Eg heiv meg på trøsykkelen i dag og fór til Jonsvatnet. Gildt! For eit påhitt!
Eg sveiv og dreiv
i steikande solskin
i t-skyrta og stuttbrok
i fint driv.
Gode greidor.
Og mykje fint å sjå langsetter vegen:
- Kvitsymra.
- Ei diger hestruga som nokon hadde stukke hestehov i (sjølvsagt).
- Mange småe, raude hus med kvite karmar. Ei slik liti stova skal eg ha når eg vert stor.
- Eit turkestativ stint med rosa barneklæde.
- Ein bonde som køyrde gjødsl utpå jordet sitt. Måsen totte òg det var gildt.
- Eit gamalt ektepar på tur. Dei var godt påklædde, må vita, medan eg svinsa framum i stuttbroki mi.
- Insekt og andre greidor som flaug i lufti. Dei rende beint inn i hjelmen og kjaken so det small, og ei fluga villa seg inn i munnen. Ho lét livet, diverre. Men for eit vårteikn!
So, no er det tid for rjomegraut med spekt kjøt og øl og so skal eg lesa ut
Finnskogens folk (
Grønoset) og sysla med mitt, som eg plar. Kannhenda drøyma litt um stova eg skal bu i. Og um kona som skal bu der med meg, ikkje minst.