mandag 7. juli 2014

flytande ferdakyn

Ja ja, då er sumaren her, med alt han dreg med seg av berrfotgang, solvegg, torevêr, mygg og sist, men ikkje minst: ferding hit og dit. Dei trufaste lesarane veit no at eg, husmori, fer og fyk jamleg, men no hev eg jamvel vore i utlandet, og dit er det ikkje ofta eg fyk! (undanteke Sverike, då, men for ein elverumsing er det snaudt noko utland)

Ferding er ei forvitneleg verksemd for ei(n) som ligg og flyt ein stad millom dei tvo rådande kyni. Til dømes vert det mange svippturar innum offentlege toalett, og det er stødt ei spanande øving! Du og du. Tradisjonen tru hev eg skræmt livskiten av ei handfull kvinnor denne gongen òg: Dei kvepp og glytter tvilande burt på den kortklypte skapningen framfor deim, og dei mest skvetne ser seg nøydde til å snu og sjå på skiltet på døri ein gong til. Dei segjer sjeldan noko åt meg, men stundom segjer dei noko til kvarandre, ofta slikt som "orsak, men stemmer det at dette er dametoalettet?!" Ungane er gjerne meir frimælte og spyrr beint ut: "Mamma, er det gut eller gjenta?" Å, so flaue mødrene vert!

Mest forvitneleg var ei hending i juni: Eg var på Gardermoen og opna ei av desse velkjende dørene med kjole på. Nett då var tvo eldre kvinnor på veg ut, ho eine med krykkjor. Sidan eg er velseda og greid, heldt eg upp døri for deim. Den mest lettbeinte av deim kom fyrst og bråstana like framfor meg, so stod ho og stirde meg upp i andletet og nedetter og uppetter bringa mi i minst fem sekund. Då sette eg augo beint i hennar og gav henne ein smil, då fór ho. Og dei segjer at ungdomen er uhøvisk! 

Vel, men no var det til utlandet me skulde, meir presist Edinburgh. Her passerte eg som både det eine og det andre: Ved frukosten hadde eg gleda av å verta tiltala som sir (det var forresten ikkje fyrste gongen). So gjekk frua og eg på ei kaffistova tjugo meter undan, og då vart me møtte med "what can I get for you, ladies?" Det kallar eg kynsflyt på høgt nivå! Og som vanleg skræmde eg nokre dametoalettgjester, utan at nokon av oss fekk varige mein. 

Eg hev elles høyrt frå nokre transfolk at det er mykje greidare å fara på herredoen i staden, for karar er visst ikkje fullt so upptekne med å glana på dei andre der inne (redde for å verka homo, kann henda?). Men eg torer meg ikkje til det med det fyrste. Um nokon skulde verta arge på meg inne på damedassen, kann eg i minsto fiska fram bankkort eller pass og prova at eg hev rett til å vera der. Det lettaste er no å fara på den kynsnøytrale handikappdassen, men han er som oftast uppteken.

Sanneleg segjer eg dykk: Sæle er dei som kann fara og miga utan å måtta stålsetja seg fyrst! Men so hev eg òg ei snild kona som gjerne tilbyd seg til å vera med som verja og (potensiell) kjeftesmella. 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gild lesning, kristin, om eit brennheitt og ikkje minst viktig tema. Tommy melder at han i alle år har gått på damedassane på Frogner, då han set reinsemd høgt. Vêr glad du, at du ikkje vågar deg inn på pissoaret. Her på Skagen, der me er no, mig me mest når me badar i sjøen. Enkelt.




fridtun sa...

Feitt! Me kan melda at me har "pisst" mykje ute i skog og lyng i det siste. Slik vert det når ein legg ut på lange turar i fjellet. Du får helsa!