fredag 13. mars 2015

ho fauk og flaug

Nyleg vart det kunngjort at vyrde Sagen legg hoppskida på hylla. (Då treng ho ei stor hylla: Skida er godt yver tvo meter lange.)

Det er leidt, men òg greidt: Ein kann ikkje spretta og flyga slik heile livet igjenom, og eg - som gav meg allereie for ti år sidan - ovundrar dei som hev halde på heilt til no. Sterkt! Men eg skyna no tidleg at ho og eg var ulikt laga: Då me for moro skuld fór upp og stod på toppen av «mammutbakken» i Planica, hadde ho hug til å hoppa der, medan eg kulsa ved tanken.

Til gleda for gamle og nye sjåarar legg eg ut eit bilæte frå arkivet:


Etter lagtevlinga i Rastbüchl 2004, der me tok bronse.
Eg skil meg ut, som de ser! Men eg òg hev ei slik 
kvit og blå huva, eg nytta ho seinast i dag. 




5 kommentarer:

Anonym sa...

Sprek ungdom! Kva med kombinert no då? Kåno kan smørja langrennskia om det trengst!

fridtun sa...

Hoho! Det var ingen dum tanke. Men det er litt for lenge sidan eg hoppa, tykkjer eg. Men hopping i sjølvlaga hoppbakke på langrennskid + renning i skogen er tvillaust noko for meg.

Elles viser eg til eit anna innlegg um kombinert:

http://fridtun.blogspot.no/2011/11/den-franske-friaren.html

Anonym sa...

Å for eit flott bilete!!Eg er kry!
Anonym svigermor

fridtun sa...

Anonym rev er òg kry, når sant skal segjast. Eg lika godt lagtevlingar, for då kom eg ofte på pallen. I individuelle tevlingar var det eit stykke opp dit.

Anonym sa...

Det er som med meg og korsong kontra solosong...
og i den store samanhengen og i høve krig og fred og sånn trur eg det er like greit!
Anonym svigermor.