lørdag 14. juni 2014

kjerringi og kjetta

Nei, no hev det vore reint for mykje sut og sippesuppa her! Husmori er då jamnast hugvarm og kvik. I dag, til dømes, gav ho seg brådt til å spretta upp og ned i stova og kasta armane hit og dit då festermøyi sette på Queen som uppvaskmusikk. Det er ulikt husmori å te seg slik, men alle kom frå det utan mein. Noko anna som er ulikt husmori, og som ho skal fortelja dykk um no, er å finna hugnad i kattar. 

De skal vita at husmori voks upp i ein kattalaus heim, og korkje mor eller far hennar er uppvaksne med kattar. Besteforeldri hyste vel heller ikkje nemnande godhug for dyret. Men nokre av grannane ved barndomsheimen hadde katt. Desse kattane hadde for vane å skita i sandkassa til husmori, millom anna. Ein av dei pla sitja under inngangstroppi ved nabohuset, og kvar gong den unge husmori gjekk upp troppi og skulde spyrja um ungane der vilde leika, fauk katten ut millom troppetrinni og skræmde vitet av henne. Ho kvidde seg stødt for å ferdast i den troppi, serleg berrføtt. Visst var det ein snild pus som dei stundom leika med, men husmori visste ingenting um korleis ho skulde fara åt med kattar, kva dei lika og ikkje lika, korleis ein tok på deim og so frametter. Ho var passiv tilskodar kvar gong det var kos & leik med katten.

So vart husmorgjenta vaksi og i lag med kattekvinna, som er uppvaksi med kattar og elskar kattar og held lange fyrelesingar um kattar ved middagsbordet og elles. Dei tvo slumpa til å busetja seg i ei gata med kattar i kvar sving. Husmori var lenge passiv tilskodar her òg, medan kattekvinna gjorde seg kjend med dyri og kunde handfara deim so lett som berre det. MEN SO! Smått um senn vart husmori lokka og fengsla, dei var no gløgge og fine dyr! (Det visste ho frå fyrr, men lell.) Ho våga seg til å kleia og strjuka, og dei dura og mol som eit helikopter, gneid seg innåt henne og vilde ha meir. No dei siste vikone hev det hendt at dei spring til møtes med henne når ho kjem ruslande ned vegen. Framleis hev husmori mykje å læra, men ho tykkjer det er godt selskap i dyri. Ho hev serskilt huglagt den svarte kjetta med kvitt på bringa. 


BILETPROV PÅ NÆRKONTAKT MED KATT
Vil de lesa meir um kattekoseøykti nedanfor, sjå nettnerden/kattekvinna.

 Denne katten gjeng under namnet "Den feite".
Sjå korleis han vrid hovudet og stuper 
inn mot armen åt husmori.


 Prøver han å spegla seg i asfalten, tru?



Fyrebils hev heiter ho berre Kjetta, eller "Den svarte og kvite". 
Sers kosesjuk og mjuk pus. Røyter lite.
Merk elles at ordet kjetta/kjette er laga ved i-umljod:
katt > kjetta just som hatt > hetta


Kjetta hev den gjerdi at ho stikk tunga ut når ho koser seg.
Husmori er van med hundar, og fylgjeleg meir tunga.
Hunden i barndomsheimen hev kallenamnet Slek-Martin, 
av di han er ovende fæl til å sleikja. Kjetta berre smattar litt.




2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette kjem til å gå seg aldeles greitt til,ser eg!Helsing erfaren kattekvinnemor,sjølvaste gamlakjetto.

fridtun sa...

Hoho, GAMLAKJETTO! Ja, med so mange og so røynde kattekvinnor ikring meg, skal det gå som ein leik.