tirsdag 21. april 2015

fy fasan

Det er ikkje ofta nettnerden grip til sterke og stygge ord. Husmori plar taka seg av det, sidan ho er den som jamnast slepper saker i golvet, stangar burti noko, klembrar fingrane og i det heile fumlar mest. Nettnerden er ikkje so glad i slik bannskap, og det hender ho skvett når husmori kvesser i. Men i dag! I dag slo nerden til.

Det var ei roleg kveldsstund i Salhus rit- og legostova. Nerden sat ved kjøkenbordet og arbeidde med ei uppgåva, husmori sat nokre meter undan og sysla med ei bok som ho snart må få fullført. Tidlegare på kvelden hadde nerden ynkast og klaga yver ein floke ho ikkje visste korleis ho skulde få utgreidt. Husmori freista hjelpa til, men båe stod fast. So gjekk husmori attende til sitt, og dei arbeidde stilt ei god stund. Soli glytte fram og fuglane song blidt utanfyre glaset.

«Å, SATAN!»

kom det brådt frå nettnerden.

«Eg fekk ei innsikt.»

Det sterke ordet og det sterke ljodet (illustrert med store bokstavar) kann berre tolkast som eit tydelegt teikn på den gleda nerden må ha kjent. Me gratulerer.



Ingen kommentarer: