tirsdag 6. oktober 2015

utkikks

Husmori og nerden var ute i «fina vêret» i går. Då kleiv dei upp på fjellet som ligg rett attum huset. Det var ei gild ferd, med fotosession og kaffikvild på toppen. Nerden, som hadde vore der fyrr, sleit litt med å finna stigen ned til Kistebakkane, og det synte seg snart at dei hadde gjenge for langt. Medan dei kava seg tilbake, på ein smal, steinutt og blaut stig, sagde husmori: «Me fær då trena koordinasjonen, i alle fall!» Ho hadde ikkje fyrr sagt det, so trakka ho gale og stupte og tok seg mesta inn att. Det blett blod! Nei då, berre ei ørliti flengje på handi. Slik var utkikksen:


 
 

3 kommentarer:

Anonym sa...

Turar i nærmiljøet kan vera like innhaldsrike som lange ferder! Tanto jogga opp hoppbakkestigen rett før middag i går, tytebærkrukka var tom, og ein tek ikkje av vinterlageret so lenge ein finn tuvor med tytebær i skogen.

fridtun sa...


So sant, so sant! Ein treng ikkje fara langt. Den siste vika hev det endåtil vore sers mykje å sjå berre i hagen. Til dømes: ein bustyvel (eit ord eg lærde nett no, eg er van med piggsvin), ein av nabokattane som leikar med ei mus på plenen vår (katten her i huset er for gamal og lat til å driva med slikt). Nettnerden kjem tilbake med meir um katt & mus-hendingi.

Anonym sa...

Flott utsyn for slike som likar "øppna landskap"!!Og godt det ikkje vart blasano då du hadde eit uhell.(Er det med i ordlist tru?)Anonym svigermor