lørdag 31. oktober 2015

bokbeussen

Ein sers lokal bokbeuss var innum heimen til husmori og nettnerden i går. Ja, når sant skal segjast, var det husmori sjølv som var beussen. Ho hadde sete i stova og skrive ein stubb til Dag og Tid, og då hev ho stødt ein dunge ordbøker ikring seg. Utpå eftan var stubben ferdug, og bøkene skulde attende til hylla si. Til vanleg tek husmori tvo eller tri bokturar, men i går våga ho seg til å bera alle samstundes! Det var ho so nøgd med at nettnerden vart tvinga til å knipsa eit bilæte.


Frå vinstre: husmori, Norrøn ordbok, Nynorskordboka, Norsk etymologisk ordbok, linjert skrivebok, Med andre ord og Norske Ordsprog av Aasen. Ikkje til stades då bilætet vart teke: Våre arveord (husmori nytta nettutgåva).


4 kommentarer:

Anonym sa...

Dersom sjølve beussn er eit sakn,kan eg tipsa om eit praktisk køyretøy som svogeren din pål hadde for omlag 26 år sidan.Det var ei vogn i plast,med handtak som han heldt i når han ville ta ein tur. Det var råd å køyra sitjande også med aktiv bruk av føtene.Under setet var det lagringsplass,og der kunne det vore plass til fleire ordbøker!!Om du kjem over ein slik,kunne du td måla han i tidsrette "Tide"-fargar,kanskje du kunne fått ekte "Tide"-klistremerke hjå den same svogeren?!!Anonym svigermor

fridtum sa...

Oi, eit slikt framkomstmiddel trur eg me hadde i barndomsheimen òg! Ei sers gild sak, serleg det med lagringsplassen. Dersom eg nokon gong skal ha ei slik køyregreida, lyt det sjølvsagt vera klistremerke frå Tide på.

Anonym sa...

Hald fram med bering av store lass! Som ein ser av biletet vert armmusklane styrkte, sterke armar har ein trong for ved mange ulike høve hevdar anonym tanta

fridtun sa...

So sant, so sant! Ein lyt berre passa på lyfta slik at ryggen kjem vel ifrå det. Der hev eg brent meg eit par gonger.