tirsdag 2. juni 2015

utsyn frå flybussruta

I går såg eg
tvo regnbogar,
ein stor
og ein liten.

Kann eg då segja som Olav H. segjer i diktet um nymånen:
«Men det er vel den gamle.»


Ja, kann me i det heile segja at regnbogen er gamal? 
Er det ein ny kvar gong?
Og kven av regnbogane eg såg, var eldst? 

Den store var i alle fall den klåraste regnbogen eg nokon gong hev lagt augo på. Eg såg skarpt og tydeleg kvar einaste lit.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Om månen og regnbogen er nye eller gamle veit eg ikkje.Det eg veit,er at eg saknar begge to.Her har vore mykje skyer siste halvåret,og det likar verken regnbogen, månen eller eg. Anonym og versjuk svigermor.

fridtun sa...

Um eg vert tvinga til å gissa, segjer at eg månen er gamal og regnbogen ny for kvar gong! Men so er det vel slik at solljoset skapar regnbogen, og solljoset er vel temmeleg gamalt når det når fram til oss. Men same det!

I dag var det litt sol. So langt i juni har nettnerden og eg havt ein einaste kveld ute i solveggen. Vonar det kjem seg snart.