søndag 16. januar 2011

hugleik

Det hev vore reint for mykje hjärta & smärta og anna kjenslegrums her den siste tidi. No skal lesaren få litt å prøva seg på! Aktivisering, heiter det radt.

Eg er som kjent sers veik for hug-ord. Sagt med andre ord: D'er hugnad i ord med hug i! Dei gamle skaldane var òg veike for hug-ord. Skriftene deira fløymer av hug. No skal de få lauga dykk i det same. Og berre so det er sagt: hug kann tyda mangt og mykje, millom anna 'tanke, sinn, lyst, mod, lynde, stemning' og dilikt. Eg plar tenkja at hugen, det er alt som er inni, både i hovudet og i bringa. Hugen er alt det som ikkje er handfast; han er alt det som sviv og driv inni oss, det me liksom kann sjå og kjenna på innsida. Hugen er ei underleg ovring.

Uppgåva er ikkje vanskeleg i det heile: Her kjem fem hug-ord (i vilkorleg fylgd) med tyding attåt. De skal stilla upp ordi på den måten at ordi de likar best er 1, det næst beste er 2, og so burtetter. Det er ikkje naudsynt å koma med grunngjeving for kvifor de gjorde det slik og slik, men de må gjerne gjera det. Her er ordi:

hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt
hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for
hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
hugsviv - innfall, tanke
hugbera - tenkja på, hava godhug for

Til lukka!

Og elles: Ordi hyggje og hyggjeleg er avleidde av hug. Difor byd eg at de hyggjer dykk med uppgåva!


Og elles II: Dei kjende ramnane til Odin heitte Huginn (Hugen/Tanken) og Muninn (Minnet). "Hugen fer so vida", som det heiter hjå Ivar Aasen.

10 kommentarer:

dativfleirtal sa...

hoi, eit oppdrag til! her: http://nettnerding.wordpress.com/2011/01/16/teikning/

Silje W. sa...

1) hugsviv - innfall, tanke
2) hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
3) hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt
4) hugbera - tenkja på, hava godhug for
5) hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for

Ragnil sa...

1) hugbera - tenkja på, hava godhug for
2) hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
3) hugsviv - innfall, tanke
4) hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for
5) hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt

fridtun sa...

Å jø! Eit eige innlegg, dativfleirtal, det var kje verst! Og med grunngjeving attåt.

Og Ssssilje er veik for hug-ord med /s/ i, ser eg. Typiskt! :)

Skjegg-Ragnil: Det er godt at du likar hugbera godt, for eg hugber deg no, tenk!

Unknown sa...

1) hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
2) hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for
3) hugbera - tenkja på, hava godhug for
4) hugsviv - innfall, tanke
5) hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt

dativplural sa...

du hev visst fenge ei uppgåva, du med:

http://msragtime.wordpress.com/2011/01/16/godt-blandet/

fridtun sa...

Ja, det hev eg visst! Skal glytta på det yver helgi.

Kven er ho?

dativplural sa...

ei venninne frå Bergen. frå den skeptiske gjengen (4 stk) på nordisk som berre ville hengja med kvarandre...(me fann ut at dei andre òg var kjekke på avslutningsfesten)

H. sa...

Nok ei ulik og unik liste:
1. Hugbera - fordi her ligg tyngda.
2. Hugleggja - fordi det er godt.

3. Hugsyn, hugsviv og hugsvaling - fordi dei syner til noko mellombels.

Fridtun sa...

Forvitneleg innspel, unge møy! Sjølv hev eg vondt for å setja desse ordi upp mot einannan, men eg må segja at eg vert alt veikare for 'hugbera' - medan 'hugsyn' og 'hugsviv', som fyrr trona øvst, no lyt bøygja seg.

Å bera nokon i hugen. Finst det noko vænare? Nei.