søndag 16. august 2015

Kaizer og historia um den pipande ballen

Hunden i barndomsheimen (ja, han høge og myrke frå det fyrre innlegget) hev mange gledor. Til dømes mat, mat og mat. Og mor, mor og mor. Me andre kjem litt lenger ned på lista. Men so er det vel ein grunn til at det plar heita matmor, ikkje matfar, jamvel um både hunden og me andre fær mat av far rett som det er.

Ja, og attåt mat og mor hev hunden gleda av å henta pinnar, lauga seg i tjern og bekkjer og kulpar og ymse andre vasshòl, få kos, stela sokkar (og stundom svelgja deim av vanvare), jaga mus og lemende. Men i sumar fekk han ei ny gleda: ein ball som pip når hunden bit i ballen. Han vart reint galen etter denne ballen, truleg av di det er moro med ljod, serleg ljod som minner um ei mus hell eit lemende som skrik. Han er trass alt eit rovdyr, endå so søt han er.

Men er han eit klokt rovdyr? Sjå, dét er eit anna spursmål. Kvar gong når me var ferduge med å leika med ballen, pla me leggja honom i ei bytta uppunder takskjegget på bilskuret (islendsk for 'garasje'). Hunden skyna det, og han sette seg ofta til å stira på dette takskjegget, eller endåtil bjeffa på det og soleis kunngjera at me laut koma og leika med ballen. Alt vel so langt! Men av di me vart leide av dette maset, tok me til å bera ballen inn og gøyma honom på vaskeromet i staden. Kva hende, trur de?

a) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, i von um at ballen eller me skulla openberra oss.

b) Hunden skyna straks at ballen no låg ein annan stad.
c) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, men etter nokre dagar gjekk det endeleg upp for honom at ballen var på vaskeromet.

Svaret kjem under bilætserien. Snikfotograf: anonym fru.






Sjå dei vonfulle augo!



Jau, etter nokre dagar skyna hunden at ballen var på vaskeromet. Det er godt mogleg at ballen låg innandørs då bilæti vart tekne.


4 kommentarer:

Anonym sa...

Nettnerden fortalde om ei kjetta som gjekk rundt blomekassa i årevis etter at kassa var flytta. Kan kjetter og hundar samanliknast? Isofall er ikkje Kaiser berre høg og myrk, men også lynande intelligent, hevdar anonym tanta.

fridtun sa...

Ja, når du legg det fram slik, kjem han tvillaust i eit godt ljos. Det kann henda at han berre spelar dum, av di det gagnar honom på nokon måte? Kven veit!

Anonym sa...

Anonym mor og sviger sådan saknar båtar og "Hjemme hos"reportasjar!Gjerne med pinnsvin.

fridtun sa...

Ja, det förstås. Husmori lyt berre leggja seg flat, eller, det lyt ho ikkje, for ho hev havt so mykje å styra med dei siste vikone.

Men ja, det skal verta ei råd!