tirsdag 9. juni 2015

nutt (og stugt) frå fjorden

Ja, de las rett: No er det husmori som kjem med båtbilæte! Når sant skal segjast, er det ofta ho som tek bilæte av det som rek utpå fjorden, men so læt ho nettnerden få arbeidet med å leggja det ut på veven.

Her er sumt av det husmori såg frå stoveglaset no i vår. (Det er mogleg at nerden hev lagt ut eit eller tvo tidlegare.)



Fyrst ein liten luring med ein endå mindre luring bak seg.


So øygna husmori noko med friske fargar:


Dette må eg sjå nærmare på, tenkte ho.
So då tok ho i bruk zoomen:



Av anna trafikk kann husmori melda at tidleg i mai, etter at ho og nerden hadde lagt seg, høyrde dei fælt mykje musikk og skrål utanfor. Det smaug seg inn gjenom det opne soveromsvindauga, og dei kunde plent ikkje skyna kvar det kom frå. Dei var samde um at ingen i gata her hadde fest, i alle fall hev dei ikkje vore plaga med slikt fyrr. Men so! gjekk det upp eit ljos. Det laut koma frå ein båt på fjorden! Og det var rett. Ein partybåt (med russ?) snigla seg fram i den ljose og milde vårnatti.






2 kommentarer:

Anonym sa...

Fin overskrift! 1.klassingane mine skriv pulsa og buja.

fridtun sa...

Haha, ja, eg hev lært - og lærer - mykje morosamt og rart av nettnerden (og skyldfolket). Attåt nutt og stugg (ost) er forsynleg og kattspyføre blant favorittane.