fredag 27. november 2015

flugefrelsaren

Husmori sysla ei tid med attdikting/umsetjing av songane til den islendske «hljómsveiti» (bandet) Sigur Rós. Ho hev til dømes freista å setja um Illgresi, Ára bátur, Hoppípolla og Starálfur, Hafssól, Gobbledigook og Ný batterí. Det hender framleis at ho sit med ordbok og set um tekstene deira, men det er mest so ho skal skyna kva det er ho gjeng og gaular.

Den siste månaden hev husmori havt songen «Flugufrelsarinn» frå plata Ágætis byrjun på hjernen. Hin dagen sette ho seg ned og sette um teksti (litt snøgt og skøytelaust, vel å merka) og då spurde nettnerden um det skulde ut på vevritet. Det hadde ikkje husmori tenkt, men so tok ho til å tenkja på gamledagar (dvs. studiedagar), og snudde i saki.

Som tittelen ymtar um, er det ein song um livreddende prosesser i forhold til fluer.

«Flugefrelsaren»

Styr og ståk, eg stormar ned til bekken
Bergingsmann
Eg gjorde i stand eit skip og bad ei liti bøn
av di eg var redd
Soli skein og bekken risla
Smørblom, smørblom – flugone døyr!

Men i dag etlar eg å berga dei fleste flugone
Eg står på skipet med eit reip i kvar hand – målmedviten
Eg kastar deim ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen, med vatnet

Slik gjeng no dagen
Er sjølv komen um bord
Heldt på å slitast ut i gardsbekken,
der det alt hadde døytt so mange

Eg greider ikkje anda,
og tyngjest for kvar bylgja
Eg treng eit under no,
for eg driv og druknar synder
Eg prøver å koma um bord

Eg dreg i land og bergar meg sjølv upp, upp på strondi

På ein varm stein legg eg meg og læt meg turka att
Eg kastar meg ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen og vatnet

Vindpust, heilt gjenomblaut
Djerv, kjenner at båten
er komen ut or verste straumen
at landet so smått nærmar seg

Han er både um bord
i sjø og land reddande
flugone som døyr her,
men fyrst og fremst seg sjølv
Alltid strid og ingenstad fred,
men einkvan lyt då ofra seg
Dagane er lange.



Songen kan du høyra her.




4 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym mor og sviger sådan kom,medan ho las,i hug eit par hendingar i området Tyinkrysset/Torolmen i sommar:1)Berging av halvsvima humler frå trafikkfårleg veg og 2)Bugging av insekthotell ved hyttevegg.Var det litt i same leia som songen/teksten??(Eg er litt dårleg på å forstå/tolka poesi,likar det litt meir realistiske og sosialpornografiske,som kjent.)

fridtun sa...

Hahaha! Ja, slik berging og bugging er utan tvil i same leidi som i songen. På hytta til fridtunane var det berging av maur òg. So det er ikkje rart me hev havt dilla på denne songen. Nett so da sko vò telaga!

Anonym sa...

Mest so tanto fekk litt dårleg samvit! Mild haust gjorde sitt til at kompostbingen vart avlingsstad for vettafluger. Larvene aula og kraup, tanto gjekk til åtak med kokande vatn og eddik. No er eg litt uviss om eg kan hevda at tanto vann..

fridtun sa...

Det er ingen grunn til vondt samvit. Alt med måte, det gjeld flugor òg.

Elles vil eg herma eit utdrag frå ei bok som nettnerden og eg hygde oss med tidlegare i dag, Rettleiding um helsa for norske gjentor og gutar - med mange bilete (1932): "Tyn flugone! Dei ber mange smittespiror med seg til menneske og dyr. Flugone vert klekkte ut i sorpdungar og mottingar, dei et frukosten på W.C. og middagen i matstova og barneromet."

http://www.nb.no/nbsok/nb/cd14f45ed44b22cb54c1febcd3b37e64?index=1#49