søndag 27. september 2015

båtar (ei uppsamling)

Her er sumt av det som hev sigla framum stoveglaset dei siste vikone, medrekna eit attersyn med utvalde høgdepunkt:

Eit klassiskt tog! 

Ei lang pylsa. Ho ligg djupt. 

Baderomsfarga båt ved soleglad.  


Fryseboks i soluppgang. 

Noko smått og rart. Kann det vera LEGO? 

Mykje smått og samla. Saman er ein mindre åleine. 

Ein ny båderomsfarga båt i friske bylgjor. 

Noko av det styggaste som hev vore på fjorden her! 
Her laut dei byggja høg bru, skulde dei sjå yver fryseboksen.



2 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym svigermor fekk lyst å samla alle hoppevenane til Pål og Matias,og sleppa dei og "Reidarane" ut over alle dei fargerike seglbåtane!!Hadde ikkje det vorte eit flott syn??Problemet er kanskje å finna ein høg nok hoppeplass.....Eg er elles svak for den baderomsfarga,passar inn på nedebadet.

fridtun sa...

Ha-ha, jau, det hadde vore gildt å sjå! Gilde fargar både til lufts og til vatns.