torsdag 26. april 2012

notidskunsten

Her kjem ei kjær attersyn med Virginia Woolf.
Henne kjenner me godt. Trur me, då.
Det er vel snarare slik at ho kjenner oss. For ho skreiv:

«Since he belonged, even at the age of six, to that great clan which cannot keep this feeling separate from that, but must let future prospects, with their joys and sorrows, cloud what is actually at hand, since to such people even in earliest childhood any turn in the wheel of sensation has the power to crystallise and transfix the moment upon which its gloom or radiance rests ...» (To the Lighthouse, 1927).

Amen, Virginia, der fekk den velkjende spikaren ein kakk i skallen.

Éi forbanning er at fyrrtidi skyggjer yver notidi. Ei onnor
er at framtidi gjer det. Velkjende er dei båe tvo. I minsto
er dei kjende for oss som ikkje er sorglause livsnjotarar.
Me er som oftast alle andre stader en i noet. Me tek ein
sving dit og ein sving dit, att og fram, på kryss og tvers
millom minne og voner og drøymer og hugsyner, berre
ein sjeldan gong er me i eit reint og skirt her og no. Men
når sant skal segjast, so er det ei velsigning vel so mykje
som ei forbanning. På seige, gagnlause dagar, til dømes,
med tungsinn og gråvêr og einstonig arbeid, kann ljuve
framtidsvoner bora seg fram og breida seg ut og sleppa
fri svalande dropar av rein sæla som so samlar seg og
sildrar gjenom dagen som ein fjellbekk i lynget. I slike
stunder kann noet berre sitja der med noet sitt. Hah!



torsdag 19. april 2012

vanlege sjukdomar

For eit drjugt år sidan skreiv eg um den fullgilde boki Mannalikamen og helsa (1907/1909) av Idar Handagard.


D'er på tid å taka seg fyre ei av dei andre makelause bøkene hans: Vanlege sjukdomar. Her hev Handagard lagt vinn på å «syna korleis sjukdomarne spreider seg, korleis ein kann liva seg fyre deim og korleis ein kann hindra deim i aa breida seg vidare ikring.» Han gjev òg rettleiding til korleis ein skal stella med sjuke folk og korleis ein skal drepa smitten og gjera reint etter den sjuke. Det er ei bok «fyr aalmenta», og Handagard skriv skynlegt og greidt – med norske namn og nemningar i staden for «dei doktarlatinske og danske sjukdoms-namni». Moro!


Eg gjer som eg gjorde med Mannalikamen og helsa. Her er nokre smakebitar:


Graalusi
Det er helst born, som vert ute fyr graalus. Hev ein gut vorte «fengd», og tilfellet er «mildt», kann det vera nog aa snaudklippa han og tvaa haaret med varmt vatn og grønsaapa nokre gonger. Lyt kjemba med finkamb etterpaa. Er det ei g j e n t a som er fengd, skal ein ikkje snaudklippa ho. Det ser so leidt ut. Og det er ikkje naudturvelegt helder.


Liv maten fyr flugorne!
Med aa halda kjøket og alle romi reine, gjer kvendi overlag mykje fyr helsa aat heile huslyden. Karfolki skulde skyna paa dette – meir enn dei hev gjort, og letta kvendi i arbeidet mot flugeplaaga. 



Kusma
[...]
Daa er barnet fælt vanskapa i andlitet, augo ligg langt inn i hovudet og er smaae som grisaugo. Andlitet er feitt og ser godtoskutt og løglegt ut. Difyr heiter kusma paa dansk «Faaresyge» av di jamvel den luraste dansken ser ut som ein godsaud naar han hev ho.


Kyns-sjukdomarne [han skriv mykje – og skarpt – um deim] 
[...]
I ekteskapet og  u t a n f y r e  ekteskapet kann folk faa paa seg ymse snyltredyr etter samlega.
[...]
Skitsemd og faakunna, likesæla og andsvarsløysa gjer mest til at kyns-sjukdomarne breider seg.
[...]
Eit framstig er det at me no hev fenge ei log som krev at dei som vil gifta seg, skal segja ifraa um at dei hev ikkje nokon kyns-sjukdom i ei form s o m  k a n n  f e n g j a. Dette er fyrst og fremst til live fyr kvinna. Fyrr gjekk ho inn i ekteskapet, og drøymde aldri um illt, – og vart fengd av ein dropsjuk [gonorésjuk] elder enndaa verre av ein ratesjuk [syfilitisk] make. Og vart ulukkeleg all sin dag. 


Hau!

søndag 8. april 2012

påskequiz

Kva er dette, trur de?

mandag 2. april 2012

kryssklypp

Vyrke:
I The Importance of Being Earnest (O. Wilde)
II Travesties (T. Stoppard)

I
Jack: If you don't take care, your friend Bunbury will get you into a serious scrape some day.
Algernon: I love scrapes. They are the only things that are never serious.
Jack: Oh, that's nonsense, Algy. You never talk anything but nonsense.
Algernon: Nobody ever does.

II
Tzara: Of, what nonsense you talk!
Carr: It may be nonsense, but at least it is clever nonsense.
Tzara: I am sick of cleverness. In point of fact, everything is Chance.
Carr: That sounds awfully clever. What does it mean?
Tzara: It means, my dear Henry, that the causes we know everything about depend on causes we know very little about, which depend on causes we know absolutely nothing about. And it is the duty of the artist to jeer and howl and belch at the delusion that infinite generations of real effects can be inferred from the gross expression of apparent cause.
Carr: It is the duty of the artist to beautify existence.
Tzara (Articulately): Dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada dada.
Carr (Slight pause): Oh, what nonsense you talk!
Tzara: It may be nonsense, but at least it's not clever nonsense.

I
Jack: Oh, that's nonsense!
Algernon: It isn't!
Jack: Well, I won't argue about the matter. You always want to argue about things.
Algernon: That is exactly what things were originally made for.
Jack: Upon my word, if I thought that, I'd shoot myself ... (A pause.) You don't think there is any chance of Gwendolen becoming like her mother in about a hundred and fifty years, do you, Algy?
Algernon: All women become like their mothers. That is their tragedy. No man does. That's his.
Jack: Is that clever?
Algernon: It is perfectly phrased and quite as true as any observation in civilized life should be.
Jack: I'm sick to death of cleverness. Everybody is clever nowadays. You can't go anywhere without meeting clever people. The thing has become an absolute public nuisance. I wish to goodness we had a few fools left.
Algernon: We have.
Jack: I should extremely like to meet them. What do they talk about?
Algernon: The fools? Oh! about the clever people, of course.
Jack: What fools!


[Maybe to be continued...]

onsdag 21. mars 2012

livskræmd

Livsførsla, er det visst noko som heiter.
Å føra livet. Kva er det for slag?

Det tykkjest meg heller vera slik, som oftast,
at det er livet som fører meg
meir en eg fører livet:

Livet -
det spring og sprett og rasar i veg,
det fyller seg upp og æser ut, rullar
av garde so det frøser og fyk - og eg
kjem halsande etter, ser berre skimten av det,
er sæl um eg greider å nappa det i halen.
Livet er so alt for snarføtt!

Men so hender det,
i einskilde blinkar, i ørsmåe stunder,
heilt stutt, når eg minst væntar det,
sjølvsagt då, heilt utan å melda frå,
so hender det at livet kjem smygande
og legg seg stilt og mjukt i hendene mine
og ser upp på meg med kjælne, trillrunde augo
og berre ligg der og ser og ser og spyrr, vonfullt:

«Kva vil du no? Kvar skal me?
Eg er med deg, eg, so du veit det.
Det er berre å bjoda. Eg lyder, eg.»

Og der sit eg, andlit til andlit med livet.
Det er ei skræmeleg kjensla. Beint fram avstyggjeleg.
Andlit til andlit med dauden - då veit me kva me vil.
Men med livet? Ai, kva gjer me då?
For ei heppa at desse blinkane er stutte,
so stutte at eg ikkje vinn gjera noko fyrr dei kverv!

Men lika fullt -
Kven skal elles føra livet
um ikkje eg gjer det sjølv?
Vel, so må eg føra livet då. Eg.
Djupnene opnar seg berre ved tanken!

For kva gjer eg, når livet ligg der i armane
og ser på meg, som ein hundekvelp?
Kann eg dressera det?
Kann eg læra det å gå jamsides med meg?


Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre
og styrelaus i skrale båten stend eg.



*



fredag 2. mars 2012

ei lang setning. og eit par til.

Eg les Orlando. En biografi (1928) av Virginia Woolf. No kunde eg ha lagt ut i det vide og breide um kyn og samkynselsk i boki, men dét læt eg liggja her. Meir forvitnelegt er det at eg tek meg i å flira høgt og godt der eg sit og les. Det hadde eg ikkje venta. Eg veit ikkje kvifor, men sant å segja hadde eg ikkje trutt at Woolf kunde få meg til å gapskratta. Det er i grunnen merkelegt at den tanken var meg so framand, for eg hev stødt visst at drosi hadde humor, at ho var ordhag på alle måtar, eller ordhitten, um du vil, og sume tider beint ut livleg - men slik driv og føyk og leik som i Orlando er det ikkje i dei hine bøkene eg hev lese. Her er eitkvart som syd og frøyder under yta, det bryt fram og sender lesaren ein svalande vassprut midt i åsyni.


De vil radt ha eit døme? Det er vandt å velja, men her er eit døme som skulde vera talande nog, diverre ikkje i upphavleg målbunad, men i umsetjingi til Merete Alfsen (Pax, 2005). Ja, det er langt, men de må halda ut, for i enden gyv det! So:


Naturen, som har spilt oss så mange puss og skapt oss så ulikt, av leire og diamanter, av regnbue og granitt, og siden stappet oss inn i et hylster, ofte høyst upassende, for poeten kan ha en slakters oppsyn og slakteren en poets; naturen, som fryder seg ved det underlige og uforklarlige, slik at vi ennå i dag (den første november 1927) ikke vet hvorfor vi går ovenpå eller hvorfor vi kommer ned igjen, våre mest dagligdagse bevegelser er som en seilas i ukjent farvann og sjømennene i mastetoppen spør, idet de retter kikkerten mot horisonten: «Er dette land, eller er det ikke?» til hvilket vi, dersom vi er profeter, svarer «ja»; dersom vi er sannferdige, sier vi «nei»; naturen, som har så mye å svare for i tillegg til den muligens besværlige lengden på denne setningen, har videre gjort det komplisert for seg og økt vår forvirring ved å utstyre oss ikke bare med en indre fillepose av likt og ulikt - en bit av en politimanns bukser side om side med dronning Alexandras brudeslør - men også innrettet det slik at hele sortimentet er nestet sammen med en eneste tråd. Minnet er sydamen, og det en lunefull en. Minnet trær nålen inn og ut, opp og ned, hit og dit. Vi vet ikke hva som blir det neste, eller hva som følger deretter. Slik kan den mest dagligdagse bevegelse i verden, som å sette seg ved et bord og trekke blekkhuset til seg, sette tusen ulike, usammenhengende fragmenter i bevegelse, klare og uklare henger og slenger og vifter og flagrer de, som undertøyet til en familie på fjorten på en klessnor i stormvind.


(s. 52f.)

torsdag 16. februar 2012

scenor frå eit nynorskliv. fritt etter minnet.

Laurdag for snaudt tvo vikor sidan skipa Norsk Forfattarsentrum til eit makelaust storhende på Trondheim folkebibliotek. Den gjævaste barnebokskalden i landet no for tidi - ja, i utlandet òg, er det likt til - kom og skulde lesa frå sitt store opus Vaffelhjarte (2005). Alle hjarto gledde seg. Heile åtti vonfulle sjæler møtte fram, og ingen fór vonbrotne heim. Me flirde oss skakke. Og me som alt var skakke frå fyrr, vart endå skakkare.

Vel, verdi er som kjent ikkje so stor; i alle fall er ikkje nynorskverdi det. Her er ei ugløymande scena frå dette laurdagsgildet. (Du og du so kry eg vart!)


SVEISEN

Dei som er med:
Tilskipar frå Norsk Forfattarsentrum (GSB)
Barnebokskald (MP)
Eg (KF)

Garderoben utanfor Rådhussalen i biblioteket. GSB og MP stend i lågmælt samrøda attmed vindauga. Sjølve salen tek til å fyllast med ungar og foreldre og ein og annan student. KF kjem inn i garderoben og skal henta noko i jakkelumma si. Ho finn det, og er på veg ut att.

GSB: Kristin! De må helsa på kvarandre.
KF: (fortumla) Øh...ja! (kjem burt og retter fram handi) Kristin Fri...
MP: Åå! Er det DU!
KF: Ææhh?
MP: Ja, eg les deg i Dag og Tid. Men, hev du klypt deg?!
KF: (lamslegen og mållaus) Hee...
MP: (smørblid)
KF: Jamen i all verdi, korleis...
MP: Du hev stuttare hår en på bilætet i spalta.

...og dimed enda det med at me tala um håret mitt, og den nasegruse dyrkingi mi av denne fagnaskalden kom mest i skuggen. Maken! No hev eg helsing frå henne i boki mi, og årsens (til no) beste laurdagsminne.