lørdag 26. november 2011

den franske friaren

No er det skidleik på skjermen att. Heile laurdagen og sundagen er det langrenning og langhopping og ymse anna rart å sjå. Her i huset stend huset på hovudet når slikt stend på. I minsto er det éi her (ikkje eg) som læt seg riva so inni hampen med. Eg ser litt, eg òg. Hopp, i alle fall. Og stundom kombinert. Det er ein hugtakande idrott som eg - ser eg no i ettertid - gjerne skulde røynt ut i ungdomen. Dessutan er det moro å sjå korleis ein viss dreng frå Frankrike gjer det. Lat oss smyrja tjukt på og kalla honom den franske friaren.


Her er det turvande med ei liti uttyding: Hausten 2003 var eg ei snaud vika i Predazzo, Italia, på hopprenn. Det var ein morosam tur med mange sprel, men det er ei anna soga. Eg minnest ikkje korleis tevlingane gjekk, men det er heller ikkje so vikugt i denne samanhengen. Me budde på eit trivelegt gjestehus der me fekk pasta jamt og samt. Ymse lag frå andre land budde der òg, men eg ansa ikkje stort etter dei. Eg vilde no helst vera i fred.


Me var i alt tri norske gjentor på denne ferdi, og me budde på same romet. Ein kveld kakka nokon på døri. Det var ein gut. Dei hine gjentone baud honom strakst koma inn, og inn kom han. Med same eg såg honom, tenkte eg: «Å, det var då ein kjekk kar. Og eg ser at'n er snild. Um eg skulde ha vore i lag med ein gut, måtte det ha vore ein slik ein.» Men når sant skal segjast - eg hadde jamt røynt at desse idrottsgutane var breidale og alt for sjølvnøgde, so eg lika ikkje heilt at han kom inn her og skipla den fredsame kvelden vår. Eg heldt meg i ro burte i kråi mi; høyrde på musikk og glytte mot deim då og då. Slik gjekk det ei stund, heilt til ei av gjentone sagde: «Kristin, eg trur det er deg han er her for!»


Eg kvapp og kvakk og trudde fyrst at det var skjemt. For noko slikt hadde då aldri hendt fyrr! Aldri (etter barneskulen) hadde ein gut huglagt meg, i alle fall ikkje ein som eg kunde ha huglagt sjølv. Spanande! Og det var ikkje skjemt, det skyna eg. Det var meg han vilde tala ved. So me tala. Sat der på sengekanten og rødde heile kvelden. (Det høyrer med til soga at mor hans er frå Sambandsstatane, so denne franskmannen tala engelsk so det gauv). Ein lugom kar! Og so sagde han slikt som at han totte renn var morosamt, men allrabest lika han å renna på skidor åleine i skogen; berre vera for seg sjølv og tenkja. Å, kva for slags gut var no dette? Fanst det slike?! 


Det var sæle saker. Augo hans var so snilde, og han smilte og smilte åt meg heile tidi. Eg minnest at eg vart gripi av slik undring og skrekkblanda frygd, for var det ikkje so at eg berre lagde elsk på gjentor? Måndag 13.10.2003 skreiv eg i dagboki mi: «Han var kjekk og koselig, han. Og nå som jeg nesten var overbevist om at jeg var 'ænnskjles'... så kommer han og roter til alt.»


Rota han det til? Nei. Han gjorde ikkje det. For endå um eg var fengsla og uppglødd, so var eg ikkje forelska. Og inkje hende, og eg tala berre so vidt ved'n sidan. Lika fullt hev eg hug til å taka dette hendet som prov for at seksuell orientering ikkje er noko fast og endelegt. Heller er det slik, som granskarane segjer, at det er meir som ein skala som me kann glida att og fram på. Den franske friaren drog meg litt i heterofil leid, men noko meir en ein uskuldig flørt kunde det fulla ikkje ha vorte.


Forresten var han til stor hjelp for meg, der eg sat ihopkrøkt i skåpet mitt: Når venene heime i Elverum spurde um eg «hadde nokon i kikerten», for det gjorde dei rett som det var, kunde eg segja at «jau, det var no han der franske, då.» Ei høveleg naudlygn som berga meg mange gonger.


Seinare har den franske friaren min vunne VM-gull og OL-gull og vore uslåeleg i verdscupen. Eg undrast på um han hugsar denne forstøkte norske gjenta han var so greid mot. Fuglane må vita!

*

søndag 6. november 2011

etterspel

Vesle voni fór.
So tynt og tvegi var ho
at berre ei flis stod att −
og då ho endeleg slapp fri,
bori fram med reine ord,
løyste ho seg upp,
og vart eitt med lufti
du anda inn.
Det var so nær eg kom.
Og visste eg det ikkje?
Visseleg visste eg!
Og godt er det,
for vit er eit trufast vern.
Men her finst òg andre,
dulde krafter
som driv sin leik,
som piner og plågar i eino,
som ikkje hev skyn på draum og røynd,
som bit di sterkare
di meir du set deg imot.
Men eg bit ikkje på dykk lenger, hugdjevlar,
eg kjenner meinrådene no. Drag fanden i vald!


So teg still med deg, hjarta,
trur du ikkje eg veit det:
Du syng skjerande falskt.

mandag 17. oktober 2011

um einsemd i tvosamt hus

No: i Bjørgvin.
Millom ymse møte her og der,
sume i vest, sume i aust,
hev eg tvo heile dagar med berre meg og mitt.
Berre meg, berre mitt.
Ingi klokka, ingi folk, ingi uro.

Berre dette: lesa, skriva, vera ute i skogen.

Og tvo dagar er ei høveleg mengd.
Tvo dagar heilt åleine er godt, sunt, sælt.
Eit eige, fritt rom i tidi til å anda og vera i.
Tenkje lange tankar som ikkje vert avbrotne utanfrå.

So er spursmålet:
Er einsemdi best når du er heilt åleine,
eller er ho best når det finst andre som du kann
vera med, um du vil det?

T. Espedal skriv:

«Ole Roberts kone, Marit, hun sier: Han elsker å være
alene så lenge jeg er hjemme.

Det bor et langt kjærlighetsforhold i denne enkle konstateringen,
en helt særegen skjønnhet i dette utsagnet,
det bor en stor kjærlighetshistorie i denne hverdagssituasjonen;
han elsker å være alene så lenge hun er hjemme.»

(Imot naturen, s. 137)

Det er tvo ulike einsemder, dette.
Og eg trur det er glupt å røyna ut båe.
Glupt å finna ut korleis det er,
korleis ein sjølv er, i einsemd.

Men å vera åleine når andre er heime;
det er vel den einsemdi me toler best,
det er den einsemdi me kann halda ut
i mange dagar, vikor, år.

So gjeld det berre å finna den eine som gjer einsemdi tvosam.

søndag 9. oktober 2011

fuglane

Me hev ein meisbolle utanfor kjøkenglaset.
Feitt og talg og eg veit ikkje kva
sveipt i tunne, lette trådar og fest til glaset
med ein hyssingstump (ein André M.R.-spesialitet).

Det er mykje moro for lite pengar!

Sant å segja er det meir en berre moro.
Det er hugsvaling, sæla, selskap,
det er å - næsten bokstavleg tala - få natturi
inn gjenom vindauga. Det er å sjå livet
sprala og falda seg ut, midt i hausten.

Veit de kor mykje gleda slike småfuglar ber med seg?
Desse fjørlette fjøruge fjørballane -
berre syni av deim kveikjer utslitne studentskallar
og seine, blytunge hugar vert snarlette som vengeslag.
Hardknytte tankeflokar løyser seg upp i inkje,
berre fordi ein liten skapnad sit og pikkar
på ein feittball. Eit storsyn, eit under!

For der sit dei, so kvike og lette i rørslone,
hakkar litt i ballen med den ørvesle nebbspissen sin,
glytter ikring seg, et meir, vippar på stjerten
og ser seg rundt endå ein gong, et litt til,
skifter stilling, leiter etter ein retteleg godbit,
so til sist lettar dei, og tjoks!
På ein augneblink sit dei burte i hekken
eller sprett og skvett hit og dit nede i graset.

So sælt å sitja ved kjøkenbordet og høyra ljodet av
meisbolle-med-pipip-på-bank-bank-mot-glaset.

Og tenkja: I'm a bird girl / and the bird girls can fly.

lørdag 24. september 2011

cut me in quadrants

Ein serskild dag er i kjømdi.
Den dagen vert ikkje som andre dagar.
Det er 8. oktober, det er Antony Hegarty.
Å, eg kunde sagt at han er ein av «mennene i mitt liv»,
- han og Ivar Aasen og Jónsi,
dei er gromgutta,
dei er kveikjande kost på dauve dagar,
dei er sprengfulle av umsut og finkjensla og skapingstrong,
eg kann liva på luft og kjærleik til deim -
men er Antony «mann»?
Det veit ikkje eg, og det veit ikkje han heller.
Frigjerande!
Ja, so frigjerande at det mest er uppløysande.

Éi einaste haka er det
ved ljomleiken i Nidaros 8. oktober:
Björk er fulla ikkje med.
For på siste plata hans syng dei i lag,
desse tvo, tvo av dei
mest sermerkte røystene i all verdi,
i lag, på islendsk, briten Antony
på islendsk. Å jø!

Med linor som dette:

Ég fletti rólega bakvið lendarnar hvernig
Ég skafa öldurnar eins og sund fram á við
Leyfðu mér að fletta ofan af mér
Allt sem mig langar í er ad mýkjast öll að innan endalaust


(Eg flettar roleg attum veikryggen, korleis?
Eg skjer bylgjone som eit sund frametter
Lat meg fletta nedyver meg
Alt eg trår etter er ved å mjukna innanfrå, endelaust)

Men Björk hev eg sét i Reykjavík, so.
Antony aldri.
Til no berre ei røyst i spelaren.
Eit sog, eit sus av noko større.
Men no.
8. oktober.




lørdag 17. september 2011

hausten heime

Etter tvo tette dagar med ymse gjeremål og møte i Bjørgvin, på Voss og i hovudstaden, vart det tid til ei ørliti kvild heime i Elverum.
Å, signe barndomshuset!
Mor og far er ute på tur, so det er vesle-veslesyster, hunden og bestemor og bestefar som steller heime. Bestefar kom og henta meg på stasjonen. Dei hev kaupt seg ein nett, liten bil med automatgir og allting. Han spurde kva eg syntest um kjerra:

Eg (snart 24): «Han var fin, denna.»
Bestefar (snart 85): «Å ja'a. Og så er det slik femårsgaranti på'n. Så da, vet du, kan det jo hende at 'n overlever meg, denna.» (humrar)
Eg (tenksam): «Ja...en sku tru det.»
Bestefar: «Men 'a Astrid syns 'n er frykteli lett på rattet, da.»

So kom me heim til det André M.R. kallar ein av dei trivelegaste institusjonane i verdi: Bæssmormædda. Attåt maten baud ho på raudvin og godt selskap. Sidan kom ein ven som vilde sjå gullrekkja med meg. Og slik gjekk kvelden.

Då eg vakna, var det rim i graset, snorking frå hundeburet, kvass og låg sol. Postkassa var stinn av laurdagsavisor, eg høyrde bestefar fyra upp i omnen nede, og snart vilde hunden ut og drita. Han er snild og rar. Og haustlufti er visseleg annarleis i skogkanten heime en på Elgesæter i Nidaros. Angen av blautt lauv på blaut asfalt kann ikkje mæla seg mot angen av blautt lauv på blaute skogsstigar.

Haust i skogen: 1
Haust i byen: 0

tirsdag 30. august 2011

samandrag

Dagane dreg seg i hop no,
krøkjer seg saman til små
ballar som berre trillar og trillar,
runde og glatte.
Ikkje som store askar med tid som skal fyllast.
Ikkje som lange linor med byrjing og ende.

Og det er ikkje myrkret.

Nei, det er ikkje myrkret som sig på
og segjer at no kjem det haust, no kjem det vetter,
det er berre å bu seg til fyrst som sist,
no er dei lange dagane farne.
Nei, myrkret kann berre koma,
det er godt for deim
som likar seg i skjol, det, myrkret.

Nei, for dagane dreg seg i hop
når innehaldet æser ut.

Når folk og gjeremål stend som på rekkja,
når meiningsløysa frå juli kjem lenger undan,
når verdi kjem i gang,
når skallen kjem i gang
når det som var burte og i svevn kjem att,
når alt er i rørsla,
når halvsløkte voner vert kveikte

berre fordi:

No byrjar det att.