torsdag 23. august 2012

bloggbløming

Ja-ja, eg tenkte eg ikkje skulde gjera det til ein vane å blogga um andre bloggar, men no gyv eg på att:

Samlaget hev skjenkt meg ei eigi leikestova på vevsidene deira, so frå no er eg å finna på Samlagsbloggen òg − i sers godt selskap.

(Dessutan hev mastermeisteren Per Esben just meldt at Norsk etymologisk oppkok er finnande i bokbudene, so no brakar det laus!)


4 kommentarer:

Anonym sa...

Vil berre orientera deg om at klubben min "Damevin" skal ha møte fyrstkomande fredag. Sakliste:Studera programmet for "Nynorske litteraturdagar 2012",og sjå kor mange av oss 5 som greier å bestemma seg for å reisa.Og dei aller tøffaste overnattar!!Tidlegare år har det vorte med snakket...
Anonym ida-mor

Anonym sa...

Takk for vitring! Eg tykkjer programmet ser svært lokkande ut i år - og då held meg sjølv utanfor reknestykket, må vita. Det skal fløyma av grepa kvinnfolk! Nilssen og Eide og Bildøen og Ravatn ...
Godt ordskifte!

Anonym ida-kjærast

anonym kjærast bzw. dotter sa...

eg tykkjer programmet ser svært lokkande ut i år - og då er du det avgjerande plussteiknet i reknestykket, må vita.

fridtun sa...

Klissssss!