onsdag 4. juni 2014

på hels med seg sjølv

Husmori les blad. (Blad i tydingi 'avis'. Det hender ho les andre blad òg, helst Pondus, men no er det blad = avis det gjeld um.) So, ho les blad. PÅ PAPIR. Og for nokre vikor sidan las ho eit fint stykke der ein tilårskomen forfattar - som husmori no hev gløymt namnet på - uppmoda alle um å taka notat. Skriva ned det ein tenkte og kjende og røynde, so ein stødt var på hels med sitt tidlegare eg

Det var fint sagt, syntest husmori, og tenkte med seg sjølv at ho visseleg er på hels med sitt tidlegare eg. Slike notat hev husmori teke sidan 2002, ja, det finst nokre stubbar frå 90-talet òg, kjem ho i hug, men fyrst på 2000-talet vart det retteleg sving på sakene. Ho skreiv ikkje dagstødt, men so snart høvet baud seg. Det trong ikkje vera lange stundi, tjugo minutt heldt lenge, men helst sat ho um kveldane, når alt av skulearbeid og middag og trening var undangjort. Ho læste seg inne på romet, spela høg musikk og skreiv på ei gamal maskin utan vevtilkopling. Det var heilt naudsynt å draga seg tilbake på den måten. Vera i fred, få det ut! For det var slik at husmori samla upp mykje som ho ikkje fekk ut på onnor vis. Hine gjentone fortalde viljug um forelskingane sine, men den unge husmori heldt tett (med eitt undantak: den franske friaren). Ingen måtte få vita at ho var kär gjentor! Berre dagboki. Ingen måtte få vita at ho var ottefull og modlaus og ofta låg og tuta ned i puta! Berre dagboki. Ingen måtte få vita at ho ikkje kjende seg heilt som ei gjenta! Berre dagboki. Og so burtetter og burtetter, det vall fram kvar gong ho sette seg ved tastaturet. Og lika fullt var det noko av det beste ho visste, å sitja slik og berre skriva um seg og sitt, anda fritt.

I dag hender det at husmori finn fram dei gamle stykki og les litt. Ho kjem og helsar på seg sjølv, so å segja. Det er ikkje fritt for at ho tykkjer synd i den unge husmori, som bala og kava med so mangt (og skreiv bokmål, attpåtil). Stundom ynskjer ho at den eldre husmori kunde ha vitja den yngre og fortald henne at ho berre kann slappa av, det kjem til å gå heilt fint, flokane løyser seg, dei, skal du sjå. Men det er fulla litt av meiningi med ungdomstidi at ho skal vera rang og vriden, og at framtidi skal vera opi og uviss. 

Det som no gjev husmori ein snev av uro, er at ho sjeldan skriv ned noko av det ho tenkjer og kjenner og røyner. No gjeng det månader millom kvar gong ho fiskar fram dagboki. Ho veit kvifor det er slik: No hev ho sers få suter og sorger, og skulde det vera noko, hev ho ei klok festarmøy å tala ved. (Ja, mengdi dagbokinnlegg minka snøgt då ho fekk slikt utifrå fint, fast fylgje.) Det er høgst gledelegt. Husmori er nøgd med tilvera! Og ho skriv no mange tekster elles som radt kann vera til hjelp når ho i framtidi vil helsa på seg sjølv slik ho var i 2014. Jau då. So ho klagar ikkje. Nei då. Ho berre tenkjer litt på det av og til.



Ingen kommentarer: