Alle kjenslor hev fulla noko serskilt og makelaust ved seg.
Det veit me, me som er kjenslege
og kann skilja grant millom ymse rørslor og drag i hugen,
at alle kjenslor hev eigne teikn og eigne tonar.
Dei er mange, dei er tydelege.
Dei er alle ulike, dei er alle makelause.
Men endå er lengting noko for seg.
Finst det noko som gjer so godt og so vondt - samstundes?
Korleis kann det vera søtt og beiskt - samstundes?
Kva er det å lengta? Kvifor heiter det so?
Kven som helst kann sjå at lengta kjem av lang.
Dét er ingi kunst.
På engelsk nyttar me endåtil same ordet for 'lang' og 'lengta': long.
So det skynar alle, at lengta og lang heng i hop.
Men kann alle kjenna at det er slik?
Det hender ofta at me gjer oss lange i bokstavleg tyding:
Me tøygjer og strekkjer oss so me skal nå burt til noko,
til dømes eit høgt skåp eller ei kanna på hi sida bordet.
Men lengting, er det å gjera seg lang i bokstavleg eller bilætleg tyding?
Er lengting å faktisk strekkja seg ut - likamleg -
eller er det ei åndeleg utstrekkjing som liknar den likamlege?
Me skulde radt tru det siste, men eg trur det fyrste:
Å lengta er å strekkja seg ut - inni kroppen.
Difor er det òg vondt:
Alle som hev tøygt ut etter trening,
veit at det gjer vondt å tøygja musklar.
Og kva er hjartat?
Ein muskel.
Trøysti er at det gjer godt etterpå,
og at ein tøygd muskel toler meir en ein utøygd.
Men kva er dét til trøyst, når lengtingi held fram og held fram?
«Han lenge lengtar, som mykje ventar», heiter det.
Korleis held me ut å vera dregne og utstrekte dag etter dag
mot noko me ikkje greider å nå?
Å lengta lenge er verre en å forskreva seg.
Men endå gjer me det, me må gjera det,
for lengting er ikkje berre lyst, det er òg von.
Kann henda vert det vinning, kann henda vonbrot -
me må langa ut um me skal få greida på dét.
Og kva lengtar me etter?
Det kann vera so mangt:
Me lengtar etter
det som finst,
det som fanst,
det som ikkje finst,
det som ikkje fanst,
det som aldri kann finnast.
Og visst gör det ont, som Karin Boye skreiv.
Boye visste eitt og anna um lengting.
Det synest på poesien, på prosaen.
Denne gjæve, ovkloke, kjenslerike og - ikkje minst - skeive kvinna
lét etter seg ei mengd hugtakande verk
som kann slå deg i bakken
eller lyfta deg til himmels - fordi du kjenner att noko.
Lat oss taka Kris (1934), ein roman med sjølvbiografiske drag,
um tru og tvil, um kjærleik (ja, skeiv kjærleik, um de skulde undra),
um einsemd, um uro, um redsla, um lengting.
Romanen skildrar hug og medvit meir en hending og handling.
Han er krevjande å lesa, men når han tek, so skjek han.
Her hev me ein smakebite, og eit laglegt punktum for innlegget:
«Oron säger: Bort! Alltid bort!
Vad betyder den, oron? Vart leder den? Driver själen att släppa vad den har, hindrar den att söka ett nytt. Vad är det för en stor leda vid allt man har funnit, vad är det för en stor längtan efter något ingen kan finna, som driver oss att lägga händerna i knät - och förtvivla?
Det hade alltid varit så. Som liten hade hon brustit i gråt, då hon hörde ordet längtan. Ordet var för stärkt, laddat med dödande makt. Talade om det evigt förlorade - det høgsta, det enda, sjunket i djupet en gång i tidens början, ingen vet när. Allt riktigt vackert kunde gripa henne med en sådan hopplös längtans plåga, att hon ibland vaggade med hela kroppen som i värk. Där bortom, där bortom...»
*
fredag 24. juni 2011
fredag 17. juni 2011
s(t)yggdom
Det heiter sjuk og sjukdom.
Det gjer det.
Ikkje seg meg imot.
Sjuk. Og sjukdom.
Men eg toler at folk segjer syk.
Og sykdom.
Det er greidt. Heilt fint.
Eg toler jamvel at folk segjer syg.
Og sygdom.
Sume segjer og skal segja det slik. Det er til å halda ut.
Men det er som å få
tusund kvasse glasbitar
knødde inn i øyro
når statsministeren og andre spjåkspråkarar
jamt og samt masar og mel
om SYGGDOM.
Syggdom.
Det er ein fårleg sott som breider seg. Han kjem ofta i fylgje med «men det er klart at» og «bevissthet rundt» og andre syggdomar.
Tenkt telefonsamtala til sjefen:
«Hei! I dag kan jeg dessverre ikke komme i forhold til jobben, da jeg er sygg.»
God betring.

onsdag 15. juni 2011
friskriving / friflyging
Ein sjeldan gong skriv eg fritt. Då skriv eg slikt som ikkje er fag eller sak; skriv berre fordi det er godt å skriva. Det skal ikkje på prent eller til vurdering. Det er ikkje kunst eller dikting. Eg segjer ikkje at det er bra. Det er berre skriving. Fritt. For meg sjølv, til meg sjølv. Lause skildringar, hugskot.
Men sumt kann fulla andre ha glede av òg. Til dømes hev eg freista skildra kjensla av å flyga på skidor. Ei vonlaus uppgåva. Eg vert aldri nøgd. Men her er siste framlegg. Hoppa, godtfolk, hoppa!
Å vera i lufti. Dei kann ikkje skyna det som ikkje hev kjent det. Eit svev lèt seg ikkje fanga. Det er ei namnlaus kjensla. Ei sansing av noko innvendig. Floget er å kjenna seg sjølv i ingenting, vera full inni det tome. Det er å sansa alt klårare fordi du er lausriven frå det. Det er å stiga upp frå verdi og inn i seg sjølv. Her er alt du. Hugen breider seg, fyller likamen, kjem nær og er sterk. Djupnene i deg opnest, vil vera med.
Tankane er aldri so reine som i svevet, og aldri so raske. For slik er svevet: ei sameining av det som ikkje kann sameinast. Det er ro og ras på same tid, det er å stå still i vill fart, det er å vera mjuk og stram samstundes, det er å styra kvar minste detalj medan du er i det styrlause.
Slik: Du sit mjukt og stilt når kroppen rasar nedetter. Satsen er eit svart hol, heilt burte, pårøyningi er so stor at hovudet koplar ut, du er medvitslaus på kanten, ingen hoppar hugsar satsen, berre likamen hugsar, han kann det, gjer det av seg sjølv, rørsla er støypt inn i musklane. Over kulen er det som du vaknar, seint og mjukt vaknar du, og kjenner at du stig og stig fordi noko ligg under og skyv skidone mot deg, ber deg, og du kann liggja heilt, heilt roleg og berre kjenna.
.

mandag 6. juni 2011
ein klok mann sa:
I siste Bokmagasinet (Klassekampen, 04.06) las eg noko eg ikkje kjem til å gløyma. For der ber den gamle ringreven Harold Bloom fram denne utsegni:
«I litteraturen - som i livet - er innflytelse en sammensatt affære. Innflytelse springer ut av kjærlighet. Vi blir påvirket av noe eller noen vi setter pris på. Men denne innflytelsen kan også framprovosere en slags angst. En urovekkende forventning om at en eller annen person - eller i litteraturen: et annet litterært verk - skal komme til å fylle deg. Det er som om en du er blitt forelsket i, plutselig tar opp all plassen i deg, og du blir sittende og lure: Hvor i all verden skal jeg gjøre av meg selv?»

mandag 30. mai 2011
etymologiske godbitar
Eg sit her og les Jo visst kan du gresk og latin! (2010) av Vibeke Roggen. Det er ei perla av ei bok - les henne! Emnet er stutt sagt ordsoga og utbreidsla åt græske og latinske ord, men det er langt ifrå so turt som de radt trur det er. Etymologi ('læra um det sanne', her: 'det sanne upphavet til ordi') er hugtakande saker, og her skal de sjå nokre døme på vanlege, innlånte ord. Kann henda kjenner de til det, men. Dette er mest som poesi, folkens!
helikopter - av græsk héliks ('noko som snurrar') og pterón ('veng')
juice - innlånt frå engelsk, men upphavleg latin jus ('kraft frå kjøt og frukt'). Og frå fransk hev me lånt det same ordet, men då med onnor form og tyding: sjy.
senat - av latin senátus, av di rådet var ihopsett av gamle karar (senes, jf. lagordavleidingi senílis, 'det som hev å gjera med å vera gamall')
skruppel - av latin scrupulus (liten, kvass stein')
sarkofag - av græsk sarks ('kjøt') og fageín ('eta') = kjøtetar! (Dei nytta eit steinslag som gjorde at likamen kvarv snøgt)
nostalgi - av græsk nóstos ('det å fara attende, fara heim') og álgos ('pina, verk')
Det er meir der det kjem frå!

mandag 16. mai 2011
hennes tunga skriver mjuka melodier
Fordi eg nyleg såg um att den vedunderlege, velspela, smakfulle og umåteleg hugtakande filmen Tipping the velvet (etter romanen av Sarah Waters), og fordi eg samstundes er komi inn i ei Kent-lumma, der eg berre spelar Kent, Kent, Kent og Kent - just som i ungdomsåri - vel, so stakk det meg at ja menn er det mykje tunga i desse Kent-tekstene! («Tipping the velvet» er engelsk 1800-talsslang for noko du gjer med tunga, um de skynjar) Kor som er, eg fekk hug til å samla nokre av tungeversi åt Kent og leggja deim fram her. Alle er ikkje med; berre dei som hugar meg best. So, frå sette- til fyrsteplass:
6. «Som vatten» (frå Kent, 1995) syner at regn og tungor ikkje er so heilt ulike saker:
Regn slickar hela staden
som en fuktig, kall tunga
allt är asfalt, smutsigt vatten
för lycktorna at spegla sig i
5. «Gummiband» (frå B-sidor 95-00, 2000) hev det på tunga:
Och hon stänger sin mun
för att skydda alla orden
hon gömmer dom i tungan en stund
4. «Vintervila» (b-sida frå «Dom andra», 2002) er litt av ei perla:
Hon sjunger kärlekssånger för min hud
Hennes tunga skriver mjuka melodier
på ett ungt bröst där håret börjat växa
först nu
3. So var det «Längesen vi sågs» (frå B-sidor 95-00, 2000). Eg kann ikkje segja anna en at eg elskar det, og at eg fær ei styrlaus trong til å høyra nokon taka namnet mitt i munnen:
Ibland så dör jag litegrann
när du halkar med din tunga
på en bokstav i mitt namn
2. «Kräm (Så nära får ingen gå)» (frå Verkligen, 1996) er rett og slett berre heilt krem, frå ende til annan. Lite kann mæla seg med desse opningslinone: Jag vill ha din ryggrad här / Fäst den i mig. Men so var det denne tunga, då. Haldt dykk fast:
Lägg dig ner i gräset nu
Du är så varm här
Jag vill ha min tunga där
du är, så nära att du blir våt
men så nära får ingen gå ...
1. Vinnaren er, ikkje uventa, «Istället för ljud» (frå Verkligen, 1996). Dette er utan tvil ein av Kent-yndlingane mine. Ja, ein av yndlingssongane mine i det heile, når sant skal segjast. Og dette refrenget er midt i blinken for ein døyeleg forelska, men akk so skaplesbisk, sekstanåring som aldri hev kysst nokon (utanum kysseleik på barneskulen, må vita) og som lengtar grenselaust etter kjærteikn. Fyll min munn og mi tid, vinnarverset talar for seg sjølv:
Fyll min mun med din
Fyll min tid med någonting
Fyll min mun med din
alldeles för kalla tunga
(...og på tunga kjem det slik ein sæl skjelv i røysti hans Jocke Berg)
Elles er det vel teksti frå demoen «Kyss mig som en slägga»[!] (1992-1993) som høver best til Tipping the velvet:
Känner varma dofter av kroppar genom allt tyg
Ögon blå, hon andas rök, min själ, jag tror hon er blyg
Jag nuddar vid ditt bröst, faller på min törst
Hon slår mig med sin röst
Kyss mig hårt (kyss mig)
Kyss mig som en slägga (kyss mig, kyss mig)

mandag 9. mai 2011
náttúra amorsins
Dei gamle - id est: norrøne - skildringane av kjærleik er ikkje stødt måtehaldne, saklege, uromantiske, underdrivne, snaude eller beint fram løynde. Riddarsogor og andre høviske greidor er no éin ting, men stundom sprett det fram slike endelause og målande utgreidingar i sogor som elles er tolleg sparsame med slikt. Det ballar på seg og veks og blømer og tek ingen ende. Det er mest som sagaforteljaren hev opna ei elskhugsslusa. Slik er det til dømes i den etter-klassiske islendingesoga Víglundar saga. Dette er ikkje for veike sjæler:
En þau unnust því heitara með leynligri ást ok fólginni elsku þeim í brjósti þegar í fyrstu, er þau váru uppvaxandi, svá at rætr elskunnar ok uppvöxtr ástarinnar, er aldri varð upprættr ór þeira hjörtum, eptir því sem náttúra er amorsins, at eldr yndisins ok logi elskunnar brennr því heitara ok sækir því meir brjóst ok hjörtu mannanna saman sem fleiri vilja þeim meina ok stærri skorður við settar þeira vandamanna, er áðr hefir ást ok elska saman fallit þeira á millum, sem nú þessara manna, Víglundar ok Ketilríðar, því at þau unnust alla æfi svá heitt, meðan þau lifðu bædi, at hvárki mátti af öðru sjá, þaðan af er þau sáust fyrsta, ef þau skyldu eptir því gera, sem hugir þeira stódu til.
Ei noko upresis hasteumsetjing vert um lag slik:
Men kjærleiken deira vart strakst endå heitare en han var då dei voks upp, med løynlegare åst og gøymd elsk i brjostet, so at elskhugsrøtene og kjærleiksvoksteren aldri vart rivne or hjarto deira. For natturi til kjærleiken er slik at hugnadselden og elskhugslogen brenn di heitare og søkjer di meir brjost og hjarta og driv dei elskande saman, di fleire som vil hindra deim og stikka kjeppar i hjulet for lovnaden deira. Slik er det når det fyrst hev kome åst og elsk imillom folk, som millom Viglund og Kjetilrid, og dei elska kvarandre so høgt all den tidi dei livde at frå den stundi dei fyrst såg einannan, evla ingi av deim sjå på andre, um dei skulde gjera det dei hadde hug til.
Snadder!

Abonner på:
Innlegg (Atom)