torsdag 9. august 2012

ei god byrjing

På krav från publiken hev eg freista klæda um endå ein Sigur Rós-låt, frå islendsk til norsk målbunad. Desse karane hev aldri lege på latsida, so her nøgdi av vyrke å velja uti. Denne gongen vart det «Ágætis byrjun» frå Ágætis byrjun, fordi − ja, dette er ei god byrjing.





Ljose voner vert røynd
her me gjeng til byen,
smiler og lær, glade

Venskap og trøyttleik møtest
Me høgtidar dagen
og fagnar tvo års venting

Fjerne draumar fødest

Me et og drikk oss mette
og svarar for oss
med det me eig i dag

Me set oss ned, spende
Høyrer sjølve oss slå
i takt med musikken

Det ingen synest å høyra

Dette er heilt annarleis
Me livde i ei onnor verd,
der me aldri var usynlege

Nokre dagar seinare
talar me saman å nyo,
men ljodet var ikkje godt

Me var samde um det,
samde um det meste
Me skal gjera det betre næste gong

Dette er ei god byrjing


*

2 kommentarer:

dativfleirtal sa...

'samde um det meste'. ja. å.

fridtun sa...

Ja. Den offisielle vevstaden åt bandet segjer temmeleg beint ut at me hev å gjera med ein metasong (song um den fyrste rettelege plata deira), men eg er for å lata songen liva sitt eige liv. Det er fulla bandet òg.