lørdag 21. juni 2014

nytt i kjettesaki!

Sidan sist hev det vore eit ofselegt gjenombrot i kjettesaki: No er den rette identiteten åt dyri kjend!

Husmori slumpa til å fara med same bussen som eigaren/kattamori hin dagen (husmori og festarmøyi veit kven ho er), og so slo dei fylgje ned til husi. Etter litt drøsing um laust og fast, spurde husmori um desse hugsame kattane hadde noko namn. Å ja, då! Det hadde dei. Her kjem dei nye upplysningane. Haldt dykk fast!


Katten som husmori og festarmøyi kallar Den vesle svarte og kvite eller berre Kjetto, viste seg å ikkje vera ei kjetta i det heile, men ein kar som heiter Mikkel. Han var visst ein umtykt leikekamerat då ungane i gata var yngre. No er han leikekameraten til husmori i staden. Men ikkje i dag tidleg, då kom han ikkje burt med same ho sette seg på huk og tala mjukt, han kom berre litt nærare og lét det vera med det, for han sat og skulde spy upp ein hårball eller noko anna snadder.  

So var det Den feite. Han heiter noko so sjeldsynt som Shell. Grunnen er at Dyrebeskyttelsen i Bergen fekk han frå nokon som fann han på (eller berga han frå) ein Shell-stasjon på Gol. Ikkje verst! 

Tvo kattar som ikkje var med i innlegget, fekk husmori og festarmøyi òg nøgnare kjennskap til: Gråtass (som elles vert kalla Den flate på folkemunne) er ein godt vaksen kar, og so er det Pia. Ho er umåteleg lettskræmd og held seg litt i bakgrunnen.

Kor som er: Husmori og festarmøyi hev samrøystes vedteke at namni Den flate, Den feite og Den vesle svarte og kvite er fullt tillatne lika fullt. Kann henda dreg dei til med Kjetto òg.


3 kommentarer:

Anonym sa...

Ho som heiter Pia syns eg de kan kalla Fru Hersley(litt usikker på stavemåten her...).Spør festarmøya di så går kvelden med til utgreiing....
Anonym (snart)svigermor

Simon sa...

Ein katt utan fleire namn e'kje katt. Veslebror har ein katt som han kallar "Fisher". Eg mishøyrde namnet fyrste gongen, og har sidan sagt "Pusher". Somme stundar går katten under tilnamnet "Ninjaen", av di han er svartkledd og snikande, men som regel kallar me den berre "Kor e' no deinn dær hællsikkes katta igjæn?!"

fridtun sa...

Fru Hersley - det skal eg få spurt festarmøyi um no snarast!

Godt du segjer det, Simon, då er me på trygg grunn. Hunden åt mor og far min hev òg mange namn, attåt "døypenamnet" Kaizer: Duttebassen, Silkesvarten, Kaizfanten, Tiggarfanten, nemnde Slek-Martin med fleire. Det sannar vel den gamle læresetningi: Kjært barn hev mange namn.