lørdag 18. april 2009

utsyn yver eit sykkelstyre

I dag tok eg fram sykkelen att. Han trong berre litt luft i dekki, so var'n fin og fresk som fan!
Eg fór ned åt festningi og knipsa litt. Det var ein gild tur, og det er fint å trilla ute slik ein klår og roleg kveld. Her ser de:

Utsyn frå eit sykkelstyre I. Fjorden.




Utsyn frå eit sykkelstyre II. Nidaros. (Motljos)




Og eg nyttar sjølvsagt hjelm når eg fer fram slik.
Han er ein god, gamall ven. Då eg var ung og kul klistra eg på tøffe skateklistremerke og slikt:

7 kommentarer:

ida sa...

åååh! eg vil òg ta fram sykkel! Eg har mange, men ingen eg kan bruka: Hedvig (sykkel I) står her bakom klesstativet med eit herpa bakhjul etter eit stygt ran ho var ute for i fjor. Eg har aldri tid til å leia ho inn til sentrum for å få dette reparert...sikker ikkje råd heller.

Sykkel II (Lucie) - som måtte brå-kjøpast då Hedvig vart stole - er heime på Voss grunna mangel på lagringsplass her. (kombinert med mykje nedbør som gjer at ho rustar) PÅ Voss er er også besto sin gamle og heilt fantastiske sykkel som eg brukar heime, fordi Lucie er så lita.

Eg nyttar òg hjelm. Den kan eg alltids ta på meg og gå ut, men det vert liksom ikkje det same.

Sunniva sa...

Hjelm er kjempelurt! Vi som ikke er tjukke i huet trenger hjelm.

fridtun sa...

De er so morosame og fine! Eg sit her og flirer for meg sjølv på sundagskvelden. Kannhenda skulde eg namngjeva sykkelen min, eg òg?

Tjukk i hovudet, ja. Ein gong eg gjekk på skulen kom ei politidame innum og fortalde um hjelm. Ho hadde kæLva (ramla) på hålka ein gong og slege bakhovudet (med hjelm på) i isen so det small. Hjelmen vart kløyvd i tvo, men hovudet greidde seg. Tenkjer det er morosamt å liggja på isen med kløyvd hovudskalle og tenkja "Jaja, EG ER I ALLE FALL KJEMPEFIN PÅ HÅRET FORDI EG IKKJE BRUKAR HJELM HURRA!"

Dana sa...

Fridtun... du är fortfarande ung.. och kul! Bara så att du vet...

fridtun sa...

Takk! Ja, eg er ung! Endå berre eit barn. Det har eg tenkt å halda fram med. :)

Som eg har sagt før: eg kjam aldri til å kalla meg sjølv ei kvinne . Eg er ei jente , för fan! ;)
Og ingenting er betre enn å sitja i fanget hennar mor..!

Dana sa...

Jag tycker kvinna är ett av de finaste ord som finns. Du är en ung kvinna! I mina ögon i alla fall.

fridtun sa...

Joo, fint er det, og eg likar å vera ei ung kvinna i dina ögon, men i mina ögon er eg, og blir eg, ei gjenta. Fint med mangfald og variasjon ;)