lørdag 31. oktober 2015

bokbeussen

Ein sers lokal bokbeuss var innum heimen til husmori og nettnerden i går. Ja, når sant skal segjast, var det husmori sjølv som var beussen. Ho hadde sete i stova og skrive ein stubb til Dag og Tid, og då hev ho stødt ein dunge ordbøker ikring seg. Utpå eftan var stubben ferdug, og bøkene skulde attende til hylla si. Til vanleg tek husmori tvo eller tri bokturar, men i går våga ho seg til å bera alle samstundes! Det var ho so nøgd med at nettnerden vart tvinga til å knipsa eit bilæte.


Frå vinstre: husmori, Norrøn ordbok, Nynorskordboka, Norsk etymologisk ordbok, linjert skrivebok, Med andre ord og Norske Ordsprog av Aasen. Ikkje til stades då bilætet vart teke: Våre arveord (husmori nytta nettutgåva).


tirsdag 6. oktober 2015

utkikks

Husmori og nerden var ute i «fina vêret» i går. Då kleiv dei upp på fjellet som ligg rett attum huset. Det var ei gild ferd, med fotosession og kaffikvild på toppen. Nerden, som hadde vore der fyrr, sleit litt med å finna stigen ned til Kistebakkane, og det synte seg snart at dei hadde gjenge for langt. Medan dei kava seg tilbake, på ein smal, steinutt og blaut stig, sagde husmori: «Me fær då trena koordinasjonen, i alle fall!» Ho hadde ikkje fyrr sagt det, so trakka ho gale og stupte og tok seg mesta inn att. Det blett blod! Nei då, berre ei ørliti flengje på handi. Slik var utkikksen:


 
 

søndag 27. september 2015

båtar (ei uppsamling)

Her er sumt av det som hev sigla framum stoveglaset dei siste vikone, medrekna eit attersyn med utvalde høgdepunkt:

Eit klassiskt tog! 

Ei lang pylsa. Ho ligg djupt. 

Baderomsfarga båt ved soleglad.  


Fryseboks i soluppgang. 

Noko smått og rart. Kann det vera LEGO? 

Mykje smått og samla. Saman er ein mindre åleine. 

Ein ny båderomsfarga båt i friske bylgjor. 

Noko av det styggaste som hev vore på fjorden her! 
Her laut dei byggja høg bru, skulde dei sjå yver fryseboksen.



søndag 16. august 2015

Kaizer og historia um den pipande ballen

Hunden i barndomsheimen (ja, han høge og myrke frå det fyrre innlegget) hev mange gledor. Til dømes mat, mat og mat. Og mor, mor og mor. Me andre kjem litt lenger ned på lista. Men so er det vel ein grunn til at det plar heita matmor, ikkje matfar, jamvel um både hunden og me andre fær mat av far rett som det er.

Ja, og attåt mat og mor hev hunden gleda av å henta pinnar, lauga seg i tjern og bekkjer og kulpar og ymse andre vasshòl, få kos, stela sokkar (og stundom svelgja deim av vanvare), jaga mus og lemende. Men i sumar fekk han ei ny gleda: ein ball som pip når hunden bit i ballen. Han vart reint galen etter denne ballen, truleg av di det er moro med ljod, serleg ljod som minner um ei mus hell eit lemende som skrik. Han er trass alt eit rovdyr, endå so søt han er.

Men er han eit klokt rovdyr? Sjå, dét er eit anna spursmål. Kvar gong når me var ferduge med å leika med ballen, pla me leggja honom i ei bytta uppunder takskjegget på bilskuret (islendsk for 'garasje'). Hunden skyna det, og han sette seg ofta til å stira på dette takskjegget, eller endåtil bjeffa på det og soleis kunngjera at me laut koma og leika med ballen. Alt vel so langt! Men av di me vart leide av dette maset, tok me til å bera ballen inn og gøyma honom på vaskeromet i staden. Kva hende, trur de?

a) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, i von um at ballen eller me skulla openberra oss.

b) Hunden skyna straks at ballen no låg ein annan stad.
c) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, men etter nokre dagar gjekk det endeleg upp for honom at ballen var på vaskeromet.

Svaret kjem under bilætserien. Snikfotograf: anonym fru.






Sjå dei vonfulle augo!



Jau, etter nokre dagar skyna hunden at ballen var på vaskeromet. Det er godt mogleg at ballen låg innandørs då bilæti vart tekne.


lørdag 11. juli 2015

frå ei liti fjellferd


Husmori, far hennar og hunden er nyst heimkomne etter nokre dagar i fjellslege strok. Sidan det var fælt mykje vind og temmeleg kaldt (um lag fire-fem grader), vart det mange timar innandørs. I alle fall for desse tvo:




Men dei var då litt ute òg! Til dømes lauga dei seg i vatnet, som heldt 9 grader og diska upp med uvanleg stor sjøgang (til eit lite fjellvatn å vera). Husmor-faren stod på strondi i tjukke klæde og tok bilæte. Ser de husmori?


Vonleg er det betre laugevêr seinare i månaden. Då lyt Nettnerden uti òg!



tirsdag 16. juni 2015

meir frå fjorden

I dag tidleg, då nettnerden budde seg til å fara på ærbe, såg ho ut glaset og sagde: Det ser ut som ein fryseboks med båt under.

So då laut husmori fram med kameraet.


tirsdag 9. juni 2015

nutt (og stugt) frå fjorden

Ja, de las rett: No er det husmori som kjem med båtbilæte! Når sant skal segjast, er det ofta ho som tek bilæte av det som rek utpå fjorden, men so læt ho nettnerden få arbeidet med å leggja det ut på veven.

Her er sumt av det husmori såg frå stoveglaset no i vår. (Det er mogleg at nerden hev lagt ut eit eller tvo tidlegare.)



Fyrst ein liten luring med ein endå mindre luring bak seg.


So øygna husmori noko med friske fargar:


Dette må eg sjå nærmare på, tenkte ho.
So då tok ho i bruk zoomen:



Av anna trafikk kann husmori melda at tidleg i mai, etter at ho og nerden hadde lagt seg, høyrde dei fælt mykje musikk og skrål utanfor. Det smaug seg inn gjenom det opne soveromsvindauga, og dei kunde plent ikkje skyna kvar det kom frå. Dei var samde um at ingen i gata her hadde fest, i alle fall hev dei ikkje vore plaga med slikt fyrr. Men so! gjekk det upp eit ljos. Det laut koma frå ein båt på fjorden! Og det var rett. Ein partybåt (med russ?) snigla seg fram i den ljose og milde vårnatti.