tirsdag 24. mars 2015

fødd i feil hår

Etter det fyrre innlegget kom eit forvitnelegt, munnlegt innspel frå nettnerden. Nerden hev òg sét andre bilæte av den unge husmori, noko som truleg verka inn.

For i samband med blogginnlegget byrja nerden og husmori å tala um slike gamle bilæte, og då sa nerden: «Du ser liksom so utilpass ut i ditt eige hår.» 

Me lyt gjeva nerden litt rett i det. Inst inne vilde husmori vera stuttklypt, men ho torde ikkje (ikkje fyrr en ho vart russ!). So husmori hadde for det meste langt hår, utan heilt å vita kva ho skulde gjera med det. Som oftast vart det berre hestehale. Og flettor når det var nissedag på ungdomsskulen. Slikt noko. 

Lika vel dreg me det litt langt um me kallar det «fødd i feil hår»: Etter det me hev høyrt, var husmori so godt som hårlaus då ho kom til verdi. Det same kann me ikkje segja i dag. På husmorhovudet er det no so tettvakse at sist gong ho var hjå frisøren, vart ho spurd um ho var plaga med turr hovudbotn, sidan det var so tjukt med hår at det snaudt kom luft igjenom! Husmori hev ingen slike plagor, men so er ho òg varsam med sjampobruken.



 Under: anonym husmor med hovudplagg




 

2 kommentarer:

Anonym sa...

På husmorskulen laut me bruka kvite hetter eller hovudklutar som dekka håret og vart knytte i nakken. Eg ser no at den unge husmori sitt hovudplagg hadde kledd meg betre!

Anonym sa...

dette kunne og vore bilete av dotter mi,no nettnerd,som på den tid hadde hang til bruk av rekvisittar som td solbriller(.Kanskje grunna mangel på hår)Dokumentasjon kan framvisast i påskeferien. Anonym svigermor