mandag 8. september 2008

kvi er det daudebeiskt å få?

D'er betre seint en aldri.
Eg laut gjeva tol, men no!
No tarv eg ikkje bida meir.
Det hev brote yta.
No kjem det fossande, det spring og jagar nedetter ei utøymeleg elv og leikar seg i ville stryk, det durar og syng, og skummet skin som ein sylvkvit faks.

Tenkj å hava slik ei elv i hugen!
Eg hev.

Kvi? Jau, endelegt hev vyrde Petrarca fenge neven um Fridtun-hjarta. Eg hev vore som trolla av karen sidan eg las nokre linor um honom i norsboki frå 2. klassa på vidaregåande, men like vel klæmde han til fyrst no, fire år etter.

Her er sumt frå sida 125 i Tema 2: "Det er vanlig å si at renessansen begynte midt på 1300-tallet. Da ble den første gjennomkomponerte diktsamlingen siden oldtida skrevet, nemlig Canzoniere av italieneren Francesco Petrarca (1304-1374). Samlingen består av 366 kjærlighetsdikt til Laura, som dikter-jeget ser første gang i en kirke langfredag 1327. Etter møtet føler han at han er skapt på nytt, av kjødelig kjærlighet."

Gjævt! For ein kar! Eg trur eg er veik for'n av di eg kunde gjort noko liknande sjølv, i minsto ynskt at eg gjorde det. 366 dikt - som skriv seg frå eitt møte!

ALIT1101, Litteraturen frå antikken til 1500, hev mang ei perla på pensumlista. Millom anna er "Sonett 132" å finna der, og kvædet er so gildt og varmt at det glim av det. "Petrusen" hev skyna kjærleiken, han hev sét og granska kvar ei sida av'n, trur eg. Og umsetjar Sigmund Skard hev skyna eitkvart han au, kvart ord er ei frygd å lesa!

Jau-då, jau-då, de skal få sjå sjølve.
Her er sonetten. Og formi er som ho skal vera, de må gjerne lesa høgt.


Er dette ikkje elsk, kva kan det vera?
Og er det elsk, å Gud, kva er det så?
Om godt, kvi er det daudebeiskt å få?
Om vondt, kvi er det endå søtt å bera?

Vil eg det sjølv, kva gagn kan tårer gjera?
Og vil eg ikkje, kvifor græt eg då?
Å daudeliv! å frygd eg flyr ifrå!
Eg strir imot - kor kan du endå tæra?

Og vil eg sjølv, kva tener tårer til?
Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre,
og styrelaus i skrale båten stend eg.

Så vesal er min visdom, dåre, dåre!
at ikkje sjølv eg veit kva sjølv eg vil,
eg frys i varmen, og i frosten brenn eg.



Ein vert mest ordlaus.

[eg er ordlaus]

Men - der er meir!
Petrusen sat ikkje berre tagall heime og skreiv um hjartekvida, å, nei!
Han var av dei fyrste som leita trottugt etter forne manuskript, og det var han som fór kringum i gamle, støvutte bibliotekskrokar og til sist fann ein haug burtg(l)øymde Cicero-brev. Han var au tidlegt frampå med å nøyta folkemål i diktingi si. Og han var og er yvervættes viktug for sonettsjangeren og framvoksteren av'n. Me kjenner au til ferdi hans upp på Mont Ventoux - å koma seg upp der er kje barnemat!
Ja, Petrusen var eit dugande mannfolk. Eit flogvit! Eg skulde jaggu møtt'n. Det skulde eg.

Men no er det seint og tid for sova.


Kvi er det endå søtt å bera?

6 kommentarer:

Anonym sa...

åååååh!

Sjiit, no kom minna flaumande. Eg hadde nesten gløymt dette diktet. Eg hadde ikkje dette diktet på pensum i littvit, men på 16-årsdagen fekk eg eit stort kort av Marit med anna det diktet!

hmm..

Anonym sa...

Oi! Eg hadde ikkje "litterære" vener på den tidi. Heldiggrisen!

Engeline sa...

Petrarca! Jeg husket ingenting om ham før jeg kom på alit, men i ettertid dukker navnet hans opp alle steder. Det anbefales at du leser artikkelen fra The madwoman in the Attic igjen, for nå skjønner du for alvor hva de mener med englediktningen og kvinnen som må være død! Masse biter på plass. Men ååå, Petrarca skriver så fint.

Anonym sa...

Ah! Skard er ein genial mann. Las noen av sonettene han hadde omsett da eg gikk på vgs. Utruleg fint.

Anonym sa...

"Så vesal er min visdom, dåre, dåre!
at ikkje sjølv eg veit kva sjølv eg vil,
eg frys i varmen, og i frosten brenn eg."

OI! Ordlaus!

Anonym sa...

Takk, folkens! Godt de lika diktet. Eg gjer.

Og eg tykkjer Skard er ein dugande kar, ja. Han hev umsett mest helvti av tekstene me hev vore gjenom i ALIT1101 i haust. Framifrå!