lørdag 4. april 2009

soli upp 06.27

I dag kom eg heim att til Alfarheim.
Toget frå Nidaros sumde i sol frå Berkåk og heilt til eg gjekk av på Hamar.
Mor og far er farne på hytta so no lyt dei tri systrene greida seg sjølve. Ei smal sak.

Her er sumt frå dagen:


Eg var på prent i Hamar Arbeiderblad.



Eg moroa meg med den ny-gamle skrivemaskina mi.



Eg høyrde det klukka og syngja i takrenna.



Eg leika ute med syster mi.


(her i lang underbrok og skorne åt'n far)


No skal eg lesa Dag og Tid og drikka øl og sjå solegladet og glåma upp i taket og ha fri.


(og kom i hug: 6. april er fødedagen åt Vinje OG Sivle. Eg gled meg.)

6 kommentarer:

tritonus sa...

Flott intervju, og strålande at du hyllar gudbrandsdalsmålet. Eg er stolt av fjellnorsken min, om r-ane mine er noko er-ikkje-heilt-sikker-norske :)

Ei bondsk ei sa...

Du trudde væ itte at je sku læ den passere? Grrr. Og smil. Syns nå itte at bondsk er så gæli hæll, je da. :)

Men jeg må si meg enig i at fjellnorsk er fint. Har en onkel og to søskenbarn på Lesja, og selv om dialektene våre er så forskjellige så er det som å kåmmå hemmatt hver gang jeg hører lesjing. :)

Dana sa...

Fint att se att du är i tidningen. Känd från.... osv.
Jag är i Norrland och det är en halv meter snö kvar här. Jag vill ha VÅR! Och VÄRME! NU!
Kram från Dana

fridtun sa...

Takk, æille i hopes!

Toten: eg håper du skjønte at det ikkje er EG som meiner totning er bondsk, men at folk flest elles tykkjer det. Det er eit GJÆVT mål. Men me treng fleire kjendisar enn Sigbjørn Johnsen som seier "je" og "itte".

;)

Tritonus: du har det råaste talemålet i heile NMU. Det greip meg frå dag éin.


-kf

Jens Kihl sa...

Je!

Eg elska slutten av intervjuet.

fridtun sa...

Eg svara ikkje so unyansert! Men, men.

Og det stemmer heller ikkje at eg har vore i sentralstyret. Men det fær so vera.

Grattis med dagen! ;)