torsdag 16. februar 2012

scenor frå eit nynorskliv. fritt etter minnet.

Laurdag for snaudt tvo vikor sidan skipa Norsk Forfattarsentrum til eit makelaust storhende på Trondheim folkebibliotek. Den gjævaste barnebokskalden i landet no for tidi - ja, i utlandet òg, er det likt til - kom og skulde lesa frå sitt store opus Vaffelhjarte (2005). Alle hjarto gledde seg. Heile åtti vonfulle sjæler møtte fram, og ingen fór vonbrotne heim. Me flirde oss skakke. Og me som alt var skakke frå fyrr, vart endå skakkare.

Vel, verdi er som kjent ikkje so stor; i alle fall er ikkje nynorskverdi det. Her er ei ugløymande scena frå dette laurdagsgildet. (Du og du so kry eg vart!)


SVEISEN

Dei som er med:
Tilskipar frå Norsk Forfattarsentrum (GSB)
Barnebokskald (MP)
Eg (KF)

Garderoben utanfor Rådhussalen i biblioteket. GSB og MP stend i lågmælt samrøda attmed vindauga. Sjølve salen tek til å fyllast med ungar og foreldre og ein og annan student. KF kjem inn i garderoben og skal henta noko i jakkelumma si. Ho finn det, og er på veg ut att.

GSB: Kristin! De må helsa på kvarandre.
KF: (fortumla) Øh...ja! (kjem burt og retter fram handi) Kristin Fri...
MP: Åå! Er det DU!
KF: Ææhh?
MP: Ja, eg les deg i Dag og Tid. Men, hev du klypt deg?!
KF: (lamslegen og mållaus) Hee...
MP: (smørblid)
KF: Jamen i all verdi, korleis...
MP: Du hev stuttare hår en på bilætet i spalta.

...og dimed enda det med at me tala um håret mitt, og den nasegruse dyrkingi mi av denne fagnaskalden kom mest i skuggen. Maken! No hev eg helsing frå henne i boki mi, og årsens (til no) beste laurdagsminne.

tirsdag 31. januar 2012

transendensen

Ja, de veit det vel, men eg må lika fullt:


Tina, som eg er so sæl at eg kann kalla ven, hev skrive ei sak, ei gild sak, um meg, på nynorsk, på Gaysir. Kva skal eg segja? Þetta er ágætis byrjun.




*

tirsdag 17. januar 2012

dei kvorvne

Ættartreet eg sit i
hev lagt attum seg eit ugreidt år.
Greiner er skokne og brotne av vind og vondhug,
tvert av, utan miskunn, utan varsemd
og stomni hev tri kvite sår i borken, merke som fortel alle at
her var ei grein -
ho var her no nyst,
det er ikkje som det skal her.


Tvo av deim voks i same høgdi som mi:
mjuke, grøderike, blømande unggreiner.
Éi voks tvo stig yver meg:
ruvsam, fast og vidgjengd,
men so krøkte ho seg litt, tung og folna.
Sistpå laut ho sleppa, på dagen eitt år sidan.


Og me som sit att i treet,
kjenner at vinden tek litt hardare no,
at han hev fenge hol å trengja gjenom,
at her vantar eitkvart -
me sansar fråværet, kann ikkje anna.


I ættartreet på papiret stend namni,
dét treet kann ingen brjota greinene av.
Men so er det ikkje på papiret me liver heller.

torsdag 5. januar 2012

«kvalitetstid»

Den umtenkte far min bles or seg nokre miskunnlause ord i joli. Han hadde lese eit stykke um folk (helst byfolk, vel) som tok med seg ungane og fór på hytta i joli. Just dét er greidt, men so er spursmålet kva slags hyttetur det er. Trur du desse folki dreg til ei nedsnjova, gamaldags bu og er nøydde um å sprengfyra i mange timar fyrr dei kann kasta uteklædi? Å, nei, når dei kjem, er snjoen moka burt, hytta er varm og rein, fjelga til jol. Ja, maten stend fulla og ryk på bordet.

Folk gjer ikkje slikt berre i joli; dei gjer det i påska òg, og elles. Men kvifor gjer dei det? Grunnen er visst - etter det dei segjer - at dei skal hava «kvalitetstid» med borni. Kvalitetstid, kva er det for slag? Er ikkje tidi stødt den same? Korleis mæler me «kvaliteten» til tidi? Lat meg vera litt stygg: Kvalitetstid er truleg å «være sammen» og ha det «morsomt» og «kose seg» heile tidi. Visseleg er samhald tvingande naudsynt for eit menneske, og visseleg gjer det godt å få kvila ut og hyggja seg i godt lag. Men - og spitordi held fram - eg mistenkjer at folk som er so «hippe» at dei ikkje idest verma hytta si sjølv, samstundes er so «hippe» at dei skutlar burt kvalitetstidi si med å sitja for seg sjølv framfor kvar sin iPod eller dilikt.

Kva hugsar eg best frå joli då eg var barn? Eg hev eit veikt minne um aking og skidleik med mor og far i romjoli - «kvalitetstid», dei kallar. Men det minnest best, var alt det me ungane fekk hjelpa til med fyre jol, saman med mor og far. Baka peparkakor. Kaupa og pynta treet. Baka andre kakor. Skura kjøkenbenken so såpeskummet stod. Finna kvister i skogen som mor skulde nytta i kransar og eg veit ikkje kva. Køyra rundt med jolegåvor. Setja ut nissar som me hadde laga av vedkubbar og filt og anna snadder. Dekkja bordet på joleftan.

Spyrjeleik (heilt upartisk):
Kva slags ungar trur du vert greidast i tanåri; dei som kjenner gleda ved å få vera til hjelp og ser takksemdi til foreldri, eller dei som er forkjælte og vert sparde for arbeid av di dei skal ha det moro og koselegt stødt?

Eg berre spyrr.

tirsdag 27. desember 2011

annus incredibilis

For tvo vikor sidan skreiv eg i eit jolebrev åt ein ven at eg i grunnen var glad for at 2011 nærma seg enden. So fortalde eg kvifor eg såg det slik: Dette året hev vore so hendingsfullt og underlegt og skilsetjande, og det er ikkje godt å segja kva meir dette året kunde ha bjode på, um det var lengre.


So nærma vika 52 seg, eg slo meg til ro og tenkte at no er det jol, no er det fred - vel, so vart det ikkje ei heilt vanleg jol heller. Stormen fór visseleg ikkje alt for fælsleg åt med oss innlandskrabbane på Austlandet, men me er ikkje uvitande um at mange andre fekk høgtidi skipla av villvêret. Til dømes det hardt prøvde skyldfolket vårt i Flo-bygdi, som no er innestengt av ras på ymse sidor. 2011 kunde bjoda på meir, med andre ord. Vonleg er det siste krampetrekkjing, dei kallar, ja, lat det vera so.


Eg skal ikkje rekna upp stort og smått som hev hendt dette året. Hovuddragi hev de greida på sjølve, og det som høyrer kjenslelivet til, bør fulla helst få halda seg der. Eitt hev eg hug til å nemna: Skreiv ikkje eg alt i februar at det var noko undersamt ved dette året? I minsto var januar rar, og slik heldt det berre fram. Eg smyr ikkje tjukt på eller blæs upp slikt som i grunnen er smått - nei, på alle umkverve var 2011 sermerkt, uvanlegt. For meg, for landet, for utlandet.


Kann henda er det ei vonlaus bøn, men eg vågar voni: Måtte 2012 verta eit vanlegt, fredsamt, stilt - ja, beint fram keidsamt år. Det vøre godt.

fredag 9. desember 2011

tri frå frikar

I haust hev eg havt snaudt med tid til å sitja med nasen i ei bok og lesa berre for hyggja. Lesa berre fordi det er gildt og gjer godt, ikkje fordi eg skal noko med det. Endå er det sume bøker eg tek fram då og då, gjerne bøker med einskilde dikt og stykke som eg tykkjer godt um og stundom fær brennhug til å lesa um att. Når dagen er tung som ein potetsekk, kann nokre velskrivne sidor knipsa burt byrdi som var ho ein mygg. Ikkje til å tru! Helst er det gamle stykke eg les, men sume nye tekster hev òg same verknaden. Til dømes fyrste luten av Frikar (2010) av Tarald Stein. Desse dikti råkar ein burttrengd og varnæm streng i meg, her er eitkvart som tek til å bivra - men ikkje spyrr meg kva det er. Dikti fær heller tala for seg. Som her, frå sidone 14, 15 og 19:


Ei dør opnar seg
der inne sit barndomen
peikar feil veg


Eg lèt att døra
for ikkje å kome i klem


*


Eg synest ikkje
Kroppen sperrar for innsikta
Eg ropar ikkje at eg er her
er ikkje sikker


*


Ingen arkeolog skal børste støvet
av mine knoklar
telje ribbein
måle hofter
stille meg ut
som kvinne


*


Nei, ikkje det. Still meg ut som hund, som katt, som fugl, som fisk, men ikkje dét. Ikkje kvinna. Kvennmaðr kan de stilla meg ut som. Norrønt for 'kvinnemenneske'. Kvinnemann, etter dagsens rettskriving. Heller det, godtfolk. Heller det.

lørdag 26. november 2011

den franske friaren

No er det skidleik på skjermen att. Heile laurdagen og sundagen er det langrenning og langhopping og ymse anna rart å sjå. Her i huset stend huset på hovudet når slikt stend på. I minsto er det éi her (ikkje eg) som læt seg riva so inni hampen med. Eg ser litt, eg òg. Hopp, i alle fall. Og stundom kombinert. Det er ein hugtakande idrott som eg - ser eg no i ettertid - gjerne skulde røynt ut i ungdomen. Dessutan er det moro å sjå korleis ein viss dreng frå Frankrike gjer det. Lat oss smyrja tjukt på og kalla honom den franske friaren.


Her er det turvande med ei liti uttyding: Hausten 2003 var eg ei snaud vika i Predazzo, Italia, på hopprenn. Det var ein morosam tur med mange sprel, men det er ei anna soga. Eg minnest ikkje korleis tevlingane gjekk, men det er heller ikkje so vikugt i denne samanhengen. Me budde på eit trivelegt gjestehus der me fekk pasta jamt og samt. Ymse lag frå andre land budde der òg, men eg ansa ikkje stort etter dei. Eg vilde no helst vera i fred.


Me var i alt tri norske gjentor på denne ferdi, og me budde på same romet. Ein kveld kakka nokon på døri. Det var ein gut. Dei hine gjentone baud honom strakst koma inn, og inn kom han. Med same eg såg honom, tenkte eg: «Å, det var då ein kjekk kar. Og eg ser at'n er snild. Um eg skulde ha vore i lag med ein gut, måtte det ha vore ein slik ein.» Men når sant skal segjast - eg hadde jamt røynt at desse idrottsgutane var breidale og alt for sjølvnøgde, so eg lika ikkje heilt at han kom inn her og skipla den fredsame kvelden vår. Eg heldt meg i ro burte i kråi mi; høyrde på musikk og glytte mot deim då og då. Slik gjekk det ei stund, heilt til ei av gjentone sagde: «Kristin, eg trur det er deg han er her for!»


Eg kvapp og kvakk og trudde fyrst at det var skjemt. For noko slikt hadde då aldri hendt fyrr! Aldri (etter barneskulen) hadde ein gut huglagt meg, i alle fall ikkje ein som eg kunde ha huglagt sjølv. Spanande! Og det var ikkje skjemt, det skyna eg. Det var meg han vilde tala ved. So me tala. Sat der på sengekanten og rødde heile kvelden. (Det høyrer med til soga at mor hans er frå Sambandsstatane, so denne franskmannen tala engelsk so det gauv). Ein lugom kar! Og so sagde han slikt som at han totte renn var morosamt, men allrabest lika han å renna på skidor åleine i skogen; berre vera for seg sjølv og tenkja. Å, kva for slags gut var no dette? Fanst det slike?! 


Det var sæle saker. Augo hans var so snilde, og han smilte og smilte åt meg heile tidi. Eg minnest at eg vart gripi av slik undring og skrekkblanda frygd, for var det ikkje so at eg berre lagde elsk på gjentor? Måndag 13.10.2003 skreiv eg i dagboki mi: «Han var kjekk og koselig, han. Og nå som jeg nesten var overbevist om at jeg var 'ænnskjles'... så kommer han og roter til alt.»


Rota han det til? Nei. Han gjorde ikkje det. For endå um eg var fengsla og uppglødd, so var eg ikkje forelska. Og inkje hende, og eg tala berre so vidt ved'n sidan. Lika fullt hev eg hug til å taka dette hendet som prov for at seksuell orientering ikkje er noko fast og endelegt. Heller er det slik, som granskarane segjer, at det er meir som ein skala som me kann glida att og fram på. Den franske friaren drog meg litt i heterofil leid, men noko meir en ein uskuldig flørt kunde det fulla ikkje ha vorte.


Forresten var han til stor hjelp for meg, der eg sat ihopkrøkt i skåpet mitt: Når venene heime i Elverum spurde um eg «hadde nokon i kikerten», for det gjorde dei rett som det var, kunde eg segja at «jau, det var no han der franske, då.» Ei høveleg naudlygn som berga meg mange gonger.


Seinare har den franske friaren min vunne VM-gull og OL-gull og vore uslåeleg i verdscupen. Eg undrast på um han hugsar denne forstøkte norske gjenta han var so greid mot. Fuglane må vita!

*