fredag 9. oktober 2009

haustfri

Aldri såg eg ei yta so still, som i gårmorgon, då vatnet låg skirt og lognt, endå vinden hadde herja heile kvelden og natti i fyrevegen. Undersamt, det der, kor det skjek og driv den eine stundi, og so er alt ovende audt og stilt den næste. Fint med hytteliv um hausten.

Snjo var det au, det datt ned tjugo til tretti centimeter tysdagskvelden. Morosamt, det, for tvo ungsprettar som eg og syster mi.


Fjellgutusjøen. Tagall og mild.



Basing i snjoen.



Veslesyster fekk stella neglene mine som ho vilde.
Manikyr, heiter det visst.

torsdag 1. oktober 2009

stire-alv & vasspyttar

Sigur Rós hev ei dyngja med songar som riv og slit i hjarterøter og alt slikt som er mjukt på innsida, det er liksom bringa vert knoda og elt som ein deig berre Jónsi kjem burti gitarstrengane med cellobogen sin. Men me fær ikkje gløyma at dei hev ei rad blide songar òg, islandssønene, og ikkje sjeldan støyter me på leikande og barnlege visor, som "hoppípolla" frå takk og "starálfur" frå ágætis byrjun. Eg etlar å tyda båe til norsk og leggja deim ut til gaman og gleda for ein og kvar, av di:
1) "hoppípolla" er so grum-god og morosam og sorgsam og fengjande og alt på éin gong, og dei som likar songen utan å skynja ordi, kjem evlaust til å tykkja endå betre um honom når dei ser kva det dregst um;
2) "starálfur" høver godt til skire haustkveldar. Og sovordne kveldar kjem snart, berre alle regnskyene fær gjort ifrå seg.


"hopp-i-pyttar"

smilande
tek me i ring,
held hender,
heile verdi uklår
utan du
som stend

renneblaut
dyende våt
utan gummistyvlar
du flyg inn i oss
vil springa ut or skalet

vinden
og utelukt av håret ditt
eg slo so hardt eg vann
med nasen min

hopp-i-pyttar
utan gummistyvlar
dyende våt (renneblaut)
utan gummistyvlar

og eg bløder naseblod
men eg stend uppatt stødt

og eg bløder naseblod
og eg stend uppatt stødt


"stire-alv"

blå natt yver himmelen
blå natt yver meg
ser ut or gluggen min
med hendene
falda under kinn
tenkjer på dagen min
i dag og i går
klæder meg i blåe nattklæde
beint upp i sengi
breider yver den mjuke dyna
læt att augo
løyner hovudet under dyna
der stirer på meg
ein liten alv

spring imot meg, men rører seg ikkje
stirealv sjølv
eg opnar augo
fær svevnen undan
tøygjer meg og trur eg er (for eg ser ikkje)
attkomen og at alt-alt-er-i-orden
men enno vantar noko
liksom alle veggjene -
stirealv.

mandag 21. september 2009

helg i raudt og gult

Me var ein liten nordistflokk som fór upp i fjelli sist helg. (Kvernmovollen, heiter det visst, der me budde.) Det skal eg helsa og segja var gilde saker! Å berre stræna kringum i lyngen utan ein einaste bokstav framfyre auga - - det er godt med ei liti kvild frå lesteren stundomtil. Gjera heilt handfaste ting som å heimtaka vatn og koka mat på vedomn. Drikka kaffien ute på ein halvmorken stubbe. Sjå lauvet rodna di høgare upp ein kjem.

Men det er ikkje med mothug eg set meg ned med bøkene att, nei beint imot, med ny kraft og eld i bringa! Og bilæte hev eg òg, som de kann sjå:


Ei retteleg dassdør med hjarta i.



Utsyn.



Fridtun i slag. Attum ser de det vesle vatnet Skjulungen, som André og eg bada i.
Dæ va godt dæ gett!

søndag 30. august 2009

bordskikk & slikt

Eg hev slege innpå ihopsetjingi raping og eting i norrøn bokheim tidlegare i sumar, og no gjer eg det endå ein gong. Denne gongen gjeld det den vesle Soga om Torgils og Havlide. Um Tord, ein av karane i soga, vert dette fortalt:

Han hadde litt vanskar med å eta kjøt av di han rapa og fekk oppgurp av det og ein noko ram ande.

Merk underdrivingi "ein noko ram ande".
Karane er i gjestelag og heller innpå mjød og andre go'saker, og tek so til å moroa seg med å kveda vers. Emnet er kjøt-rapingi hans Tord. Det er endå til ein kyrkjamann som opnar ballet, for Ingemund prest luter seg til sidemannen og segjer dette:

"Kvar ifrå trekkjer denne tev?"
Tord andar no attant'.

Her fylgjer eit utval vers til gleda og gaman:

Lite det gjer om
vi her i laget
av okse-kjøtet
kjem til å rapa!
For Tord, sonen til
Torvald som var
Kjartans son, or
kjeften laut rapa!

Og:

Maten jaga sure
støytar opp or brystet,
bamse-eta på jotnens
ætling, heile dagen.
Fingrane tok folk i
flokken om nasen då
rauste karen rapa -
ring tev tolte lyden.

Og:

Goden rapa så,
vi laut framom gå,
nakketust i sky
kvar og ein skreik fy!

Til dette siste verset høyrer dette avsnittet:

Så er sagt at Tord vart følgd ut med denne visestubben til avskil. Men det er ikkje sagt noko om at han elles fekk med gåver.

Det var fulla litt leidt å vera Tord. Men det tryggjer å få stadfest at kroppsfunksjonar var morosamt då som no.

tirsdag 25. august 2009

inní mér syngur vitleysingur

Já, ég er alltaf á Íslandi!
Det er berre å orsaka at det fer fram so lang tid millom kvart innlegg, men det er so mykje som hender um dagane. Handskrift-skeidet i Reykjavík er nyst endt, og eg hev lært ovende mykje um dei gamle millomalderbøkene. Me fekk endåtil halda i og blada i dei eldgamle bøkene!

Vel. Men det beste er at me jamvel fekk innsyn i gamle, islendske songtradisjonar. Frå gamalt hev dei ein songleik der ein skal syngja same songen sju gonger - og kvar gong skal ein ganga éi tone upp. Er rår dykk til å sjekka ut dette her, og syt for å skru ljodet høgt upp! (Du skal trykkja på "Jón Stefánsson" > og dinæst "Hlusta" øvst i vinstre kråi)

For stemningi: Eit bilæte av Konungsbók (Codex Regius av poetiske Edda), frå um lag 1270, som eg hev sét med mine eigne augo!

søndag 16. august 2009

nytt krypinn

Eg hev ein ny heim no. Ingen fleire dagar og næter på Voll.
Men fan! - dette er ti tusund gonger betre. Dette er ein heim.
Far vel, linoleum og institusjonskjensla.
Her, i nyheimen, er både trivelegt og lognt og ljost.
Ja her kann ein byggja og bu!
Eller berre bu.
Sovekråi mi er soleides:



Jau, sengi er grum. Kaupt på Finnskogdagane på Svullrya, sjølvpussa og sjølvmåla, med hjelp frå mor og far. Snikkar-far meiner ho radt er hundrad år eller so.
Og eg hev Ludvig og bestefar yver hovudet, og Ludvig og Solan på dynetrekket. Betre vert det ikkje!

Eg bur med ein ven, og eg hev framleis eit lauvtre utanum gluggen.

Alt ihoplagt: Eg er nøgd.

I morgon fer eg atter ein gong til Íslands. Það verður gaman & gleði!

Lat oss enda med ei strofa av Aasen:

Ja heime der baka dei Braudet best,
og vænaste klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet mest
og vænaste kveda dei Kvædi.
Der ser du ein Dag med ljosare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,
so finner du endaa eit Hygge.

søndag 9. august 2009

glup raping

For tidi les eg Konungs skuggsjá, eller Kongsspegelen, frå um lag 1230-1260, og der råkar ein på mykje moro. Dette er ei "uppsedingsbok" med ein far og son i samrøda, og boki vert drivi fram ved at sonen spyrr og faren svarar og legg fram og tyder ut alt det sonen hev hug til å spyrja um. Her er dryft både krigskunster og våpen, seder og skikkar, kaupmenner og kongar, hav og jord, klæde og matstell.

Ein ovende morosam bolk er den um Islandshavet og alt levande som finst i det. Til dømes skal det finnast ein slik undersam skapnad:

"Det er fortalt at naturen til denne fisken [havguve] er slik at når han skal ete, så gjev han opp ein stor rap or halsen, og med den følgjer det då mykje åt, så allslags fiskar nær ved samlast til, både store og små, og meiner dei der skal få seg god mat og føde. Men denne fisken let munnen sin stå open imedan, og det opet er ikkje mindre enn eit stort sund eller ein fjord, så fiskane kan ikkje vare seg for det og renner inn, heile horga. Men så snart magen og munnen hans er full, så let han att munnen, og då har han fanga og stengt inne alle dei som før trådde dit og ville leite seg mat" (norsk tyding ved Alf Hellevik)

Det var jaggu ei glup gjerd!
Noko å tenkja på næste gong kjøleskåpet er tomt og svolten gneg.