torsdag 9. oktober 2008

kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom

- sagde Hauge. Og fjom vart det! Snjofjom!

Sist helg var eg med mor og far og systrer tvo og hund på hytta, sjø. Og der hadde kong Vinter vore frampå. Eg legg ut nokre bilæte frå ferdi, so kann de sjå. Ja, og me borni bada. Det var 5-6 gradar i vatnet, og uppfriskande! Eg legg ikkje ut bilæte av dét, for me hev ikkje klæde på. Men prov finst, altso.




















































































4 kommentarer:

Anonym sa...

God stil i svevet!

Og apropos den store Olav, eg kjøpte ei ny dobbelplate der Finn Coren har laga tonar til fleire dikt. Noko er kjempevakkert, men diverre har han freista gjera "delillos-pop" av mykje, og det høyrest jævleg ut. Så veit du det.
Topp: Opplesinga av attdiktinga av Paul Celan sitt Todesfuge. Tårer i auga!

Anonym sa...

EG YNSKJER MEG FINN COREN TIL ÅRSDAGEN MIN!

Eg las ei god platemelding av'n i Adressa, og hev sikla etter'n sidan dess. Endå delillos-pop ikkje freistar stort.

Takk for innlegg i vevloggen forresten, han er litt daud for tidi.

Anonym sa...

FORRESTEN!

Då eg såg opp frå boka ein gong på bussturen mellom Oslo og Trondheim i går, såg eg rett inn i eit skilt som fortalte meg at "PINK Bil og deler" låg nokre meter lenger inn grusvegen. Det var skikkeleg wow, for eg kasta berre ein blink ut vindauget, og der var det.

Anonym sa...

Feitt! Det var lagnaden, det kann du vera trygg på!