lørdag 11. juli 2015

frå ei liti fjellferd


Husmori, far hennar og hunden er nyst heimkomne etter nokre dagar i fjellslege strok. Sidan det var fælt mykje vind og temmeleg kaldt (um lag fire-fem grader), vart det mange timar innandørs. I alle fall for desse tvo:




Men dei var då litt ute òg! Til dømes lauga dei seg i vatnet, som heldt 9 grader og diska upp med uvanleg stor sjøgang (til eit lite fjellvatn å vera). Husmor-faren stod på strondi i tjukke klæde og tok bilæte. Ser de husmori?


Vonleg er det betre laugevêr seinare i månaden. Då lyt Nettnerden uti òg!



3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg såg deg!Men eg laut forstørra biletet.No skjønar eg kvifor du likar å gå fjelltur i skodde,regn og kuling!Anonym svigermor

fridtun sa...

Ja, det er berre so vidt me ser skimten av meg. Eg likar best å fara i fjellet når det er klårvêr og helst litt sol, i alle fall når eg skal liggja i telt attpå!

Two Barbells sa...

Skikkeleg fin blogg for folk som ikkje bor i Norge og som prøver seg med språket, heldigvis he me mykje på nettet som hjelper i reisen!