lørdag 16. mai 2015

rot & røra

Husmori fær jamt høyra at ho er so ram til å rydja og halda orden (det er helst nettnerden som segjer dette). Det er mykje sant i det. Men då husmori var på den fyrste internasjonale hoppferdi si, i 2002, budde ho på eit rom som såg slik ut:



Me veit ikkje for visst kor mykje skuld husmori hadde i dette rotet. Men ho ser temmeleg avslappa ut, der ho ligg burti sengekråi. (Merk: Det var ikkje me som hadde sett dusjen der.)



4 kommentarer:

frun sa...

"nei, har du sett so gale? dette må vera austerrike," seier anonym mor. hypotesen om land kjem av utsjånaden på møblane.

fridtun sa...

Das stimmt! Det er frå Saalfelden, ikkje so langt undan Bischofshofen.

Anonym sa...

Tanto er viss på at idrottsutøvarane har prioritert: er me her for å hoppa eller for å rydda hotellrom?

fridtun sa...

Ha-ha, just det! Dessutan skulde me vera burte tvo vikor i strekk, og attpåtil vera mykje utandørs, då vert det ein del klæde å halda styr på.

Eg pla ha tvo store bagar når eg var på slike turar: éin med kvardags- og treningsklæde, og éin med hopputstyr. I tillegg kjem hoppskidor (på drjugt tvo meter) og hoppdress i ein eigen dresspose. Trur de eg nokon gong hev køyrt meg fast i svingdøri på Gardermoen? (Ja.)