjende og halvkjende. Fekk tala ved sume eg berre hadde høyrt gjete. Fekk tala ved sume eg berre kjende gjenom skrift. Fekk tala ved sume eg hev tala ved tusund gonger fyrr, men denne gongen um nye emne. Fekk tala ved sume eg ikkje visste fanst.

Mange kom inn, eller lengre inn, i livet og tidi mi. Éin gjekk òg ut. Ut or seg sjølv og si eigi tid. Andre livna til ved gledelege umskifte i livet sitt. Umskifte som eg ikkje var med i sjølv, men fekk skoda frå utsida. Ei truloving. Ein elskhug som endeleg loga upp. Ei som endeleg fekk godt og fast arbeid. Og hjå meg sjølv: Draumvovne hugsyner fekk ein drope røynd i seg.

So mange samtalar og samkomor, so mykje samstræv og samhug. Ikkje til å undrast på at eg skreiv ein språkstubb um fyrefestet sam- i februar.

Folk, segjer eg. Folk.

Januar 2011 stadfeste dette:

Det er råd å vera glad i både einsemd og folk.

Som sagt: Ein undersam månad.

Og no er han fyrrtid.

søndag 13. februar 2011

fyr i fritt flog

Sist fredag hende noko stort:
Ein kar hoppa lenger en nokon annan hev gjort.
Med tvo flate fjøler som einaste hjelpemiddel,
flaug herr Remen Evensen heile 246,5 meter.

Det er langt.

Sjølv greidde eg snaudt 110 meter. Det er berre barnematen.
Endå syntest eg at det var eit langt flog. Mange sekund i lause lufti.
Sume undrast um hopparar tenkjer noko medan dei ligg der og flyg.
Ja, det gjer dei. Tankane flyg, dei med.
Og dei hev mykje tid å fljuga i, når floget er so langt som 246,5 meter.

Um du gjeng hit, kann du sjølv sjå korleis det er å hoppa i den største bakken i verdi. Sterke saker!

fredag 4. februar 2011

kefir & tran

Eg les Slipp ham inn!, livssoga til Kjell Aukrust skrivi av Aukrust sjølv. Det er fulla andre eller tridje gongen eg les boki, men eg flirer lika mykje no som fyrste gongen. I går var det serleg éi soga som løyste låtten i meg. Ho høver sers godt i dag, for snart kjem det gjester til huset, og det vert radt eitkvart sterkt å drikka. Soga gjeng soleis:

Mens Bror min feiret dagen [17. mai] med studenterlue og dusk blant akademikere, feiret jeg den med hybelkunstnere i Nordahl Bruuns gate. Vi bar Kunst- og håndverksskolens grønne Rembrandt-lue med pensel i, og Nyco-flaske på baklomma med Silver Tail. En penselsvinger og bassanger fra Lillehammer satt inne med interessante selskapstips: Drakk man kefir og tran på forhånd, var det rent utrolig hva man tålte av gin.

Det holdt ikke stikk med Silver Tail. Blandingen gjorde galt verre. Da vi senere sang flerstemt på Sankthanshaugen, følte han seg uvel. Det var noe som hadde ostet seg inni'n og måtte opp. Ut av munnen sto kefirflaka som et tett og stemningsskapende snøvær. Folk under grønne maitrær stoppet undrende opp: Gikk den vårlige sanger fortsatt med vinteren i seg?


Ah, denne sermerkte, aukrustske tonen.

onsdag 2. februar 2011

god dagen

På tide å setja um nokre Sigur Rós-vers att.
Denne gongen: Góðan daginn.
"Góðan daginn" er vanlege helsingsord på Island, slik "go'dagen" er her.

Og Góðan daginn er ein utav dei gildaste songane på plata med með suð í eyrum við spilum endalaust ('med sus i øyrom spelar me endelaust') frå 2008. Burt, burt med det kalde, inn med det varme. Berre det å opna ein song med desse ordi: Eg sende soli på deg. Å gjera det ljost og lognt for den som sit i kjøld og myrker. Det er ein god dag.

Umsetjingi er ikkje heilt påliteleg, for det er sume ord eg ikkje fær tak i. Endå vonar eg de ser kor gjævt verket er. (Eg læt rim-mynsteret sigla sin eigen sjø.)

eg sende soli på deg
seint ein sumardag
varmegradane gror
og ganglaget vert snøggare
skin i andlitet, varme
det er retteleg dag
burt, burt med deg, sky

ja, burt ut på havet
der som sjøen fløder
og isen brånar

me spelar endelaust
burte no, avklædde
dei opne såri gror

me spelar endelaust
soli styrer
kveikjer upp, sprengjer ljosperor
? badar i reine geislar

god, å, god dagen
eg riv or deg isflak
og jøklar
og skare
og kastar det ut på havet
der som sjøen fløder
og isen brånar

me spelar endelaust
soli styrer
kveikjer upp, sprengjer ljosperur
? badar i reine geisar

søndag 16. januar 2011

hugleik

Det hev vore reint for mykje hjärta & smärta og anna kjenslegrums her den siste tidi. No skal lesaren få litt å prøva seg på! Aktivisering, heiter det radt.

Eg er som kjent sers veik for hug-ord. Sagt med andre ord: D'er hugnad i ord med hug i! Dei gamle skaldane var òg veike for hug-ord. Skriftene deira fløymer av hug. No skal de få lauga dykk i det same. Og berre so det er sagt: hug kann tyda mangt og mykje, millom anna 'tanke, sinn, lyst, mod, lynde, stemning' og dilikt. Eg plar tenkja at hugen, det er alt som er inni, både i hovudet og i bringa. Hugen er alt det som ikkje er handfast; han er alt det som sviv og driv inni oss, det me liksom kann sjå og kjenna på innsida. Hugen er ei underleg ovring.

Uppgåva er ikkje vanskeleg i det heile: Her kjem fem hug-ord (i vilkorleg fylgd) med tyding attåt. De skal stilla upp ordi på den måten at ordi de likar best er 1, det næst beste er 2, og so burtetter. Det er ikkje naudsynt å koma med grunngjeving for kvifor de gjorde det slik og slik, men de må gjerne gjera det. Her er ordi:

hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt
hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for
hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
hugsviv - innfall, tanke
hugbera - tenkja på, hava godhug for

Til lukka!

Og elles: Ordi hyggje og hyggjeleg er avleidde av hug. Difor byd eg at de hyggjer dykk med uppgåva!


Og elles II: Dei kjende ramnane til Odin heitte Huginn (Hugen/Tanken) og Muninn (Minnet). "Hugen fer so vida", som det heiter hjå Ivar Aasen.

fredag 17. desember 2010

skidløyping

Ja, i går flaug eg på skidor att.
Det var sesongdebuten, som 'n far segjer.
Han og eg drog til Budor (Løten), der var det nøgdi med snjo. I skogen heime er det enno snaudt med slikt. No lyt det snart koma meir!
På Budor var det snjo. Og vind.
Snjofall og snjodriv.
Lause og stundom attdrivne løypor, men det gjer inkje.
Me klædde oss inn og langa ut, han fyrst og eg etter.

Å jø, kor gildt!
Berre den kjensla - - å fara som ein føyk
yver mark og knaus, innimillom tre og tuvor, svosj!
Det gjer godt å tøygja og strekkja seg ut,
sparka og spenna ifrå og fjuka fram,
serleg for den som elles sit krøkt yver ei bok
hell eit skrivearbeid.

Bringa blæs og kjakane raudnar i kaldlufti,
far dreg ifrå upp bakken - den gampen!
Skjera seg gjenom skavlar av lette, turre snjokorn,
susa ned og rundt ein sving,
berre vera i jamt sig og fylgja tanken som driv
hit og dit i skallen, fri og lett som snjoføyken.

Me gjeng ikkje for skuld "trimmen",
skal ikkje vinna og rekka noko,
skal ikkje øva oss til noko toskut skidrenn
og greida eit verdlaust skidmerke av eitkvart slaget -

Skal berre kjenna den kjensla, flyten, drivet,
og sitja sveitte i bilen heim att
og vera litt stive og rare
i veikryggen, gleda seg
til næste ferdi, til meir spel og sprel,
på desse skarve fjølene me kallar skidor.