tirsdag 16. juni 2015

meir frå fjorden

I dag tidleg, då nettnerden budde seg til å fara på ærbe, såg ho ut glaset og sagde: Det ser ut som ein fryseboks med båt under.

So då laut husmori fram med kameraet.


3 kommentarer:

Anonym sa...

Kan det vera ein frysebåt.....Eg er litt misunneleg på alle båtane de ser.På vatnet nedom huset mitt er det:a)liten båttrafikk b)umogeleg å sjå evt. båttrafikk grunna attgroing av or og andre stugge tre. Eg lurar på om eg skal prøva å løysa enten a eller b???Anonym svigermor med ferielengt i hugen

fridtun sa...

Oi, her mistenkjer eg at nettnerden hev gode framlegg. Det er ho som er den mest uppfinnsame og løysingsorienterte av oss. Som då ho nyleg laga seg øyrepynt/øyrepunt av fiskeutstyr. Undrar meg på um det er mogleg å laga ein båt av fiskeutstyr? Lego er kann henda det beste.

Anonym sa...

Eg ser klart for meg ein båt av gamle fiskestenger i bambus kombinert med redningsvestar,og kanskje eit fiskegarn som bitt det saman. -Men Lego er best.Fins det båtlegoklossar?