søndag 6. juli 2008

Fyrebils ferdaminne Nordkurs 2008

No er eg i Århus.
Nordkurs.
Ved Århus Universitet.

Kvar vìka skal eg koma med nokre småe glytt for dykk, fortelja litt um sumt som hender her i det flate landet. Bilæte høyrer med. Her kjem det fyrste av tri innlegg.

Fyrst ut: danskane er likso velseda (eller useda?) som nordmenn. Sjå til dømes på dette uppslaget på kjøkenet på nordisk institutt, dette er noko me nordiskstudentar kjenner frå Svennevig-boki og pragmatikken:





















Jaggu nyttar dei same implikaturar her au!


Stutt um kurset, eller skeidet, som me gjerne segjer på norsk: me skal læra um mange ulike emne, frå tekstteori og tekstanalyse (mykje um logikk, proposisjonar, pragmatikk, skiljet millom sakprosa og skjønnlitteratur), til modernisme og syndefallsmotivet. Denne vìka hev me arbeidt med tekstteori og analyse, i morgon tek litteraturbolken til. Siste vìka vert nytta til fyrebuing til eksamenen 18. juli. Då skal me leggja fram eitkvart i gruppor for klassa (uppgåvone vert haldne i løynd ei stund til) og få i gang eit ordskifte.
Japp. På litteraturpensumet hev me De måske egnede av Peter Høeg og ei novella av Steen Steensen Blicher, nokre dikt av Henrik Nordbrandt, og ein hop modernistiske tekster. De som er serskilt huga fær spyrja um de vil ha namn og titlar ;)

Deltakarane her er for det meste svenskar og finlandsvenskar, me er einast tri frå Noreg. Attpåtil hev me ein sveitsar som talar både norsk og dansk. Her er folk i alle aldrar, og alle som ein er jättetrevliga og fine å vera saman med. Nordkurs er som kjent ei samling som er minst like sosial som fagleg. Me bur på ein hushaldningsskule med det ikkje smålåtne namnet Sansestormerne. Her trivst me!

Um eg skal trekkja fram noko frå vìka: timen på fredag. Me skulde einast ha ei stutt, lett fyrelesing; "Fakta om Danmark". Kva tala herr Widell mest um? WIENERBRØD! Han tala vidt og breidt, han kunde sakene sine vel, me fekk heile wienerbrød-soga, og han havde eit heilt bord stint med ulike slag wienerbrød som me fekk smaka på:


































I dag, sundag, hev me vore ein bøling på Kalø slot.
Det var gildt å koma or byen ei rid, kjenna vinden i håret, rusla millom kyr og kurukor (dæven eg hev sakna kurukor!), vera langt ifrå allskyns motorar og mas. Me sat på mur-restane og åt og sang og havde det sers sjov. Sjå:
















Den steinlagde egen fram til slottet er frå millomalderen. Skitkult å ganga på slik ein veg! Heile 500 meter med gamalt far. Upphavlegt låg slottet på ei øy, men so vart det laga ei demning og no er det turt land heilt ut.

















Her sit eg.

















Her ser de ei ku som klør seg i hovudet. Det er ho til vinstre.
















Slottet, med litt tre og slikt framfyre.

Elles kann eg melda at me hev vore på kunstmuseet Aros, rusla i Den Gamle By, havt grillfest, sét på danske filmar, og mykje anna i same leidi. Og ja, det vert tid til å lesa litt fag au. ;)

Ikkje so mykje heimlengt enno,
det er deilegt å vera norsk i Danmark!

12 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, eg ser at du har det fint! Det gjer meg glad.
Takk for at du skriv om det.
Om du lurer på kva som skjer her heime i Noreg (og ute i Europa), kan eg snøgt ramsa opp det viktigaste:
-Thor Hushovd vann etappe to av Tour de France.
-Lillestrøm tapa ein fotballkamp i dag. Målvakta var irriterande ræva.
-NRK sende finalen i Wimbledon-turneringa no i ettermiddag. Eg såg på han før eg gjekk på LSK-kamp. Og etter eg kom heim. Han haldt fram i over fire timar. Og var sjuuukt spennande! For ein teveaugneblink! Rafael Nadal vann.

Elles; det regnar.

Anonym sa...

Takk! Kunnskap (både um Noreg og Europa) kjem stødt godt med.

Men seg meg, kva stend smft for? Er det noko eg kann gissa meg til?

Anonym sa...

Eg var kreativ og nytta bokstavane til høgre for André på eit norsk tastatur. Det er ikkje genialt, men heller ikkje langt frå.

Sunniva sa...

Det høres ganske ok ut på sommerkurs, særlig om man får wienerbrød. Du lærer sikkert mye interessant. Her i Trondheim lærer jeg mest om ecco-sandaler. Det er bare interessant til en viss grad.

Anonym sa...

Eg hev ekko-sandalar! Og dei hev vore med jamt og trudt sidan 2003! Ikkje eit einaste lyte på deim! (ein liten sprekk i solen, men han er ikkje til bry).

Jadå, nordkurs er fint. Kanskje du hiv deg på ein gong?

Anonym sa...

Tja...jeg er så grådig og dermed veldig opptatt av å tjene penger om sommeren (for så å bruke dem på tull), så vi får nok se.

Silje sa...

Så fine bilete! Så fin tekst! Eg fekk skikkeleg lyst på danske wienerbrød no, for dei er verkeleg best.

Om du lurer på kva som skjer her heime i Noreg som ikkje har med sport å gjere, kan eg ikkje hjelpe deg mykje. Men brevet eg har lova deg i lange tider, har eg endeleg fått ned på papiret - det skal forhåpentleg møte deg når du kjem til Trondheim att (men du må gi meg tilskrifta fyrst, for verdsveven har ho ikkje).

Anonym sa...

Då får jag väl ge mig till känna då, och dela med mig av min egen blogg när du så frikostigt länkar till din egen!

Imorgon blir det Skagen! Yeah!

Engeline sa...

Danske wienerbrød? Er det bedre enn vanlige? Det er altfor, altfor lenge siden jeg var i Danmark. Nærmere 15 år, når jeg tenker meg om, og det er jo en stund.

Smftŕ / qhe4'3/ André - det var ganske genialt. Og så liker jeg så godt at du skriver under et fullstendig uforståelig navn, og likevel vet alle hvem du er med en gang. Du skriver deg selv inn i teksten, og det er alltid flott.
(Dessuten skal Brann spille kamp på mandag. Det er alt jeg vet om sport.)
Men jeg vet noe om Trondheim; biblioteket har begynt å selge bøker igjen, barnebøker denne gang. Skjønt det er lite kvalitet blant utvalget, og det lille som er stikker jeg av med før noen av dere kommer hjem igjen.

Paulina, har du en blogg en kan lese? Det høres nemlig spennende ut.

Anonym sa...

Hej!

P hev ein jättefin bilætblogg. Eg skal senda deg tilskrifti på fejser'n, E.

Eg kjende ikkje noko serskilt då eg åt danske wienerbrød. Det er klissutt same kva. Men tollegt godt. Danmark er fint, seinare i dag kjem eit nytt renn med bilæte. Og so smått med tekst.

Eg gler meg til å sjå deg att, Ellinor, endå du ikkje er ein sportsfantast. Det spelar ingen roll alls. Kansje eg fær bla litt i dei nye barnebøkene òg :)

Silje sa...

Eg hugsar at vi åt wienerbrød i Danmark då eg var ti eller elleve, og dei var heilt ferske og usannsynleg gode. Men dei hadde ikkje god iskrem.

Engeline sa...

Aha. Men ferske wienerbrød er sikkert best, særlig når de spises på ferie. Ellers er vel danskene kjent for øl og pølser, ikke så mye for god iskrem. Det er mer en høykulturell, italiensk ting skulle jeg tro.