fredag 22. august 2008

Frå fjellgutudjupet

I Fjellgutusjøen er det lake. Laken er ein ljot og sleip botnfisk som et alt av kjøt som finst nede i djupet. Far min fekk ein diger rugg i garnet sist helg. Skinnet var so hardt og stivt at dei laut skjera og vrengja det av med tong. Det er ikkje ofte laken fastnar i garnet. Her kann de sjå'n (fisken, ikkje far):
















Feitt å liggja på kjøkenbenken med solbrillor















Feitt med solbrillor og tunga uuuut

Eg hev likso greidt skrive eit kvæde til styggen:


Kvæde åt laken

Stilt no, frende,

stogga leiken;

høyr um drott

som dagen løynde:

Vreid og vondkynd,

verste guten,

styggen sjølv

seig stilt mot land


Han gøymde seg

i Gutulidi,

drog han der

åt djupe vatnet;

langt til botnar

laut han symja;

myrker løyner

mangt eit lyte


Draugen smaug

i duld og dimma,

lått og yl

i lynget leika

Vill han vakna,

veidefisken;

fælsleg kjeft sku’

føda fanga


Grå han gleid

med gløypetruten

Flo og flengde

fiskar mange;

svolten reiv

og sveiv i buken,

mange matmål

trongst til metta


Brått han fastna,

botnfisken;

kava kaut

i kjempegarnet

Diger rugg

med drjuge krafter –

mun han vert

eit matmål sjølv!


2 kommentarer:

Sunniva sa...

"Diger rugg
med drjuge krafter –
mun han vert
eit matmål sjølv"

Nydeleg, ikkje stort meir å (sei)e. (:

Anonym sa...

åh fy helsike! vonar isabel aldri får sjå det her, då vert ho aldri den same att... men hefti feitt med solbriller ja. hahaha! elles vil eg nytta høvet til å reklamera for nerdebloggen min (me er pålagde å blogga um undervisninga i det eine faget...so kan det diskuterast kor lurt det er å utstyra meg med eit forum for AKTIV NERDING) her er han: http://nettnerding.wordpress.com
jajamen. her ska verta liv veit eg!