fredag 3. april 2009

Påskegodt

I dag skal de få nokre rettelege kråser ('godbìtar') frå det norrøne ordfanget. Det gjeld um ord med klem og kraft, og ikkje so lite snert hell.
Ein god slump er henta frå Gylfaginning ('Gylve-narringa', frå Snorre-Edda)
Det er ei morosam tekst med mykje knask i.

snertiróðr - ein stutt og snar rotur.
nestbaggi - nistepose
myrkvastofa - fangehus
ástbrími - glødande elsk
happadrjúgr - heldig, lukkeleg (jf. heppe)
orðkölfr - burtfall av endestaving, apokope
brókabeltispungr - pung som ein ber i beltet
raunøruggr - sers påliteleg, trygg
gamanþing - elskhugsmøte
yfirferðarillr - vanskeleg å ferdast yver eller gjenom
hoppfagr - fager i dans


...og so burtetter og burtetter.

Ein yndling er:
ordabang - kiv, ordstrid.

Eg endar med ein gild bolk frå Gylfaginning.
Tor (guden) vert harm når han ikkje fær upp nestbaggann åt kjempa Skryme. Skryme ligg og søv og ryt (snorkar) høgt. Tor triv hamaren Mjollne og klinkar til Skryme i skallen. Då hender dette:

"En Skrýmir vaknar og spyrr hvárt laufsblað nokkut felli i höfuð honum, eða hvárt þeir hefði þá matazk ok sé búnir til rekkna. Þórr segir at þeir munu þá sofa ganga. Ganga þau þá undir aðra eik. Er þat þér satt at segja at ekki var þá óttalaust at sofa."

På norsk:
"Skryme vaknar og spyrr om det datt eit lauvsblad ned i hovudet på honom, og um dei hev ete og er budde til å leggja seg. Tor svarar at no skal dei gå av stad og sova. Og dei går inn under ei onnor eik. Men du skynjar at nokon trygg svevn var det ikkje å tenkja på."

Hvárt laufsblað nokkut.
Eg flirer meg skakk.

3 kommentarer:

Ragnil sa...

Jaaa, morosamt! Ordabang er min yndling òg. Så skildrande og så rett, både det og mange av dei andre orda!

ida sa...

ordabang var fint! eg trur me må innføra det som ein fast post på mnu-samlingar. (då i den amerikanske tydinga "battle")

"ja, har du øvd inn nokre frekke og krenkjande rim til ordabangen i kveld, eller?"

fridtun sa...

Glad de lika det!
Og ein god idé dette med ordabang som fast NMU-post, Ida. Kanskje eg tek det opp på neste landsstyremøte! ;)


-kf