onsdag 30. juli 2008

eg leikar po(t)et

Det vart litt for ope sist.
Eg legg inn eit sjølvskrive kvæde i staden.
Freistnad på fornyrðislag er det au.
Um det held mål? Veit ikkje.
Er det for kjenslefullt? Utan tvil.

Eg hev kalla det Vantarmål.

Uhag er han
som eidar bryt
og svorne voner svik
Venelaus han vert
som vinglar stødt
millom hjarta og haus

Sjå deg fyre
når sumaren ris;
for stygg-velor vonde
Han fær trega,
trauste hugen,
når tidi tung skal tolast

Møyi du sveik
og miste or handi;
det tyngjer visst hugen tidt
I sakn og einsemd
sviv no skalden;
går korkje frygd hell gaman

Myrker og otte
merkar han best
som sut-tyngd i stova sit
Bjarte soli
og byrg-grøne graset
kann kje støyten stagga

Ber du byrdi
byrg på herdi;
veik er vond hugstein
Venta allstødt
i år og æva,
og hugen hard skal heilast







2 kommentarer:

Engeline sa...

Jeg liker det når du skriver dikt. Særlig når språket ditt gir meg assosiasjoner til Ivar.

Anonym sa...

Eg likar at me er for fyrenamn med'n. Ivar. Finst liksom berre èin av'n! :)

Takk, ein treng kanskje ordbok for å skyna alle ord og vendingar, men å vida ut ordheimen sin er vel berre vel og bra!

Takk!
Fær eg eit lite utval dikt av deg ein gong kanskje? Eller, eg veit dei er som små born, små skattar... som små avtrykk av ein sjølv, men læll...