onsdag 1. august 2012

olympisk kyss (gull)

Sume av oss såg opningsseremonien (OL) fredag kveld.
Sume av oss såg «kjærleikssoga» som var baka inn
i framsyningi og tenkte
ja-ja, visst er det ei heterofil soga, visst er det det,
kar og kona, heilt greidt; det er no det vanlege −
heilt greidt, men vit at me bit oss merke i det!
Sume av oss såg rekkja av kyssescenor
som var baka inn i framsyningi.
Sume av oss såg scena der
tvo kvinnor kysste og tenkte
det der var det gjævaste med heile seremonien
og vart varme og mjuke i bringa.

Godt var det òg å sjå
at jamvel resten av verdi merkte seg
just denne kyssen.


4 kommentarer:

Zeugma sa...

Eg såg ikkje opningsseremonien, men no veit eg i alle fall kva som var det finaste med heile framsyninga.

fridtun sa...

Glitrande! Og du, hin dagen var Zeugma yverskrifti i målteigen til Per Egil Hegge. Då tenkte eg på deg.

Engeline sa...

Sume av oss las denne posten og vart så varm og mjuk i bringa ein gong til.

(fritt etter.)

fridtun sa...

Ellinor! Det er liksom serskilt fint å ha deg på vitjing her på bloggen - no når du bur i hovudstaden.