torsdag 5. november 2015

husmor på skjermen

Husmori var i hovudstaden i går. Då var ho millom anna innum eit studio hjå NRK på Marienlyst. Ho vart endåtil sminka! (av ein vangsokning som sa slikt som sjå og vøri, so det var reint heimetriveleg) So sat ho kring eit bord i lag med fire sers fine menneske, med kamera på ymse sidor, og samrøda vert vist i kveld: Selskapet kl. 20.55 på NRK2.


2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette lyt eg kneppa meg inn på på PCen etter shopping,boklån,kor og trim!(Dårleg TV-dag for meg...)Anonym svigermor

fridtun sa...

Ja, det var tett program! Men eg forstod at det vart ei råd med det. :)