mandag 4. august 2008

Endå eit ferdaminne. Og ymse anna.

I dag er ein god dag. Difor kjem eg med ei godt innlegg. Med det meiner eg meiner eit innlegg um gode greidor.

På denne dagen, 5. august, i 1813 vart ein gut fødd på ein liten gard i Hovdebygdi. Og det var ein viktug fødsel! Jau då, jau då, for det var han far Ivar. Aasen. Eller Iver Andreas, som var døypenamnet hans. So, vyrdnad til honom - me ynskjer til lukka med dagen!

På fredag og laurdag sist helg var eg på ei av dei finaste ferdene eg hev vore på i sumar. Det var ei slags pilegrimsferd for meg. Kva som var det heilage målet? Barndomsheimen åt'n Ivar, Ivar Aasen-tunet. Far og eg. Me drog. Næsten spontant (me avgjorde det heile på torsdagen). Fredag ettermiddag fór me i veg. Uppetter Mjøsa og væne Gudbrandsdalen. I kveldingi stogga me midt på Strynefjellet. Me fann ein stad å setja bilen, slo upp teltet. Eg laga suppa på primusen, og drog fram ein isboks med heimelaga semulegrynspudding i og havde raud saus attåt (det er fulla berre du, tanta, som kann sjå fyre deg kor glad han far Fridtun vart då!). So fall me i svevn, med susen frå ein fjellbekk i øyro... hoh, nasjonalromantiskt! Um morgonen bar det i veg att. Me vitja tunet - det var KNALL! So køyrde me heimatt på ettermiddagen, same vegen som me kom. Terningkast 6!
Her er nokre bilæte frå den gilde ferdi:
















Bustaden.
















Gamlevegen ned frå Strynefjellet.

















Eit stabbur frå tidi åt far Aasen.




I går kveld var eg med mor ute i hagen (ikkje som sist gong). Eg sette nokre blomar ned i jordi og reinska burt eit utal grøne makkar som åt upp alle blad på klematisplanta åt 'a mor - dette er fjorde året dei held etarlag i planta hennar. Ho var leid heile dritten.
Eller som ho sagde: "Nå er dine dager talte, din jævla klematis!".
So køyrde ho spaden ned under den uppetne voksteren og braut upp alt i hop so det knaka i røtene og jordi skvatt til alle kantar. Det er tak i ho mor, gett!

Dessutan glytter soli ned på oss i dag.
Gildt.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Smil.

Smil fordi orda dine fikk meg til å smile, og smil fordi jeg så noen kressinsmil mellom linjene.

Klæmm frå Toten.

Anonym sa...

Oi! EIRIN! Kva i alle... er du her?!
Atter OI! Og smil! Du store. Ja. Dette var gildt. Og kressinsmil var det alle stader i innlegget.

Eg fær ikkje høve til Toten-vitjing fyre eg dreg til Trondheim att. Ikkje til fotballkampsjåing heller, diverre. Men me treffast vel att ein eller annan gong!

PS, vonar blåtåi frå Elverumskampen er frisk og fin att no!

Stor kram frå Elverum

Anonym sa...

Jeg tror moren din er kul, Kristin.

Silje sa...

Eg òg køyrde gamlevegen over Strynefjell i sommar. Vi stogga ved den gilde fossen med utsikt som på eit prospektkort, der dei har ordna til veg og sikring og det heile så ein kan sjå rakt ned i dauden om ein vil, og likevel vere trygg. Eg stakk av frå dei andre då pappa mista solbrillene sine, og så sprang eg ned på sida av turistordninga og ut på ein svær stein som ein òg kunne sjå rakt ned i stupet frå, men utan gjerde og utan tyske turistar rundt, og der fekk eg vere i fred i nokre minutt med utsikta og stupet og eit fossebrøl som overdøyva all turistlyd. Og det er med eit smil eg må seie at medan eg stod der og såg ut i Noreg og elska naturen og ville gå heile Strynefjell åleine med meg sjølv, byrja hovudet mitt å spele ein song: ikkje noko nasjonalromantisk og stort og sublimt, men tittelsongen frå ”Pocahontas”. Jepp, sånn er det. Eg kjende meg heilt som Pocahontas der ho står på eit stup med vind i håret og syng om at ho er glad i naturen. Men fint var det (eg vil til og med seie at det var sublimt), og eg skulle ynskje eg òg kunne søve i telt der ein gong.

Anonym sa...

Huhei!

IA: jau, ho er då kul. Men det ær da full itte så rart, når mor hennes kjæm frå ei ta dæssa hedmarkske flatbygden!

(hev eg Brit-abstinensar? Det kann godt tenkjast.)

Silje: å, ja, fossen ved Videseter. Væne greidor! Og litt nifst. Og Pocahontas høver då rett so godt inn i det landskapet. Me stogga der for eit par år sidan, men denne gongen fór me rett forbi. Me var so huga på å nå fram til Aasen.
So brillone kvarv nedi fossen? Kva hende då?

Silje sa...

Vi veit ikkje heilt kva som hende. Dei var der, og så var dei der ikkje. Pappa trur dei forsvann ned i fossen, Henrik trur at dei falt på bakken og at ein turist tok dei. Pappa fekk seg nye solbriller på Trondheim torg, og var nøgd med det. Men det kom ein sommarfugl og flaksa rundt og landa på oss medan vi stod og så ned i fossen, og det var heilt som i ein film.

Anonym sa...

Jada, jeg er her. Titter innom med jevne mellomrom. :)

Føler meg litt malplassert blant litteraturstudenter og nynorskbrukere, derfor har jeg ikke skrivi kommentar før. Men denne gangen bare måtte jeg. Fordi det innlegget her fikk meg virkelig til å smile. Helt helt ekte smil. Jeg satt og leste også plutselig oppdaga jeg at jeg smilte. Så da stoppa jeg å lese, også smilte jeg litt ekstra fordi det var så fint at orda dine fikk meg til å smile. Og så tok jeg bort smilet mitt, og begynte å lese videre. Ikke mange linjene var lest før jeg enda en gang oppdaga at jeg satt der smilte. Og enda en gang måtte jeg smile litt ekstra fordi orda dine hadde fått meg til å smile. Herfra og ut og enda litt lenger satt smilet bom fast. :) Og...sånn gikk det til at jeg bare måtte skrive en kommentar denne gangen. Jeg syntes rett og slett at orda dine fortjente det, i og med at de så til de grader malte smil på meg. :)

Anonym sa...

Å, jamen det var godt å høyra! Og ingen er malplassert på bloggen min. Berre dei som hev vondt blod. Og utan at eg kjenner blodtypen din vågar eg segja at du er ikkje av deim!

Det er godt å lesa noko og so brått uppdaga at ein sjølv sit med ein smil um truten. So moro at eg fekk det til! Er du innum mange stader og les? For um du veit um noko fint, so tek eg gjerne turen sjølv.

Kram