torsdag 27. juni 2013

mjuk?

Eg hev tøygt og bøygt mange musklar so langt i livet, i alle fall i den tidi eg dreiv med skidhopping og laut vera mjuk, men andlitet hev eg ikkje tøygt meir hell det vanleg lått og gråt og anna minespel krev. Difyre vart eg både fjetra og nyfiki då lokalavisa nyleg skreiv um det tøygjelege andlitet mitt. Det gjekk til slik:

Fyrre fredag heldt eg eit lite kåseri, dei kallar, um ord og målbruk. Høvet var Volumfestivalen. I siste helvti av innlegget tok eg fram den fillutte og utslitne utgåva mi av Norsk Ordbog av far Aasen (den nye utgåva frå 2003, vel å merka, ikkje ei 1873-utgåva) og tala varmt – og vonleg klokt – um boki og verket hans Aasen. Ei bladkvinna frå Østlendingen var til stades i salen, og dagen etter kunde me lesa i bladet at eg, då eg greip boki og tok til å tala um henne, «ble mjuk i ansiktet på en annen måte». Den vyrde nettnerden og eg tok straks til å undrast: på ein annan måte? Korleides var den fyrste måten? Hev eg eit jamt drag av mjukleik i andlitet – som brådt skapte seg um?

Saki er enno ikkje uppklåra, so um nokon hev tips eller vink som kann føra oss nærmare ei løysing, er me takksame.

mandag 10. juni 2013

fridtun (hus)morar seg – bolk 2

Vyrde lesarar! Den heimeskrivande husmori hev havt gode grunnar til å drygja litt med bolk 2 i denne spanande serien som ingen les utan å få merke av honom. Ho var nemleg burte frå heimen mest heile fyrre vika. Frå tysdag til laurdag fekk ho lufta seg med Nynorskstafetten, og då segjer det seg sjølv at lo lagde meir vinn på å skriva innlegg på stafettbloggen en å spinna i hop skrønor um kva som bar til i den heimen ho ikkje var til stades i. Men no er ho trygt attende i ritstova si, og ho minnest med gleda (dei annsame) dagane i Sveio, Haugesund, Vindafjord og Etne/Skånevik. Vel å merka hev ho ikkje havt høve til skriva so mykje just i dag, endå det er syknedag, av di ei kvinna frå NRK P2 vitja heimen og vilde tala um det undersame faktum at husmori ikkje berre er husmor, men jamvel husfar. Her held me lika fullt fast ved nemningi husmor, for husmoring er då visseleg gildare en husfaring, kva no dét måtte vera. Vel, røl til sides: Me er komne til andre bolken i soga um fridtun som (hus)morar seg, der lesarane fær ein glytt inn i verdi til den heimeskrivande.

Bolk 2: Innreidnad

Det er vida kjent at Iver Andreas Aasen er ein høgt elska mann i heimen vår. Kvar einaste dag den heimeskrivande husmori er heimeverande, ser ho djupt inn i augo til denne vyrdelege sunnmøringen og kjenner varmen breida seg i bringa. Det hev seg so at han heng på kjøleskåpet, der han er hugsamt kringsett og pryda med tysk kjøleskåpspoesi.




Me kann elles kyta av å hava ei bokhylla som mange berre kann drøyma um: Billy Limited Edition. Ei frygd for auga! Sjå serskilt kor godt årgangane av Syn og Segn (og ymse andre tidsskrift) høver til den friske fargen. Ja, det hender me slepper alt me hev i hendene og stend gapande i ovundring framfyre dette makelause kunstverket.



 
So skal de få sjå at sambuarane ikkje søv åleine i sengi si. Nei, då tenkjer eg ikkje på smådyri som liver i sengklædi, eller kreki som jamt kryp inn opne glas og andre glipor, men på dei tri luringane som hev vore til trøyst og gleda for oss i gode og vonde dagar i barne- og ungdomsåri. Storvaksne Preben (skrukketrollet) ber dei tvo minste, Pelle Kanin og katten, varsamt i munnen. (Hin dagen fann husmori forresten eit rettelegt skrukketroll på kjøkengolvet. Til alt hell var det munaleg mindre en Preben.)



 
Og endeleg: dei tvo stolane i stova. Me hev ikkje sofa enno, ser de, men desse stolane tener oss trufast og godt. Det feite kattadròget som bur i same hus som oss, greidde ved eit høve å laga ei liti rift i trekket på den vesle stolen til høgre, av di han grafsar so styrlaust med klørne når han kosar seg, men burtearbeidande lærar bøtte skaden fyrr han fekk veksa seg større. (Heimeskrivande husmor veit ikkje so mykje um arbeid med nål og tråd, men det skal ho jaggu få læra, segjer frøken.)




Um de no sit med spursmål av ymse slag, eller um de treng fleire råd um korleis de kann skapa ein smakfull heim som osar av sjel og varme, er det berre å taka tastaturet fatt.


mandag 27. mai 2013

Fridtun (hus)morar seg

I  eit innlegg i januar ymta eg um at eg skulde taka til med husmorblogging so snart eg hadde sett bu i Bjørgvin. No hev eg butt her i drjugt tvo månader utan å skriva noko i den leidi, so den lovnaden hev eg brote til gagns. Vel å merka hev eg ikkje gløymt det, berre skove det undan, truleg av di eg undrast på korleis eg skulde gjera det, og av di eg meinte eg laut koma i gjenge som heimeskrivande husmor fyrr eg kunde skriva um det. Men no, endeleg, er timen komen: Den sårt etterlengta serien «Fridtun (hus)morar seg» tek til i dag.

Det borande spursmålet som heile serien dregst um, er: Kva gjer Fridtun åleine heime når Haugum er burte på arbeid? Jau, det er mangt og mykje, skal eg segja dykk, og vonleg skal serien spegla mangfaldet og – ikkje minst – dramatikken som fyller kvardagane. Tvi tvi!

Bolk 1: Heimkunnskap

Ordet heimkunnskap kunde me tolka som 'verdskunnskap', sidan det er ei gamal gjerd å nytta heimen (eller allheimen, manneheimen osb.) um verdi, men her segjer det seg sjølv at heimkunnskap er 'kunnskap um heimen til ho som (hus)morar seg'. 

I stutte drag: Heimen er kjellaren i eit trivelegt, kvitt hus som ligg fint til nede ved fjorden, eller rettare sagt: nede ved eit sterkt trafikkert fjordkryss – meir um det sidan. Her hev me alt me treng, jamvel eit eige arbeidsrom der den heimeskrivande kann herja fritt. Elles er her eit yrjande dyreliv, både inne og ute. Den heimeskrivande vert tidt umtala som rev, vesle rev, reven og dilikt, grunnen er visst nog ei lur gliming eller noko slags skin i augo. Og so hev ymse krjup med eller utan venger funne vegen inn dei siste vikone; ei av dei mest gjevande og meiningsfylte uppgåvone til heimeskrivande husmor er å varsamt føra dei småe kreki ut i friluft, helst ved hjelp av ein sokalla Arvid-lapp. Utanfyre er det kattane som råder, dei er jamnast feite dròg (av di dei ikkje skal blåsa på fjorden, gissar Haugum), men sers trivelege. Fyre helgi kom endåtil eit piggsvin på vitjing i hagen.

Når folk spyrr kvar me bur, segjer me stundom «uti gokk», «i utkanten/distriktet», «på landet» og liknande, og det er sjølvsagt heidersnemningar. Å, so stilt! So fredsamt! So grønt! De bybuarar kann berre ha det so godt.

Der, no hev de litt å tyggja på fram til neste bolk, tenkjer eg. Dessutan legg eg ut åta: Framhaldet byd på spanande turar til Kiwi-butikken, gåtefulle dunk ovanfrå, skimtar av husbunad og innreide (sokalla interiør) og ikkje minst innsyn i arbeidet til den heimeskrivande. Det er berre å bu seg.



fredag 26. april 2013

glasklår

katten sit i tunet når du kjem
kjærasten sit i glaset når du gjeng
heimanfrå, um morgonen.
stundom, i alle fall, ser eg ut
ser deg nedpå vegen, mot svingen
ser deg fara med faste stig 
så rak i ryggen, så mjuk i hållningen 
ser deg i regn, i sol, i vind
det är som en förtrollning
ser deg skrida ut i dagen
ser heile deg der nede på vegen
og det slær meg då
at du er eit anna menneske.



(utdrag frå «Hänsyn» – Kent)

mandag 15. april 2013

huggærn

I eit år eller tvo eller tri, eg minnest ikkje grant, hev eg pønska på ordet /hug:æLn/ – eit godt, morosamt ord som eg lærde tidleg i barndomen og hev nytta sidan, i staden for svimmel, ør, fortumla og dilikt. Eg hev pønska på ordet fyredi eg ikkje hev funne det att i ordbøkene, ikkje i Norsk Ordbog av vyrde Aasen eingong. No hev eg funne det. Men lat meg fyrst segja kvifor eg ikkje fann det:

Etter di hug er det gildaste ordet eg veit um, og etter di huggærn opnar med hug-, var eg yvertydd um at me her hadde eit hug-ord. Sidstelekken er -galen, det er greidt nog, det såg eg. Men so fann eg aldri noko huggalen, og so lét eg det vera med det, eg spurde ingen målkunnige, slik eg elles gjer når eg sit fast.

Men so nemnde eg det for språknerden eg bur i lag med, og ho sagde, etter å ha tenkt seg um eit kvart sekund eller mindre: «Det er vel hovudgalen?» 

Øh, ja. Det er det, veit de. Me segjer hue eller hug(g)u i den landsluten eg kjem frå. Og hovudgalen stend i ordbøkene, i ordboki til Aasen òg; han nemner jamvel målføreformi huugælen med tilvising til Smaalehnene (det svarar til Austfold i dag).

Stend ordet i Bokmålsordboka òg? Ja, då, visseleg, i fleire former: hodegal, hodegalen, huegæren, hugæren. Eg held meg nog til hovudgalen.

Men lærdomen er: Det er ikkje hug alt som hugar. Og det er ei gasta kvinna eg hev!

 

søndag 31. mars 2013

èplé ò makkjén è sammé smakkjén

So hev vossingen og eg umsider pakka ut alle bøker og klæde og greidor som me eig. Drjugt 25 hyllemeter med bøker, trur eg me rekna ut. Gildt. Det vert ingen retteleg heim utan bøker, veit de.

I ei utav bok-øskjone fann eg fagnaverket Vossabygdene, tidsskrift utgjeve av Voss Sogelag, XXII 1932. Det inneheld utgreidingi «Vossemålet» av Leiv Heggstad, eit noggrant og morosamt stykke som i alle fall me fann stor hugnad i. Her gjer Heggstad greida for målet ulike stader i bygdi; me lærer um tonefallet i vossemålet («kvikt og lett ... og slik ein løgjen song»), ljodskipnad og framburd (uttala), bøygjing, døme på ymse slags setningar (t.d. fylgjesetningar: «Da è só kalt att'ù da klaka mìdló mann ò kòna») – og millom det gjævaste: målprøvor.

Her finst ordtøke og talemålar, merke um veder, hermor og gåtor. Her er tri (anonym kjærastmor greider radt alle lett?):

1. Kva só feila ein vèlarbeidd'ù skó?
2. Uppétté bakka ò nététte bakka mè tíù tènnù í nakka.
3. Ein rídl ò ein radl, ein ùndésmjùgar ò ein smìtedadl.




fredag 15. mars 2013

dekonstruert: standard austnorsk

Eg fekk meg ein vekkjar i går: Den sylskarpe skulemålsskrivaren i mållaget tok seg fyre umgripet «standard austnorsk», ein term eg vilkårslaust hev teke for god fisk heilt sidan eg høyrde um honom fyrste gongen, i eit av grunnemni i nordisk. Då lærde eg at standard austnorsk er det bokmåls-/riksmålsnære talemålet me serleg finn i og ikring hovudstaden. Ein greid term, tenkte eg fulla. 

Men kva er standard norsk tale? Kva sermerkjer talemåli um me ser landet under eitt? Dialektar. Det er dialekt som er normalen. Me mæler jamvel tilhøyrsla til stader i dialekt: Du er ikkje skikkeleg trønder um du ikkje talar trøndsk, du er ikkje skikkeleg nordlending um du ikkje talar nordnorsk, du er ikkje skikkeleg totning um du ikkje talar totenmål. Det er dialekt som er standard! Dermed er det ikkje dei totningane som legg um til bokmålsnært talemål, som talar standard austnorsk. Tvert um: Dei som talar totenmål, talar standard austnorsk – medan bokmålsnært mål på Toten er avvik frå standarden.

Endå urimelegare er termen «norsk standardtalemål», som stundom er nytta i staden for «standard austnorsk».

Um eg minnest rett, nemnde skulemålsskrivar Ingar at upphavsmannen til umgripet «standard austnorsk» er ein viss Finn-Erik. Det rimar bra.